Hjem / Aktuelt / Vedlegg / Får produsert eigne jeans og jakke

Får produsert eigne jeans og jakke

Tre norske klesprodusentar utlyste ein designkonkurranse før jul. To av vinnarane er HiO-studentar. No skal antrekka dei teikna settast i produksjon.

Konkurransen kom i stand gjennom Farmhouse as, som fleire norske klesprodusentar står bak. På Farmhouses internettsider kjem det fram at det mangler eit samlingspunkt og ein paraply der unga designarar får hjelp til å produsere og distribuere sine idear. Det er meininga at konseptet Farmhouse, som ligg i Stryn, skal bli eit slikt samlingspunkt.

Kjende merker

Første steg var konkurransen i haust, der kjende merker som Ricco Vero, Skogstad Sport og Moods of Norway ba om forslag til alt frå belter, jeans og sportstøy. 200 forslag kom inn frå designstudentar. Og to HiO-studentar kapra førsteplass: Anna Ramberg for ein jakke som no skal produserast av Skogstad Sport, og Silje Nesdal for eit par jeans som no skal produserast av Ricco Vero.

– Planen min var ikkje å delta, men etterkvart som eg fekk tiltru til mine eigne teikningar, valde eg å delta. Eg var heldig som vann ein av kategoriane. Premien min var 5000 kr, og 31. januar vil prototypen av denne buksa stillast ut ved Designdagane i Stryn. Seinare vil buksa bli produsert og seld med min signatur, fortel ei smilande Silje, som til sommaren er ferdig med bachelorgraden i produktdesign ved Avdeling for estetiske fag.

Viktig for eiga utvikling

– Eg deltok i konkurransen fordi eg syns det er givande å jobbe med noko som kan bli verkeleggjord og settast i ein funksjonell samanheng.

Jeans skisser

Smale jeans med høgt liv og 70-tallssleng vart ein vinnar. Skissane er under stadig bearbeiding både av student Silje Nesdal og produsenten Ricco Vero. Farmhouse as er konseptet som står bak konkurransen. 200 forslag kom inn hausten 2006. Dei dekka alt fra belte, jeans, tights, jakke m.v.

Eg meiner at det er viktig å delta i slike konkurransar for si eiga utvikling, då du får tilbakemelding og samtidig skapar dine eigne erfaringar. Er du så heldig å bli plukka ut som vinner, kan du skaffe deg viktige kontaktar, og i hele tatt få ein sjanse til å profilere nettopp ditt design og dine idear, seier den andre vinnaren, Anne Ramberg.

Jakka ho har teikna har eit røft, sportsleg uttrykk. No skal også den utviklast vidare.

Eg ser fram til eit samarbeid med Skogstad, der vi kan bli einige om forbetringar og idear på produktet som kan gjere det salgbart i forhald til marknad. Målet er jo sjølvsagt at produktet skal kome opp til produksjon. Vi har allerede hatt eit møte for å gjere nokon nye skisser saman, fortel Anna, som er andreårsstudent.

Silje Nesdal

Silje Nesdal får sitt eige navn på jeansene som først skal visast fram på Stryn 31. januar.

Skisse av sportsjakke

Skogstad Sport ville ha forslag på ytterklede, og vinnarutkastet vart denne jakka.

Anna Ramberg

Og her er den lykkelege vinnaren av sportstøykonkurransen, Anna Ramberg.

Og kva skjer no?

– Fremtidsplanane er endå ikkje heilt klare, men eg ønskjer å ta med meg det kreative vidare, jobbe med idéskaping og produktutvikling hadde vært snadder. Ønsker ein noko sterkt nok, får man det til, seier Anna.

[ Hege Fagerheim ]

Si din mening!

Leserkommentarer til artikkelen