Høgskule eller universitet? Dei komplekse utfordringane og dei enkle svara
Den medievridde utdanningsdebatten
Vi har hatt valkamp og val – og omkamp i regjeringa om utdanningspolitikken. Alle vil satsa på utdanning og forsking, men ut frå uavklårte og ulike kunnskaps- og forskingsomgrep. På eit tabloid presisjonsnivå vert vi inviterte til å ta del i holmgang om skule og utdanning og vi får såkalla evalueringar frå eit uthengande og innringande TV-publikum. I dette pseudodeltakar-demokratiet har innsiktsfull argumentasjon dårlege kår. Det finst betre utgangspunkt for debatt om innhaldet i utdanningane enn den tabloidiserte, den som går ut på å vinna debatten.
Universitetsdrifta
Ved høgskulane er det mange som arbeider for å bli universitet, utan debatt om skilnaden mellom dei to institusjonstypane, og utan ein grunnleggande fagdebatt. Universitetsstrevet kan dermed føra til at høgskulane sine særeigne interesser og oppgåver, så vel som røktinga av innhaldet og opplegga i dei einskilde utdanningane, fell i bakgrunnen. Utan ein fagkritisk debatt er faren stor for at utdanningane blir ein større marknad (enn den alt er) for meriterande utanfråforsking. Forskingsgjenstanden, t.d. fagutviklingsarbeidet og utdanningskulturen, kan då bli ein rådatamarknad for eksterne forskarsubjekt, der primærpersonane blir reduserte til rådataleverandørar og objekt for forskaren. Konsekvensane av denne forskinga kan vera at den skaper meir problem og gjer situasjonen vanskelegare for dei som lever i den situasjonen forskarane forlet saman med «sine» innsamla data. Det finst forsking som einsidig nærer seg av andres innsats.
Parasitær forsking
Ved å overlate forskinga om eiga verksemd til andre, går vi glipp av mykje læring. Dette betyr ikkje ei avvising av all utanfråforsking. Også utanfråforskinga kan bidra med kunnskap for dei det vert forska på. Men også ved denne type forsking må vi etterspørja kva type kunnskap forskinga opparbeider, kva haldningar den genererer, kva interesser den fremjer - og kva interesser og behov den ikkje ivaretar. Mykje av den meriterande utanfråforskinga er parasittær av vesen. Alternativet eg argumenterer for, er utdanningsforsking som er ein integrert del av den primære utdanningsverksemda.
Spørsmålet
Universitetsdebatten har lett for å bli ein debatt om posisjonering i ressurskampen, om prestisje, makt og strategiar – som nok er viktig, men sekundert i høve til innhaldet i utdanningane. Derfor er det på sin plass å minna om at høgskulane si primære oppgåve er å utdanna gode, teknisk-praktisk flinke og moralsk handlingsdyktige, samfunnsreflekterte profesjonsutøvarar.
Det er stor skilnad mellom å vinna debatten og å vinna innsikt.
Sjølvsagt høyrer forsking og utviklingsarbeid med. Spørsmålet er ikkje for eller i mot forsking ved høgskolane, men kva type forsking det er viktig å satsa på, korleis den bør organiserast og kven som bør forska for at kvaliteten ved primærverksemda skal bli best mogleg.
Utfordringa
For dei ansvarlege for utdannings- og undervisningskunsten, er m.a. utfordringa:
Korleis løfta
dei som skal løfta
dei som skal bli løfta
av kompetanseløftet.
Utfordringa er også å få løfta politikarne og media sin utdannings- og læringskunnskap.
Kunnskapsløftet, ein semantisk bløff?
Undervisningsminister Hernes snekra fundamentet. Utdanningane si oppgåve var å få mest mogleg kompetanse ut av folket. Då Trond Giske var undervisningsminister vart omgrepet kunnskapsløftet skapt. Bondevikregjeringa overtok omgrepet og med dette som over-omgrep let han siviløkonomen Kristin Clemet fylle omgrepet med innhald. Ho for fram som ein blå tornado i utdanningslandskapet: Einskapsskulen og lærarane som nasjonens ansvar var gamaldags. Skulen vart supplert med eit privatskule-frislepp og meir rapportskriving og evaluering i form av utanfråstyrt resultatkontroll, målingar og samanlikningar. Og nye insentiv eller trynetillegg. Meir konkurranse skulle inn, og lærarane ut – til kommunane og KS (Kommunanes Sentralforbund). Lærarane skulle bli funksjonærar, som andre kommunearbeidarar. Vedtaket vart hasta gjennom, trass i løfte om det motsette: Bondevik snakka mot bedre vitande, Clemet sveik og Helga Hjetland gråt – i sinne over å ha blitt lurt. Listig strategi, utdanningspolitikk på sitt verste. Og 40 000 lærarar gjekk ut i gatene i protest. Og ved høgskulane, deltok vi i debatten?
