Samfunnsfag, årsstudium

Samfunnsfag

Samfunnsfag årsstudium er eit studium som er lagt til rette for den som ønskjer å undervise i samfunnsfag, men kan også eigne seg for andre som ønskjer eit samfunnsfag i fagkrinsen.

Om studiet

Det er eit hovedsiktemål for studiet å gjere studentane betre i stand til å undervise i samfunnsfag. Studiet tar utgangspunkt i dei tre faga som utgjer samfunnsfag i grunnskolen: Historie, geografi og samfunnskunnskap. Undervisninga er likevel til ein viss grad organisert på tvers av desse fagskilla ut frå ulike tema og fokusområde.

Vi vil arbeide for at studentene etter gjennomført studium skal ha ei betre forståing av det samfunnet dei er en del av, både på lokalt, nasjonalt og internasjonalt plan. Tema som er vald, spenner derfor heilt frå den lokale geografien og oppvekst i nærmiljøet, til dei store internasjonale konfliktane og miljøutfordringane.

Like viktig som val av undervisningstema er val av arbeidsmetodar og erfaring med ulike arbeidsmåtar. Vi legg stor vekt på å variere måten å arbeide på, gjennom muntleg aktivitet, arbeid med oppgåver, bruk av nærmiljøet, arbeid med kjelder og bruk av IKT-hjelpemiddel.

Det meste av undervisninga vil vere konsentrert til samlingar, fire om hausten og fire om våren. Det er og tilbud om undervisning over Skype (Internett). Den siste samlinga på våren er ein internasjonal studietur til Berlin.

Dette kan du bli

Årsstudiet i samfunnsfag gir undervisningskompetanse i grunnskolen og i andre skoleslag.

Årsstudiet i samfunnsfag kan tas som:
- fjerde studieår i grunnskolelærarutdanningane.
- Sjølvstendig årseining som kan innpassast i grunnskolelærarutdanningane.
Utdanninga kan også inngå i ein sjølvvald bachelorgrad eller brukast som vidareutdanning.

Andre opplysninger

Spesielle krav til realkompetansesøkjarar:


  • Fylt 25 år
  • Bør ha relevant vidaregåande utdanning
  • Bør ha relevant praksis


Studieeininga går over eit år og blir organisert i to delar, Samfunnsfag 1 (haust) og Samfunnsfag 2 (vår). Samfunnsfag 1 har hovudsakleg lokalt og nasjonalt fokus, medan Samfunnsfag 2 fokuserer på internasjonale forhold og globale utfordringar.

Samlingane hausten 2015 er i veke 34, 38 (Røros), 45 og 48. Alle samlingane er frå måndag til onsdag. Med atterhald om endringar.

Oppstart i veke 34: måndag 17. august kl. 10.00.
HiNT, Røstad: Rom 223 i gamle hovedbygg.

Kontaktinformasjon:
Trygve Wicklund Skavhaug,
Trygve.Skavhaug@hint.no,
74022739/95759508

HiNT tilbyr også videreutdanning i samarbeid med Folkeuniversitetet og Utdanningsdirektoratet (Kompetanse for kvalitet).

Fagområder

Yrke

Studiets type

Studiested

Huskeliste

Laster data...
 
Laster data...
Laster data...
Laster data...