Ynskjer du å vere med og skape framtidas eldreomsorg? Ein kraftig økning i antal personar over 67 år i Noreg gjer at det i åra framover vil vere eit stort behov for helsearbeidarar med god fagkunnskap innan eldreomsorg.
Dette er årsstudiet som tidlegare heitte "Eldres Helse og sykdom".
Kunnskapsbasert Eldreomsorg er eit erfaringsbasert tverrfagleg årsstudium som har til hensikt å gje geriatrisk kompetanse for personell med bachelorutdanning innan helse- og sosialfag.
Studiet byr på ein rekkje ulike og varierte arbeidsformer. Dei mest sentrale er:
- forelesningar og seminar
- arbeid individuelt og i grupper
- simulering av verkelege situasjonar
- bruk av digitale læringsplattformar som Lync og Fronter.
Dette skal sikre at studentane utvikler dei kunnskapar og ferdigheiter som skal til for å kunne operere kunnskapsbasert i praksis.
Det forutsettast at studentane disponerer eigen bærbar PC og tilgang til internettoppkobling.
Etter å ha fullført denne utdanning vil du kunne jobbe innan heile kommunehelsetenesten:
1) Bu- og institusjonsomsorg, inkludert hjemmebasert omsorg
2) Skjerma einingar for demente, her er det stort behov for spesialistar
3) Oppgåver som demensutgreiing, planlegging av omsorgstilbod m.v.
Du kan også arbeide innan geriatri ved sykehus.
Vi kjem tilbake med detaljar om samlingar, samkjøring, undervisning over videolync og studiestad så snart dette er klart.
|
HiNT tilbyr også videreutdanning i samarbeid med Folkeuniversitetet og Utdanningsdirektoratet (Kompetanse for kvalitet). |
|
Fagområder |
Yrke |
Studiets type
|
Studiested |
Huskeliste![]() |


