Norsk

i allmennlærarutdanninga

Språk er grunnleggjande for tenking, forståing, oppleving og kommunikasjon. Dette gjer norskfaget til eit sentralt fag i skole og lærarutdanning. Norsk er eit kunnskaps- og danningsfag, eit estetisk fag og eit reiskapsfag. Kunnskap om språk og tekstar, fagdidaktisk refleksjon og eit fleirkulturelt perspektiv er viktige dimensjonar i faget.

Formålet med norskfaget er å gi studentane høve til å utvikle eit fagleg og didaktisk grunnlag for tilpassa norskopplæring i grunnskolen.

Student_1

Studiet byggjer på dei nye utfordringane norsklæraren møter med nye læreplanar for grunnskolen, Kunnskapsløftet. Studiet er eit vekselspel mellom teoretisk kunnskap, praksiserfaring, studentane sitt eige arbeid med språk og tekstar og didaktisk refleksjon.

”Norskfaget etablerer seg i spenningsfeltet mellom det historiske og det samtidige, det nasjonale og det globale. Å se norsk språk og kultur i et historisk og nasjonalt perspektiv kan gi elevene innsikt i og forståelse for det samfunnet de er en del av. Internasjonale perspektiver i norskfaget kan bidra til å utvikle kulturforståelse, toleranse og respekt for mennesker fra andre kulturer.” Kunnskapsløftet (2006)