Du lærer å bruke naturen som pedagogisk ressurs, og å gi barn og ungdom gode turopplevingar. Turar til fots, på ski, i klatretau og båt gir deg flotte opplevingar og mykje praktisk erfaring. Dette er et annleis studieår før deg som liker å vere ute.
Du lærer korleis du kan ferdast trygt i naturen året rundt, med kano, kajakk, bruksbåt, ski og tau. Du lærer også om friluftsliv som samfunnssak, og korleis friluftsliv kan hjelpe barn og unge til meiningsfull, helsefremmande og spennande aktivitet på skole og i fritida. Reiseliv med fokus på naturopplevingar, samt helseutfordringar i samfunnet gjer friluftsliv til eit tidsaktuelt studium.
Studiet har følgjande innhald:
1. Friluftsliv; Fjell, skog og vatn (fjellvandring, sykling, leirliv, kano på flatt vann og i elv, orientering, naturleikeplassen, førstehjelp, solotur, naturkjennskap) 20 stp
2. Natur, kultur og samfunn (friluftsliv før og no, naturfilosofi, utstyr og reiskap) 10 stp
3. Friluftsliv; Vinter, fjære og sjø (fjellsikring, bygg og bu i snøen, telemarkkjøring, fjellferdsel, klatring, havkajakk, segling og bruk av båt, naturkjennskap) 20 stp
4. Friluftslivspedagogikk (teori og praksis på leirskole og institusjon, Valnesfjord Helsesportssenter) 10 stp
Kunnskap og ferdigheiter gjennom studiet gir deg moglegheit til å ta ulike kurs som våtkort i kano og havkajakk, brattkort, skileikleiar, telemarkinstruktør og livredningsprøve.
Du får praktisk og teoretisk grunnlag for å arbeide i barnhage, grunnskole, vidaregåande skole,leirskole og folkehøgskole, innan forebyggjande helsearbeid og rehabilitering, innan friluftslivsorganisasjonar, innan reiseliv og turisme og innan natur- og friluftslivsforvaltning.
Du kan bruke studiet i en sjølvvald bachelorgrad i friluftsliv, som kvalifiserer for opptak på mastergradsstudier i kroppsøving ved Høgskolen i Nord-Trøndelag.
Studiet kan tas som:
-sjølvstendig årseining
-inngå i ein fagbachelor
-vidareutdanning
-30 studiepoeng kan innpassast i grunnskolelærarutdanningane.
Du vel Høgskolen i Nord-Trøndelag fordi studiestaden i Levanger ligg midt i Noreg med nærleik til skog, sjø, fjell, vann og vassdrag og relativt kort reisetid til våre attraktive naturområde i nord, sør, aust og vest.
Ved oppstart må studenten ha sykkel. Det krevast vanleg utstyr for variert friluftliv før heile året.
Høgskolen i Nord-Trøndelag har hatt tilbod i friluftsliv som eige fagområde i meir enn 20 år.
Spesielle krav til realkompetansesøkjarar:
|
HiNT tilbyr også videreutdanning i samarbeid med Folkeuniversitetet og Utdanningsdirektoratet (Kompetanse for kvalitet). |
|
Fagområder |
Yrke |
Studiets type
|
Studiested |
Huskeliste![]() |


