Rådgjevarar på skulebenken

Rund 90 rådgjevarar har vore på HiO på rådgjevardagen.
Studieseksjonen inviterte til den årlege Rådgjevardagen som sidan 1994 har samla rådgjevarar både frå ungdomsskular og vidaregåande skular i Oslo og Akershus, folkehøgskular, vaksenopplæring, NAV, Unginfo-kontor og private karrieresentra.
Utdanningar for samfunnet
Etter at prorektor Unni Knutstad hadde ønska velkommen, kunne dekan Judy Kokkinn frå Avdeling for samfunnsfag innleie dagen under temaet ”Utdanninger for samfunnet – fra barnevern til økonomi og administrasjon”
– Vi er en avdeling med mangfold: fra næringslivsperspektiv på den ene siden - til de svakeste av de svake - barn som er i risiko - på den annen. Alle utdanninger er opptatt av samfunnsbygging, av individuell og samfunnsmessig vekst. Organisasjons- og ledelsesperspektivet er det som binder fagene sammen – enten det er konkurransedyktighet i det private næringsliv, eller bærekraft i offentlige etater, sa Kokkinn.
Studentane Anette Helberg og Hanne Magnell frå bachelorstudiet i offentlig styring viste korleis dette studiet kunne leggje grunnlag for mange yrkesretningar både i offentleg og privat sektor. Rådgjevarane fekk også høyre høgskulelektor Elisabeth Grønning fortelje korleis barnevern bruker aktivitetsfag som fjellklatring, foto, gipsmasker og dokketeater i undervisninga.
Ingeniørliv
Studieleiar Bjørn Engebretsen tok rådgjevarane med til Avdeling IU, der dei fekk innsikt i korleis avdelingane arbeider for å tilby fagleg oppdaterte studier gjennom forsking og tett kontakt med næringslivet. Leiar for studentrådet Sam Zarabi kunne fortelje om ei rekkje frivillige studentgrupper innan alt frå fotball og dykking til film og band.

Seniorrådgiver i Studieseksjonen Oddvar Kværnhaug understreka at rådgjevarane er ei sentral målgruppe for HiO.
Sikin Jynge og Torild Olufsen frå karrieresenteret ved HiO møtte rådgjevarane under vignetten ”Karriereveiledning – hvordan vise vei til evig lykke”.
– Karriereveiledning handler om å skape trygghet. Vi må kunne det vi driver med, men være i stand til å improvisere. Vi mener at det er studenten selv som er den mest kompetente i valg av utdanning og yrke, sier Sikin Jynge.
Vidareformidlarar
Som rådgjevar er det viktig å vere oppdatert på reglane for opptak og poengrekning. Informasjon om dette har difor alltid vore ein fast post på Rådgjevardagen.
– Det er krevende å holde innlegg for rådgiverne. De er aktive tilhørere. De stiller mange spørsmål underveis, til dels ganske detaljerte, slik at det er nødvendig å forberede seg godt til å holde dette innlegget, sier seniorrådgiver i Studieseksjonen, Oddvar Kværnhaug.
Han understreker at rådgjevarane er ei sentral målgruppe for HiO. Dei speler ei stor rolle i rettleiinga av elevane.
– Rådgiverne deltar i diskusjonen rundt valg av studier sammen med elevene, og mange av rådgiverne er aktive i sin rådgiveroppgave. Valg av riktig studium er vesentlig, og det er nødvendig at søkerne får god informasjon om hva de går til. Da må vi på forhånd sørge for at rådgiverne er godt informert om Høgskolen i Oslo, sier Kværnhaug
Neste år blir to nye avdelingar presentert på Rådgjevardagen som sammen med Åpen dag 8. mars og utdanningsmessene er ei viktig brikke i rekrutteringsarbeidet til HiO. Onsdag 7. februar er HiO på plass på Jobb- og utdanningsmessa på Lillestrøm.
[Tekst: Ingvild Straume Mørland og foto: Anita Klinbajl]




