Aktivitet eller pleie - kva med alle nittiåringane?
Samstemte forskarar
Astrid Bergland og Birgitta Langhammer er begge markante personar innanfor fagmiljøet på fysioterapi. Vidareutdanning i fysioterapi for eldre er eitt av deira fellesprosjekt. Det er så til dei grader felles at dei konsekvent snakka i kor då dei ønskte velkomen til den nye vidareutdanninga denne veka, og introduserte talarane.

Astrid Bergland, Nina Bugge Rigault og Birgitta Langhammer
Einaste spesialiserte vidareutdanninga i landet
Studieleiar Nina Bugge Rigault var først ute med gode ønskje for den einaste spesialiserte vidareutdanninga i landet innanfor dette fagfeltet . Ho takka Norsk fysioterapeutforbund ved Fondet for etter og videreutdanning for fysioterapeuter, for finansiering av dette første kullet. Historikken går 18 år tilbake, og endeleg er studiet ein realitet. Det var mange søkjarar til dette første kullet .
Utan fagmiljøet på fysioterapeututdanninga med Astrid Bergland og Birgitta Langhammer i spissen, ville ikkje dette studiet vore mogleg. Astrid Bergland har teke doktorgraden på fall hos eldre, og er blenkjande nyslått professor. Birgitta Langhammer skal disputera om opptrening av slagpasientar nå i november. .
Eldrebølgja
Vi vert eldre - eldrebølgja har vi visst om i eit halvthundre år. Vi vert fleire gamle og vi lever også mykje lenger enn før. Dette er ei utfordring i heile Europa
Studentane ved dette studiet vil vera med på å auka kompetansen innanfor geriatri og gerontologi, og vil bidra til at det skjer utvikling og endring innanfor helsetenesta for eldre.
Sjukdom aukar med høg alder og mange aldersrelaterte sjukdomsgrupper har god nytte av fysioterapi. Den offentlege debatten fokuserer mykje på pleie, medan nyare forsking syner at fysisk aktivitet og fysisk form spelar ei avgjerande rolle for funksjonsevnene langt inn
i al

Ein engasjert Harry Martin Svabø
derdommen.
Alderisme
Harry Martin Svabø var nestemann på golvet. Han er tidlegare leiar av Seniorsaken, og har også bakgrunn frå helsevesen og organisasjonsliv. Han såg eit stort behov for denne typen spesialiserte fysioterapeutar. Han var oppteken av kunnskap, men han la også vekt på haldningar, at studentane må sjå dei eldre som genuine individ.
Alderisme er diskriminering av eldre. Arbeid med eldre gir ikkje status, eldre vert usynlege i samfunnet. Eldre vert sett på som ei einsarta gruppe, sjølv om det er enorme individuelle forskjellar.
Mange vert inaktive etter at arbeidslivet er over. Inaktiviteten kan føra til tap av sjølvkjensle, einsemd, depresjon og dermed dårleg helse.
Svabø kravde retten for alle til å vera aktive på alle område i livet uansett alder. Og han ønskte studentane lukke til med å vera med på å skapa eit aktiviserande samfunn.
Intiativ frå fagmiljøet
Frode Forland divisjonsdirektør frå Sosial- og helsedirektoratet, meinte dette studiet var kome for

Divisjonsdirektør Frode Forland
å bli. Studiet har vakse ut av fagmiljøet utan insentiv frå direktoratet og burde bli til stor
inspirasjon også for dei tverrfaglege utdanningane. Studentane skal dekkje og avdekkje behov hos dei eldre.
Han drog fram stortingsmelding 25 Omsorgsmeldinga, og peikte på at aktiv omsorg var det beste. Folk over 67 år bruker nå nesten 50 % av sengekapasiteten i sjukehusa. Det er viktig at brukarane vert spurde, og at ein legg større vekt på førebyggjande og helsefremmande arbeid . Samfunnsperspektivet må vera med, og ein bør streba etter ei rettferdig fordeling av tenestene innanfor kommunal sektor, nå er det store forskjellar.
Studiet
Fysioterapi for eldre er ei vidareutdanning ved Avdeling for helsefag. Den gir 30 studiepoeng og er delvis nettbasert.
[Tekst og foto: Idun Stokka]




