Brev sendt til KUF medio oktober 2000:
FRITAK FRÅ EKSAMEN I SIDEMÅL I VIDAREGÅANDE SKOLE OG OPPTAK TIL LÆRARUTDANNINGA
Oslo bystyre har gjort vedtak om ei forsøksordning om fritak frå skriftleg eksamen i sidemål for utvalde elevar ved vidaregåande skolar i Oslo, og sendt søknad om dette til departementet.
Landsseksjonsstyret i norsk i lærarutdanninga meiner at ei eventuell gjennomføring av eit slikt vedtak vil ha store målpolitiske og utdanningspolitiske verknader. Vi vil derfor be departementet vurdere nøye kva dette får å seie for opptak til og gjennomføring av høgre utdanning generelt og lærarutdanninga spesielt. Momenta kan samanfattast i tre punkt:
Landsseksjonsstyret i norsk meiner at det er viktigare enn nokon gong før å hevde eit nasjonalt perspektiv på opplæringa i språk og kultur. Skolen må i alle fall ikkje gje konsesjon til den stadige nedvurderinga av og framandgjeringa frå språket til ein vesentleg del av det norske folk. Ved å gje fritak frå krav til sidemål vil nettopp det skje. I denne samanhengen ville vi likevel først og fremst peike på dei formelle og praktiske konsekvensane av vedtaket i Oslo bystyre. Samla sett har ei innvilging av ein slik søknad så vide konsekvensar for utdanning og målpolitikk at saka i så fall må vere drøfta og klarert på brei politisk basis.Generelle opptakskrav: Dei generelle krava til norsk ved opptak til høgre utdanning er skriftleg eksamen i hovudmål og sidemål. Kriteria som er gjeldande for fritak frå norsk sidemål ved opptak til høgre utanning, er avgrensa og spesielle. Å gi eit utval Oslo-ungdom fritak frå det generelle hovudkravet på linje med søkjarar med norsk som andrespråk, søkjarar med lese- og skrivevanskar, søkjarar med samisk hovud- eller sidemål osv vil vere oppsiktsvekkjande. Kan i det heile eit utval søkjarar med vanleg norskspråkleg utdanningsbakgrunn og oppvekst gjevast slike fritak utan at ein bryt klart med det som hittil har vore norsk mål- og utdanningspolitikk? Krav i lærarutdanninga: Som kjent er dei to målformene jamstilte i norskfaget i lærarutdanninga, manifestert ved krava til skriftleg eksamen: "Den eine eksamensoppgåva skal skrivast på bokmål, den andre på nynorsk." (Rammeplan – Allmennlærerutdanning s 158) Det er særlege kriterium for studentar som får høve til å velje same målform i begge dei skriftlege prøvene i norsk 1. Desse kriteria samsvarer i stor grad med kriteria for opptak til høgre utdanning. Vi går ut frå at departementet ikkje i neste omgang vil lage unntak for ei spesiell gruppe Oslo-ungdom til lærareksamen. Oslo-ungdom må møte same språkkrav i lærarutdanninga som komande lærarar elles, og dette må då vere moment som veg tungt ved vurderinga av søknaden frå Oslo bystyre. Krav i arbeidsmarknaden: Målformene er jamstilte i lærarutdanninga fordi utdanninga er nasjonal, og fordi arbeidsmarknaden for nye lærarar er heile landet, også t.d. den femteparten som er nynorskkrinsar. Jamstillinga er derfor eit prinsipp ein må halde fast på, og særordningar for eit utval ungdom på forsøksbasis ville også på denne bakgrunn vere særs uheldig.