Førde er med sine 11.000 innbyggjarar fylkessenteret i Sogn og Fjordane. Sjukepleie- og ingeniørstudentane plussar på innbyggjartalet med vel 500. Høgskulen held til i nytt bygg på Vie.
Studentsamfunneti Førde er aktivt som aldri før. I nybygget på Vie er det studentkro, og studentsamfunnet står også bak mange andre aktivitetar.
Studentane i Førde har gjennom medlemskap i Studentsamfunnet tilgang til storstova i Førde, Førdehuset. Dette er kulturhuset i Førde, som rommar idrettshall, symjehall, teater, kino og bibliotek m.m. Førde har elles eit aktivt idrettsmiljø med størst fokus på volleyball og fotball.
Den storslegne naturen i og rundt Førde gjer det spennande og utfordrande å ta seg fram til fjells og til skogs, sommar som vinter. Etter ti minutt i bil er du framme ved dei fleste turområda og skitrekka. Eller, etter ein halvtime kan du vere ved havet.
Sist endra av: Berit Amundsen, 27. september 2006 09:26:35
Publisert av: Berit Amundsen, 11. april 2006 08:20:31