Natur- og kulturminneoppsyn, årsstudium

Natur- og kulturminneoppsyn

Har du lyst til å arbeide med naturoppsyn? Da må du gripe denne sjansen til å lære meir om natur- og kulturminne! Studiet er samlingsbasert, og kan derfor fint kombinerast med jobb.

Om studiet

Årsstudiet i natur- og kulturminneoppsyn gir ei praktisk og teoretisk utdanning som gjer deg kvalifisert for å gjennomføre oppsyn innan natur- og kulturminneområda. Studiet kan inngå som ein del av utdanninga, til dømes i ein bachelorgrad, for studentar med interesse for natur- og kulturminnefag og friluftsliv. Studiet passar òg godt for deg med tidligare universitets- eller høgskulebakgrunn. Om du ikkje ønsker eit årsstudium kan du ta deler av studiet, til dømes basiskurset i naturoppsyn på 15 studiepoeng, eller utvalde enkeltemne.

Undervisninga blir gjennomført med fire intensiv-samlingar i løpet av eit studieår; to i haustsemesteret og to i vårsemesteret. Desse er lagt til lokalane til HiNT i Steinkjer. For studieåret 2015/2016 er samlingane planlagt til følgjande datoar:

Samling 1. 24. august - 4. september 2015
Samling 2: 13. - 22. oktober 2015
Samling 3: 7. - 16. mars 2016
Samling 4: 23. mai - 2. juni 2016

Dette kan du bli

Studiet gir faglig bakgrunn for bl.a.

- informasjon og rettleiing innan naturområde og kulturminne
- natur- og kulturminneoppsyn, inkl. planlegging, kontroll og rapportering
- naturovervaking, registrering og dokumentasjon
- skjøtsel av naturområda og kulturminna

Utdanninga gir òg grunnlag for ein eventuell tildeling av avgrensa politimyndighet.

Andre opplysninger

Som student ved årsstudiet i natur- og kulturminneoppsyn blir du kjend med ein rekke medstudentar med ulik fagleg og geografisk bakgrunn. Dette gir grunnlag for eit spennande læringsmiljø.

Her er nokre nyheitssaker som er knytt til naturoppsynsstudiet ved HiNT:
Ta kontroll over egen utdanning
Eksterne forelesere
Praksis i utdanningen
Studentene fikk nærkontakt med bjørn
Studer naturveiledning

Ønsker du å kombinere studiet med fuglekjennskap?
Dei siste åra har nokre av våre studentar kombinert årsstudiet i natur- og kulturminneoppsyn med Fuglekjennskap som òg er et samlingsbasert studium. Samlingane er lagt opp slik at desse to studiane kan kombinerast.

Livet utanom sjølve studiet:
I og med at naturoppsynsstudiet er samlingsbasert, vil dei fleste studentane reise heim mellom samlingane. Vi vil likevel anbefale deg å nytte dei mogligheitene som finnes kring Steinkjer i for- eller etterkant av samlingane.

Her er det korte avstandar frå fjorden i vest, til grensefjella i aust. Vi anbefaler våre studentar eit besøk i Blåfjella-Skjækerfjella nasjonalpark som ligg nokre mil aust for studiestaden i Steinkjer. Det er gratis fiske med stang og oter i over 60 fiskevann på Steinkjer Kommuneskoger sin eiendom. Dei tilbyr òg rimeleg hytteutleie. Som student i Steinkjer har du mange moglegheiter, òg utom sjølve studiet!

HiNT tilbyr også videreutdanning i samarbeid med Folkeuniversitetet og Utdanningsdirektoratet (Kompetanse for kvalitet).

Fagområder

Yrke

Studiets type

Studiested

Huskeliste

Laster data...
 
Laster data...
Laster data...
Laster data...