Geografi, årsstudium

Geografi

Geografi er meir enn byar, land og kart. Det dreier seg om å forstå og bli kjent med verden - samanhengar i naturen, korleis landskapet er danna, korleis menneske lever og påverkar omgjevnader og korleis omgjevnadene påverkar oss.

Om studiet

Studiet er nettbasert med fire samlingar og kan tas både på heil- og deltid. Studiet er derfor perfekt for lærarar i jobb som ønskjer etter- og videreutdanning. Samlingane utgjer ein sentral og viktig del av studiet. I tillegg til undervisning er vi mykje ute i "felt" for å studere naturforhold, landskapstypar, stader og bedrifter.

Geografifaget er tverrfagleg og dreier seg om verdensbiletet - om mangfald, variasjon og samspel, det naturgitte og det menneskeskapte, lokale og globale prosessar på jordoverflata. Du lærer korleis landskapet på jorda blir forma av naturkrefter, korleis ein kan lage og bruke kart, korleis ressursar er fordelt mellom regionar og verdensdelar, om følgjene av globalisering og om miljøkonsekvensar av menneskeleg atferd. Geografi blir kjennetegna ved store kontaktflater til andre fagdisiplinar innan både samfunnsvitskap og naturvitskap. Studiet består av emna: naturgeografi, kartlære, geografiske teoriar og begrep, miljø- og ressursgeografi, og regional utvikling og globalisering.

Dette kan du bli

Geografistudiet set fokus på mange interessante tema og gir mange moglegheiter i val av yrke. Studiet kvalifiserer blant anna til:

- Undervisning i geografi og samfunnslære i vidaregåande skole
- Arbeid innan offentleg forvaltning, planlegging og næringsutvikling, samt privat næringsliv
- Spennande jobbar innan internasjonal bistand og miljøarbeid
- Kartfagleg arbeid (krev fordjupning i Kart/GIS som HiNT tilbyr som nettbasert studium)

Andre opplysninger

Samlinger studieåret 2015/2016:
03.-05. sep. Steinkjer og Snåsa
15.-17. okt. Trondheim og Ørland
14.-16. jan. Trondheim
14.-16. apr. Steinkjer og Flatanger

Alle studenter må betale ein eigenandel på kr 2000,- for å dekke div felleskostnadar. Dette gjeld og om ein berre tek eit emne. Kost og losji kjem i tillegg. Sjå "mer informasjon" om samlingane til høgre.

Årsstudiet i geografi kan inngå som første studieår av ein bachelorgrad i geografi. I tillegg til årsstudiet består bachelorgraden av 80 studiepoeng valgfrie emner, samt 40 studiepoeng geografi fordjupning. Dei valfrie emnene kan være emne avlagt ved HiNT eller ved andre høgskoler og universiteter. Sjølve fordjupninga i geografi består av emna GEO 375 Bachelorgradsoppgave geografi og GEO370 Samfunnsgeografisk forskningsmetode.

Studiet kvalifiserer for mastergradsstudier i geografi eller andre studieretninger ved norske og utenlandske universiteter og høgskolar.

HiNT tilbyr også videreutdanning i samarbeid med Folkeuniversitetet og Utdanningsdirektoratet (Kompetanse for kvalitet).

Fagområder

Yrke

Studiets type

Studiested

Huskeliste

Laster data...
 
Laster data...
Laster data...
Laster data...