|
Høgskolen i Nord-Trøndelag (HiNT) er vertskap for ein nordisk-russisk fagkonferanse om berekraftig bruk og vern av dei store, urørte barskogane i Nordvest-Russland. Konferansen blir heldt i Steinkjer 4. – 8. desember, med Direktoratet for naturforvaltning, Universitetet i Arkhangelsk, Sveriges lantbruksuniversitet og Tampere College som medarrangørar.
- Nordvest-Russland har framleis nokre store område med urørt barskog. Bruken av skogane er under hardt press frå ulike verneinteresser, seier førsteamanuensis Ole Jakob Sørensen ved HINT sitt naturforvaltningsmiljø.
Av Anne Sigrid Haugset
|
URØRT SKOG: I Nordvest Russland finnst det enno store område med urørt barskog, men skogane er under hardt press frå fleire hald.
|
Til konferansen kjem russiske og norske forvaltere og forskarar med skog og naturforvaltning som arbeidsområde. I lag skal dei forsøke å finne vegar å gå slik at det biologiske mangfaldet og særpreget til skogen kan bevarast, samstundes som ein tek omsyn til lokale næringsvegar og busetjing.
Ta vare på taigaen
- Dei store russiske barskogane, som og vert kalla taigaen, er under stort press frå mange hald. Skogsindustrien er ein viktig næringsveg i Russland, og områda med urørt skog krympar år for år, fortel Ole Jakob Sørensen.
Høgskolen i Nord-Trøndelag har allereie eit utstrakt samarbeid med universitetet i Arkhangelsk på skog- og naturforvaltningssida. Studentar frå Russland kjem til HINT for å utdanne seg, og HiNT sine folk har hjelpt til med å få i gang naturbasert reiseliv i regionen. Konferansen The Nordic-Russian Forest Conference i desember er ei naturleg fortsetjing av dette samarbeidet.
Berekraftig næring
- Undervegs i konferansen vil vi ta opp tema som statusen til og trugslar mot dei siste intakte skogane i Nordvest-Russland, betydninga av å ta vare på det biologiske mangfaldet i desse skogane og korleis ein likevel kan drive næringsverksemd her på ein berekraftig måte, held Sørensen fram.
Konferansen har eit budsjett som gjer det mogleg å betale reise- og konferansekostnadene for inviterte russiske gjestar. Konferansen får engelsk som hovedspråk, men det vert og tolka til russisk. Frå HiNT sit Ole Jakob Sørensen og Tor Kristian Spidsø i program- og vitskapskomiteen.
Workshop i Lierne
- No har vi invitert fagfolk til å melde seg på med foredrag om ulike deltema. Nokre spesielt inviterte gjester får og vere med på ein workshop i Lierne i etterkant av sjølve konferansen, seier Ole Jakob Sørensen.
|