StudData - Prosjektpresentasjon

Prosjektleder:

Professor Lars Inge Terum

Prosjektmedarbeidere:

Professor Arne Mastekaasa , Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, UiO

Seniorforsker Per Olaf Aamodt , NIFU STEP

Postdoc. stipendiat Jens-Christian Smeby , HiO/SPS

Seniorrådgiver/koordinator Vigdis Berger , HiO/SPS

Prosjektperiode:

2000 - 2012

Prosjektet er finansiert av Norges forskningsråd og Høgskolen i Oslo.

Prosjektbeskrivelse:

Profesjonalisering er et av dei mest karakteristiske kjennetekna ved framveksten av det moderne samfunn. Samfunnet i dag er vanskeleg å forstå om vi ikkje har kunnskap om den rolle profesjonar som t.d. legar, sjukepleiarar, ingeniørar, lærerar og sosionomar spelar. Gjennom arbeidet sitt medverkar profesjonane til å identifisere og definere problem, og til å peike på korleis dei kan løysast. Dei set normer og standarder på mange områder, - ofte basert på implisitte førestillingar om kva som er normalt, sundt og godt. På denne måten påverkar dei ikkje berre livet til den enkelte, men og sjøve meiningsdanninga i samfunnet.

Kvalifiseringa til desse yrka skjer gjennom høgre utdanning. Studieplassar har vore eit knapt gode, og ei viktig drivkraft bak konkurransen om studieplassar har vore ønsket om å kvalifisere seg til bestemte yrke og arbeidsoppgåver. Ungdom låner store summar for å studere, og fellesskapet brukar store summar på å drifte høgskolane - alt ut frå tanken om at desse utdanningane er viktige for framtidig yrkesutøving. Samstundes finst lite systematisk kunnskap om samanhengen mellom rekruttering til desse yrka, utdanningssosialisering og yrkesutøving.

StudData er ein database som skal gje grunnlag for panel- og forløpsstudiar. Det er ei større og langsiktig satsning som omfattar alle profesjonsutdanningane ved Høgskolen i Oslo, og utvalde utdanningar ved ti  andre høgskolar og universitet.

 

Oppdatert: 12. mars 2007
Redigert av: Cathrine Magelssen