Utvikling utanfrå eller innanfrå
Kunnskapsløftet har løfta fram eit innsnevra kunnskapsomgrep. Det er det målbare i faga, i dei fem søylene: lesing, skriving, framandspråk, matematikk og it, som er blitt viktigast. Heilt frå første skuleår. Evaluering er redusert til primært å dreie seg om telling og sammanlikning. Dei praktisk-estetiske faga har kome i bakleksa, skulens overordna mål, gagns menneske, også. Meir utdanning – mindre daning. Med eit bilete: ein elev/student er som ei rose i knopp. Skal denne knoppen hjelpast til å bløme ved å bli vikla ut, eller skal den få hjelp til å utvikle seg ved å bli tilført næring og gode rammevilkår? – Utvikling utenfrå og ovanfrå eller innanfrå og nedanfrå?
Motstridande tenkemåtar
Eit bilete av den utbreidde utanfrå-tenkemåten om utdanning, og om tilstanden i utdanningsinstitusjonane, kan vi også få ved å sjå kva det vert satsa på, vi kan fylgja ressursstraumen. ”Vi treng sterke leiarar”, seiest det frå utdanningane si utside. I mange kommunar betyr det at BI og eksterne rådgivarar har fått ein stor og ny marknad. Lærarane skal få sterkare sjefar. Grunnen var førebudt: Lærerråda er avvikla og rektor er ikkje lenger læringas primas og lærarane sin fremste representant, men administrasjonens, kommunens og rådmannens lojale underorda kontrollør.
Marknadsstyrt byråkratisk ekspansjon
Det føregår i dag, i mange utdanningsinstitusjonar, ei rå omskolering frå pedagogisk leiarskap til kontrollerande sjeferi. Omlegginga får næring frå den ekstreme utanfråstyringa frå kapitalen si høgborg; frå OECD sine marknadsorienterte PISA-undersøkingar og frå den tabloide debatten. Kunnskap vert redusert til det som kan målast. Kunnskapsomgrepet og læringsforståinga snevrast inn. Den ”nye giv” frå Soria Moria er, så langt, blitt fanga inn av den Clemetske utdanningsrevolusjonen. Og resultatet: læringas primærpersonar, dei som har det elev- og studentnære ansvaret for læringa, føler seg svikta, av regjeringa. Djupedal vart syndebukken – trass i at han stoppa privatiseringa.
Ei alternativ utvikling
Grav der du står … eller … ikkje over bekken etter vatn, er gode råd for den som ønsker å bidra til utviklinga av eit betre samfunn. Frå min utsiktspost som tilsett i høgskulen, meiner eg det er mi – og vår felles oppgåve å bidra til både å klarleggje tenkjemåtar og å bidra til å endre ressursstraumen og den påpeikte skeivutviklinga. Vi må vise at det finst konkrete alternativ til den fragmenterande utanfrå- og ovanfråstyringa, ikkje minst til den naive evalueringsentusiasmen. Eit konkret forslag er å plassera hovudansvaret for det faglege utviklingsarbeidet hos primærpersonane, hos lærarkollektivet, hos dei som har det studentnære undervisingsansvaret og det praktiske ansvaret for å organisera innhaldet i opplæringa. Det er dei som har det direkte ansvaret for å løfta studentane sitt kunnskapsnivå. Dette er ikkje eit ansvar som utdanningsinstitusjonane vil bli gitt. Det er eit ansvar utdanningsinstitusjonane må ta attende.
Nye kunnskapsministrar – ny kurs og ny giv?
Dette dreier seg om å ta utdanningane sitt samfunnsgitte mandat på alvor. Og her kan utdanningsministrane hjelpa til slik at primærpersonane og læringskollektivet får konsentrera seg om å praktisera og å vidareutvikla utdanningskunsten. Det vil bety ei kursendring; frå utanfrå- og ovanfråstyrt fagutvikling og til fagutvikling driven av dei som kjenner faget frå innsida. Ei slik kursendring vil bety at hovudansvaret for å klargjere utdanninganene si tenkjing og rasjonalitet blir plassert hos dei som har det konkrete utdanningsansvaret.
Skal vi nå få hjelp til dette? Får vi ein ny giv frå kunnskapsministrane?
er aktuell også med boka:
UTDANNINGS- OG UNDERVISNINGSKUNSTEN
i akademiseringas om marknadstilpassingas epoke.
Eit bidrag til debatten om høgskolens sjølvforståing og utviklingsretning.
Oplandske bokforlag 2007




