|
Aud Moe, Anita Berg og Anne Wally Ryan har fått tilbod om doktorgradsstipendiat ved Høgskolen i Nord-Trøndelag. Bård Aune får tilbod om fast tilsetjing som høgskolelektor i trafikk, i tillegg til at det er gjort fleire midlertidige tilsetjingar.
Av Anne Sigrid Haugset
|
NY JOBB: Anita Berg er ei av dei tre damene som no har fått tilbod om stipendiatstillingar i HiNT.
|
Forskarstaben ved Høgskolen i Nord-Trøndelag blir styrka med tre nye doktorgradsstipendiatar. Desse fireårige stipendiatstillingane er lagt opp slik at forskaren nyttar 75 prosent av tida til forsking og 25 prosent til anna fagleg arbeid som til dømes undervisning. Dei tre som får tilbod om kvar si stipendiatstilling er:
Stipendiatar
• Høgskolelektor Aud Moe ved Avdeling for helsefag, arbeidsstad Levanger. Moe har fått stipendiat innan fagfeltet sjukepleievitskap, med eldreomsorg som tema.
• Høgskolelektor Anita Berg ved Avdeling for helsefag, arbeidsstad Namsos har fått tilbod om stipendiat i tverrfagleg rehabilitering. Berg er knytt til fagmiljøet i vernepleie.
• Høgskolelektor Anne Wally Ryan ved Avdeling for landbruk og informasjonsteknologi, Steinkjer, har fått tilbod om stipendiat innan naturbasert reiseliv. Ryan er knytt til fagmiljøet i geografi.
Trafikklektor
Bård Aune har fått tilbod om fast tilsetjing som høgskolelektor i trafikk ved Avdeling for trafikklærarutdanning.
Vikarar og midlertidige tilsette
Det er og tilsett ein del personar i vikariat og midlertidige stillingar:
• Odil Sætertrø er tilsett i 100 prosent stilling som høgskolelærar i sjukepleiefag i Namsos, som vikar for Trine Frydenlund.
• Victor Valderaune er tilsett i 65 prosent stilling som høgskolelærar i sjukepleiefag i Namsos, som vikar for Eva Fiskum.
• Monica Finnanger er tilsett som høgskolelærar i sjukepleiefag i Namsos, som vikar for fleire.
• Stein Otto Bjørkeng er tilsett som høgskolelektor i geografi i Steinkjer i eitt år. Vikariatet er for Anne Wally Ryan.
• Bente Ytterstad er tilsett midlertidig i 75 prosent stilling som førstelektor i kunst- og handverksfag i Levanger.
• Grethe Friedrich er tilsett midlertidig i 50 prosent stilling som høgskolelektor i samfunnsfag i Levanger.
• Dag Skjevik er midlertidig tilsett i 40 prosent stilling som høgskolelektor i musikk knytt til teaterutdanninga i Verdal.
• Bjørg Reitan er tilsett i vikariat som høgskolelærer i trafikk i Stjørdal, som vikar for Eva Dalland.
|