Hjem / Aktuelt / Vedlegg / «Hvor stor er tabbekvoten for Språkrådet og direktøren?»

«Hvor stor er tabbekvoten for Språkrådet og direktøren?»

Slik ordlegg førsteamanuensis Margareth Sandvik seg i Klassekampen den 23. mars. Det må ho ha lov til. Me er forresten ikkje blant dei som hevdar å vera feilfrie. Men ei svært alvorleg mistyding i resonnementet hennar må eg retta opp.

Sandvik påstår at Språkrådet ikkje tek seg av det språklege mangfaldet i landet vårt. Det finst i dag minst 120 ulike morsmål her i landet. Sandvik skriv: «Språkrådet skal ikke bare arbeide for kulturarven – bokmål, nynorsk og norske dialekter. Det skal også arbeide for samisk og somali.» Då må eg på vegner av Språkrådet seia tydeleg frå om at ho har misforstått, og det temmeleg grunnleggjande. Samane har sitt eige språkråd, som logisk nok ikkje eingong er norsk, men nordisk. Samisk språknemnd har representantar frå Noreg, Sverige og Finland. Det skulle ta seg ut om Språkrådet tok til å blanda seg opp i samisk språkpolitikk.

Somali og dei andre nye minoritetsspråka er heller ikkje Språkrådets arbeidsfelt. At me bryr oss, er ei anna sak. Språkrådet har fleire gonger uttalt at alle må få høve til å læra morsmålet sitt skikkeleg. Det er språkleg verdidebatt. Utover det er minoritetsspråka langt bortanfor det Språkrådet har ressursar eller kompetanse til. For å ikkje snakka om at det ville vera eit alvorleg brot på vedtektene om me byrja å arbeida såkalla operativt med slike spørsmål. Språkrådets syn er elles at det bør gjerast ei grundig utgreiing om heile saka, og at ein på det grunnlaget bestemmer korleis ansvaret for vårt nye språklege mangfald skal handterast av styresmaktene.

Språkrådets arbeidsinnsats skal – etter vedtektene – konsentrerast om norskens bruk og posisjon i det norske samfunnet. Det er så menn oppgåve stor nok. At Språkrådet «tabber seg ut» og «lever i sin egen verden» av den grunn, er lause påstandar. Vårt ansvar ligg i dag til det norskspråklege. Men dette kan bli endra, dersom Stortinget bestemmer det. Då må i så fall staben i Språkrådet byggjast ut med ny kompetanse. For det er ikkje vanskeleg å følgja Sandviks ønske og tanke, at «Språkrådet skal være et språkråd for folk som bor i Norge og som snakker de språkene som det snakkes i Norge». Det er berre det at då snakkar Sandvik om eit anna organ enn det som er Språkrådet i dag.

Så ein detalj, men sidan detaljen gjeld meg personleg, må det vera tillate å kommentera. Sandvik skriv: «Deretter fikk vi 21. februar, den internasjonale morsmålsdagen etablert av UNESCO i 1999 med mål om å fremme respekt for det kulturelle mangfoldet og flerspråklig undervisning. Og hva svarer Lomheim på Dagsavisens spørsmål om hva Språkrådet tenker i sakens anledning? ’Morsdag?’ spør Lomheim. ’Var ikke det i forrige uke, da?’»

(Dagsavisens tekst har eg verken lese eller godkjent; det kan vera ein spøk …)

Dei fleste tolkar truleg Sandvik slik at ho meiner Lomheim ikkje har peiling, eller at han ikkje interesserer seg for den internasjonale morsmålsdagen. Kva er fakta? Den 20. februar i år hadde Språkrådet ein fagkonferanse der statsråd Trond Giske heldt hovudtalen. Eg trekte i innleiinga mi fram den internasjonale morsmålsdagen – at det er ein dag me må gjera meir ut av her i landet. (Klassekampens journalist sat i salen og bør kunna stadfesta dette.)

Sandviks insinuering verkar ganske uforståeleg. Er ho tilhengjar av mottoet «never check a good story»?

Sylfest Lomheim

direktør