|
Fellestjenesten
Saksbehandler: Jo Ese |
Søkjartala til grunnutdanningar ved universitet og høgskular 2008 er no offentleggjorde. På landsbasis har ca. 92 500 personar søkt om opptak til høgare utdanning gjennom samordna opptak, om lag like mange som søkte høgare utdanning i 2007.
1798 søkjarar har ei grunnutdanning ved Høgskolen i Østfold som sin høgste prioritet i årets opptak. Dette er ein liten nedgang sidan 2007, men høgskulen noterer likevel nok eit år der ein over tid har forholdsvis stabil søkjartilgang om vi samanliknar oss med andre høgskular. På trass av den vesle nedgangen er dei totale søkjartala jamt over gode, ca. 50 % høgare enn talet på studieplassar vi tilbyr. Sjå også vedlagte tabell.
Søkinga til allmennlærar hadde ein kraftig nedgang på landsbasis i fjorårets opptak. Også i år går søkinga til allmennlærar ned nasjonalt, men Høgskolen i Østfold kan notere auka interesse for læraryrket. Også interessa for førskulelærarutdanning går opp i Østfold, med fleire søkjarar enn i fjor. Vidareutdanningane for lærarar har også høgare søkjartal enn i fjor.
Språkfaga ved HiØ noterer oppgang i søkjartala, og vi ser auka interesse for IT-utdanningar utan krav om realfagleg fordjuping frå vidaregåande skule.
Sjølv om søkjartala til helse- og sosialfaglege utdanningar går ned for tredje året på rad, vil det også i år vere størst konkurranse om desse studieplassane.
Hovudopptaket i Samordna opptak gjennomførast 20. juli, det vil seie at alle som har søkt innan fristen 15. april vil få svar rett etter dette. Sjølv om ein ikkje har søkt innan fristen kan det enno vere gode mogelegheiter for å skaffe seg ein studieplass ved Høgskulen i Østfold til hausten gjennom restetorget som opnar etter hovudopptaket. Her kan ein finne studium som har ledige plassar og raskt melde seg på gjennom å ta kontakt direkte med høgskulen.
Dei lokale opptaka - oppgang i søking til masterutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning.
I dei lokale opptaka ved høgskulen, i hovudsak masterutdanningar, vidareutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning, er det i alt registrert 981 søkjarar, ein oppgang på nesten 200 sidan 2007. Størst konkurranse om studieplass blir det til masterutdanningane i organisasjon og ledelse og spesialpedagogikk, til praktisk-pedagogisk utdanning og til videreutdanning i psykisk helsearbeid.
Kontakt oss gjerne for meir informasjon eller kommentarar:
Rektor Elin Nesje Vestli Tlf: 950 29 337
Høgskoledirektør Birgitta Næss Tlf. 975 87 569
Fung. opptaksleiar Jo Ese Tlf. 970 39 899
|
Utdanning |
Primærsøkjarar |
Endring frå 2007[2] |
Studieplassar |
|
Ingeniør, bygg |
49[3] |
-4 |
40 |
|
Ingeniør, elektro |
26[3] |
+5 |
20 |
|
Ingeniør, maskin |
20[3] |
Nytt |
10 |
|
Ingeniør, industriell design |
11[3] |
-9 |
25 |
|
Teknologisk innovasjon/entreprenørskap |
9 |
-12 |
20 |
|
Sum ingeniørutdanning |
115 |
-7 |
115 |
|
Sykepleie |
277 |
-32 |
120 |
|
Vernepleie |
107 |
+22[4] |
70 |
|
Barnevernspedagog |
117 |
-18 |
35 |
|
Sosialt arbeid (sosionom) |
118 |
-14 |
42 |
|
Bioingeniør |
36 |
-4 |
40 |
|
Sum helse- og sosialfagutdanning |
655 |
-131 |
307 |
|
Allmennlærerutdanning |
135 |
+8 |
85 |
|
Førskolelærerutdanning heltid |
101 |
+12 |
110 |
|
Førskolelærerutdanning deltid |
53 |
+6 |
30 |
|
Årsstudier (fagstudier) |
225 |
+22 |
140 |
|
Sum lærarutdanning |
514 |
+49 |
365 |
|
Økonomi/administrasjon |
105 |
+2 |
80 |
|
Revisjon |
47 |
-2 |
40 |
|
Samfunn, språk og kultur (SSK) |
27 |
+5 |
25 |
|
Årsstudier i språk og statsvitenskap |
141 |
+65 |
100 |
|
Internasjonal kommunikasjon |
24 |
-5 |
40 |
|
Sum økonomi, samfunn og språk |
344 |
+42 |
285 |
|
Ingeniør, data |
23[3] |
-8 |
20 |
|
Digital medieproduksjon |
72 |
+21 |
40 |
|
Informatikk |
28 |
-1 |
20 |
|
IT-ledelse og informasjonssystemer |
36 |
+13 |
30 |
|
Årsstudium i informatikk |
7 |
-5 |
15 |
|
Sum informasjonsteknologi |
166 |
+20 |
125 |
|
Sum grunnutdanningar |
1798 |
-23 |
1197 |
Meir informasjon om årets søkjartal i samordna opptak kan ein finne på www.samordnaopptak.no.
Tabell 2: Oversikt over søkjartal til master- og videreutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning
|
Studium |
Primærsøkjarar |
Endring frå |
|
Organisasjon og ledelse, master |
154 |
+76 |
|
Informatikk, master |
14 |
+1 |
|
Spesialpedagogikk, master |
130 |
Ikkje opptak 07 |
|
Psykisk helsearbeid, videreutd. |
97 |
+38 |
|
Rusproblematikk 1, videreutd. |
20 |
Ikkje opptak 07 |
|
Helse- og sosialadm, videreutd. |
46 |
+17 |
|
Dualproblematikk, videreutd. |
22 |
+7 |
|
Lindrende behandling og omsorg, videreutd. |
36 |
Nytt |
|
Praktisk-pedagogisk utdanning |
335 |
+40 |
|
30-studiepoengsenheter i lærerutdanningen |
189 |
-8 |
|
Påbyggingsstudier i samfunn, språk, kultur |
24 |
-10 |
|
Sum masterutdanning, vidareutdanning og PPU |
1067
|
+273 |
[1] Primærsøkjarar er
talet på søkjarar som har dette studiet øvst på si prioriteringsliste i
samordna opptak.
[2] Talet viser endring i
høve til det tilsvarande søkjartalet som var registrert til studiet på same
tidspunkt i fjor.
[3] I tillegg kjem
søkjarar gjennom eige lokalt opptak til tresemesterordning, med søknadsfrist
15. mai.
[4] I fjor var det
oppgang til Vernepleier deltid. Difor blir oppgangen i år ikkje samanliknbar
med året før.