Samarbeidslæring – på tvers av profesjonsgrenser

Studentane med sin poster, ”Prof’s Across”: Linda Sandaker, Berit Lenngren og Kari Henriette S. Breilid.
Tre studentar og fire lærarar frå Avdeling for samfunnsfag (SAM) og Avdeling for sykepleierutdanning (SU) representerte HiO-nettverket om tverrprofesjonell utdanning for tverrprofesjonelt samarbeid ved den fjerde ”All together Better Health”-konferansen i Stockholm 2.-5. juni.
Konferansen samla ca. 480 deltakarar frå heile verda, av desse var 120 frå Canada, som er det landet som ligg lengst framme når det gjeld både utdanning for og etablering av teamarbeid i helse- og sosialsektoren. Der er teamarbeid lovpålagt og med tilsvarande pålegg om førebuing til teamarbeid innan utdanning for helse- og sosialarbeid. Det same gjeld i Storbritannia. Forskning og utviklingsarbeidet frå desse landa er mangfaldig.
Samhandling og samarbeid
Også i Norge har vi sentrale føringar for å vektleggje samarbeid i helse- og sosialsektoren. Dei siste tiåra har alle offentlege dokument understreka samhandling og samarbeid som sentrale kjenneteikn på arbeidet i sektoren, og rammeplanane for helse- og sosialfag innan høgskoleutdanningane har sidan 1995 hatt ein felles innhaldsdel som nettopp har dette som siktemål: å styrkje det felles grunnlaget og samarbeidskompetansen gjennom å gje ei felles referanseramme. Rammeplanane har blitt tolka ulikt på dette punktet, og i kva grad det reelt sett har blitt fokusert på samarbeidslæring, varierer.
Bakgrunnen for fokus på tverrprofesjonelt samarbeid innan helse- og sosialfagutdanningane kan førast attende til WHOs rapport om ”Learning together to work together” frå 1988, med professor Nils Areskog frå Linkøping som pådrivar. Det er venta at WHO i januar 2009 kjem med ein ny resolusjon om tverrprofesjonell utdanning og tverrprofesjonelt samarbeid.
FoU-nettverk
Ved HiO er det i dag eit FoU-nettverk med 12-14 deltakarar som alle arbeider med ulike prosjekt innan tverrprofesjonell utdanning for tverrprofesjonelt samarbeid. Dette nettverket står også bak etableringa av eit nasjonalt FoU-prosjekt om kartlegging av situasjonen i Norge i dag når det gjeld korleis helse- og sosialfagutdanningane førebur sine studentar til tverrprofesjonelt samarbeid, og med utprøving og evaluering av gode modellar for samarbeidslæring.
Dette prosjektet, CAB-prosjektet (Collaboration Across Professional Boundaries), er eit aksjonsretta nettverks- og samarbeidsprosjekt mellom 11 utdanningsinstitusjonar: høgskolane i Bergen, Oslo, Stord/Haugesund, Sør-Trøndelag, Trondheim, Tromsø, Østfold og Ålesund, Diakonhjemmets høgskole i Rogaland og dei medisinske fakulteta ved Universitetet i Oslo og NTNU.
Prosjektet er forankra ved HiO, Pedagogisk utviklingssenter, med førsteamanuensis Gerd Bjørke som prosjektleiar, og med 12 prosjektdeltakarar frå dei involverte utdanningsinstitusjonane. Ei internasjonal rådgjevingsgruppa støttar opp om prosjektet, med ekspertise på det fremste innan ”interprofessional education” og ”interprofessional collaboration” på verdsbasis. Stockholm var i år arena for møte mellom prosjektgruppa og ekspertgruppa.
Opplegg på tvers
HiO-nettverket har det siste året hatt eit stort engasjement med etablering av pilotprosjekt for å prøve ut opplegg på tvers av avdelingane for helsefag (HF), SAM og SU. Eit ti-talls grupper med studentar frå minst tre ulike utdanningar har arbeidd saman med case, for å lære om kvarandre sine kompetanseområder, andre grupper har hatt observasjonspraksis i praksisfeltet som felles utgangspunkt.
Entusiasmen hjå dei studentane som deltok i dette var stor, og utsegner som ”dette må vi ha meir av” gjekk att. Tre av studentane frå desse pilotprosjekta var med på Stockholm-konferansen, og hadde sin eigen poster. Å kome inn i det aktive forskingsmiljøet omkring tverrprofesjonell utdanning var interessant og lærerikt for studentane, så vel som for lærarane og prosjektdeltakarane. Nye band og kontaktar til forskingsmiljø i ulike land vart knytta.
![]() CAB-prosjektet, med sin poster: ”IPE in undergraduate education: Norway as a case study”, med f.v. Synnøve Hofseth Almås, HiÅ, Elisabeth Haugland, HiB, Ragnhild Nilsen, HiTØ og Gerd Bjørke, HiO. |
![]() HiO-nettverket sin poster, ”Professionality = Interprofessionality”, med f.v. Brit Næss-Andresen, Aud Schumacher, Ann Englund og Vigdis Madsen. |
[Gerd Bjørke]






