|
Multimedieteknologistudentane ved Høgkolen i Nord-Trøndelag (HiNT) skal produsere og direktesende storhendinga Technoport Awards som webfjernsyn for både NRK og Adressa. Høgskolen sine folk kjem til å vere svært så synlege under heile Technoport-festivalen, som startar i Trondheim i morgon.
- Dette er eit stort og gjevt oppdrag for oss, og andreårsstudentane har faktisk Technoport som ei av sine obligatoriske produksjonar, seier førstelektor Håvard Sørli.
Av Anne Sigrid Haugset
|
LIVE TV: Håvard Sørli (til venstre) og Trond Olav Skjevik frå HiNT tar med seg studentane for å bidra på Technoport i år og. Biletet er frå 2005.
|
Teknologimønstringa Technoport finn stad i Trondheim 17.- 20.oktober. Under festivalen blir ny teknologi presentert for folk på ein lett tilgjengeleg måte. Onsdag kveld skal det delast ut nokre av Norges gjevaste teknologiprisar.
- Technoport Awards er eit av hovudarrangementa under festivalen, og vi synest det er utruleg artig å få vere dei som produserer webfjernsynssendingane herifrå, seier Håvard Sørli.
Show i Olavshallen
Technoport Awards er eit to timar langt show i Olavshallen, der prisane blir delt ut. Det krevst eit stor apparat for å sende direkte frå eit slikt arrangement, og studentane som skal gjere jobben under produsent og faglærar Gunnar Uglem kjem frå både andre og tredje studieår på studiet i multimedieteknologi.
Dei studentane som går på andre studieår har Technoport som ein del av undervisninga. Erfaring frå direktesending frå eit slikt storarrangement er gull verd for studentane. Dei samarbeider med både arrangøren av festivalen og med Adressa.
Produserer for ”Katta”
- Lørdag produserer vi dessutan sendingar for NRK-programma Schrødingers katt og Newton. Dei stiller med sine eigne programleiarar, medan vi har det heile og fulle tekniske ansvaret for sendinga, fortel Sørli.
Høgskolen nyttar og høvet til å vise dei som kjem til Trondheim Spektrum og utstillingane på Technoport korleis studentane jobber. Ein stor stand er bestilt, og den skal Høgskolen i Nord-Trøndelag dele med NRK.
Stand og regirom
- Dette blir regirommet for sendingene vi har fra Technoport. På den måten kan publikum både se hvordan programmene lages, og det ferdige resultatet på storskjermer, forteller Håvard Sørli.
|