|
Kommunalminister Åslaug Haga møtte leiinga ved Høgskolen i Nord-Trøndelag (HiNT) i Steinkjer før helga, og avduka eit skilt med kortnamnet på det nye Kompetansesenteret for distriktsutvikling. Senteret skal kallast Distriktssenteret til kvardags, og Haga held døra på gløtt for at senteret kan bli lagt til HiNT sine lokale i Steinkjer.
– Vi har allereie sett i gang utreiing av areala våre, for å sjå kvar vi kan få plass til Distriktssenteret, seier ein glad og optimistisk høgskoledirektør Torunn Austheim.
Av Anne Sigrid Haugset
|
NYTT NAMN: Kommunalminister Åslaug Haga avduka eit skilt i biblioteket til HINT, der kortnamnet på det nye senteret står skrive.
|
Fulgt av ein hale med pressefolk, politikarar og politiske rådgjevarar kom kommunalminister Åslaug Haga til Høgskolen i Nord-Trøndelag i Steinkjer på fredag. Saka gjaldt plassering av det nye Kompetansesenteret for distriktsutvikling, som skal delast i tre senter i Steinkjer, Sogndal og Alstahaug.
Distriktssenteret
Skiltet med namnet Distriktssenteret og både Steinkjer kommune sin logo og emblemet til Staten på heng no i biblioteket ved HiNT i Steinkjer. Det er ikkje endeleg bestemt at senteret skal inn i lokala til Høgskolen, men både statsråden og statssekretær Bjørn Arild Gram snakka varmt om HiNT si rolle i Distriktssenteret.
– Høgskolen er veldig viktig i planane for kompetansesenteret. Ved å leggje senteret nært opp til Høgskolen ønskjer vi få få til eit miljø som både er sterkt fagleg, jordnært og praktisk, sa Åslaug Haga då ho avduka skiltet.
Sterkare fagmiljø
Både rektor Knut Arne Hovdal og høgskoledirektør Torunn Austheim ønskjer sterkt å huse Distriktssenteret, og gjerne og leiinga for det samla Kompetansesenteret for distriktsutvikling. For HiNT i Steinkjer sin del betyr det at dei samla fagmiljøa vert større og sterkare på mange felt.
– Vi skal finne plass for Distriktssenteret, og vi har allereie begynt å sjå på areala våre her på studiestaden i Steinkjer. Snart kjem og Trøndelag forsking og utvikling hit, og vi skal greie å få plass til alle, seier Torunn Austheim.
Ei vaktbikkje
Innhaldet i det nye senteret er ikkje ferdig planlagt enno. Men Åslaug Haga hadde svar til journalistane som spurte om kva Distriktssenteret i Steinkjer skal gjere:
– Dei ti tilsette i senteret skal hjelpe alle dei rundt om i landet som arbeider for å utvikle lokalsamfunnet sitt, og dei skal vere ei vaktbikkje som passar på at Regjeringa held kursen i distriktsspørsmål, understreka Haga.
Ho vil ikkje ut med kvar leiinga for Distriktssenteret skal plasserast, men oppmodar miljøet rundt senteret i Steinkjer til å leite etter gode leiarar som kan tenkje seg å halde taumane for heile Kompetansesenteret for distriktsutvikling.
– Om Steinkjer kjem med drivande dyktige leiarkandidatar, har de ein god sjanse til å få toppleiinga for senteret hit, seier Haga.
|