International public health - IPH - ny tverrfagleg internasjonal modul i folkehelsearbeid ved HF
"Stretch your knowledge Make a difference" seier brosjyra, og prosjektkoordinator Jorid Grimeland meiner utsegnet beskriv kjerna i modulen godt:"Folkehelsearbeid er eit ansvar for alle uansett utdanning. Det bør vera alles ansvar - felles for alle nivå og sektorar. I dette arbeidet meiner eg at vi i avdelinga har vore med på å gje folkehelsearbeidet eit løft."
Arbeidsspråk og arbeidsform
Undervisnings- og arbeidsspråk er engelsk, både skriftleg og muntleg, både fordi mange internasjonale og nasjonale verksemder nytter engelsk som arbeidsspråk, og fordi dette er det dominerande språket innan forsking.
Arbeidsformen er ressursforelesingar og gruppearbeid. Prosjektarbeid er viktig, og studentane skal planleggje, gjennomføre og rapportere eit lite prosjekt.
Prosjektet kan vera forarbeid til ei bacheloroppgåve.
International Public Health avdelingsovergripande?
Målgruppa i første omgang er eigne studentar. Modulen vert óg tilboden til studentar i bachelorprogram frå andre universitet og høgskolar i inn- og utland
Andre kan ta modulen som ei vidareutdanning, om dei har 120 studiepoeng frå universitet eller høgskole.
Det er 40 studieplassar for studentar i bachelorprogram utanfor HFog 40 for personar som tek modulen som vidareutdanning
HF har vendt seg til Avdeling LU, SAM og SU med tibod om at denne modulen kan tas som ein valfri modul i bachelorutdanningane på desse avdelingane.





