Vernepleie, bachelorgradsstudium

Vernepleie

Har du lyst til å vere med og hjelpe menneske til å leve sine liv på eigne premissar? Vernepleiarar jobbar for at menneske med funksjonsnedsetting skal meistre dagleglivets gjeremål best mogleg.

Se video

Om studiet

Gjennom praktiske og teoretiske studiar utdanner du deg til å gi menneske med ulike hjelpebehov fagleg forsvarleg omsorg og veiledning.

Utdanninga ved HiNT har fokus på kultur, aktivitet og folkehelse for alle. Gjennom emne som helsefag, psykologi, stats- og kommunalkunnskap og pedagogikk blir du kvalifisert til å utføre miljøarbeid, habiliterings- og rehabiliteringsarbeid.

Du lærer og om tilrettelegging for funksjonshemma, konfliktløysing, læring og utvikling.

Praksis utgjer ein tredel av studiet, og du skal gjennom tre periodar med ulike tema. Målet er å tilby alle dei studentane som ønsker det ein praksisperiode i utlandet. Utdanninga har samarbeid med Augsburg College, USA, med eit 6 månaders studie. Her får du både teori og praksis.

Vi tilbyr også alternative praksisplassar, der studentene saman med oppdragsgjevar har ansvaret for ulike tilbod - f.eks. kulturopplevingar og -aktivitet, viktige satsningsområdar for utdanninga.

Her får du tett oppfølging undervegs i studiet, med vekt på arbeid i grupper og rettleiing både individuelt og gruppevis.

Dette kan du bli

Arbeidsgjevaren til vernepleiarar er i hovudsak offentleg verksemd anten i kommunen eller i spesialisthelsetenesta.

Arbeidsfeltet er mangfaldeg. Som vernepleiar skal du vere med å leggje til rette brukarens kvardag anten den er i eigen heim, i kommunal omsorgsbustad, arbeidsplass, barnehage eller skule. Derfor er alle desse stadane også aktuelle arbeidsplassar.

Vernepleiaren jobbar i hovudsak for menneske med fysiske, psykiske og sosiale funksjonsnedsettingar.

Utdanningen leiar fram til offentleg godkjenning som vernepleiar.

Andre opplysninger

DELTIDSUTDANNING I VERNEPLEIE
Det planleggast oppstart av nytt deltidskull i vernepleie høsten 2016.

PC OG TILBEHØR
Det føresetjast at studentane disponerer eigen bærbar PC. Ved behov for digital kommunikasjon i studiet, inngår webkamera og hovudtelefonar som del av standard utstyr. Studentane må sjølv dekke kostnadar til dette. Sjå gjeldande kravspesifikasjonar under "IT-tjenester" på HiNT sine nettsidar.

KOSTNADAR TIL EKSKURSJONAR, STUDIETUR OG AKTIVITETAR
Sjå gjeldande studieplan.

I samband med praksisstudiar må studentane påreikne ekstra utgiftar.

Bachelorgrad i vernepleie gir mange moglegheiter til å ta videreutdanningar og ulike mastergradsstudiar.

Det krevast godkjend politiattest frå alle som skal starte på vernepleiarstudiet. Innleveringsfrist er studiestart. Attesten skal være ikkje vere eldre enn tre månedar gamal i det den leverast inn.

Informasjon fra Folkehelseinstituttet til nye studenter:

Vaksinasjon mot tuberkulose (BCG-vaksine):
Tuberkulose er en bakteriesykdom som smitter med luftsmitte. Det er lite tuberkulose i Norge i dag, og det gis derfor ikke rutinemessig BCG-vaksine til norske barn i barnevaksinasjonsprogrammet. Under praksis og klinisk undervisning ved en rekke helsefaglige utdanninger kan studenter ha økt risiko for å smittes med tuberkulose. Studenter ved disse utdanningene bør derfor være vaksinert mot tuberkulose.
Hvis du ikke har fått BCG-vaksine tidligere, kan du kontakte kommunehelsetjenesten eller legekontor på ditt hjemsted og be om BCG-vaksinasjon. Etter vaksinasjon vil du få en vaksinasjonsattest som du må ta med ved studiestart.


Video

Laster...

HiNT tilbyr også videreutdanning i samarbeid med Folkeuniversitetet og Utdanningsdirektoratet (Kompetanse for kvalitet).

Fagområder

Yrke

Studiets type

Studiested

Huskeliste

Laster data...
 
Laster data...
Laster data...
Laster data...