| Føremålet med modulen 304 Dataverktøy og statistikk er å gi ei grunnleggjande innføring i kvantitative metodar (statistikk) og bruk av standard programverktøy, som rekneark og databasar, i historisk forsking. Teknikkane som skal drillast inn er grunnleggjande for all informasjonsbehandling: søking, avgrensing (utval), spørjing (analyse) og dataregistrering. |
Snarvegar: ->Pensum ->Vekeplan ->Veke 8 ->Veke 9 ->Veke 10 Obligatorisk øvingsoppgåve ->Veke 11 ->Veke 12 |
|
Modulen krev grunnleggjande kunnskap og ferdigheiter i kontorstøtteprogramvare (MS-Office pakken). Kjennskap til eitt eller fleire av programvareverktøya i MS-Office pakken (t.d. MS-Word, MS-Excel) er ein føresetnad for å starte på denne modulen. Modulen er ikkje ei generell innføring i bruk av kontorstøtteprogramvare, men bruk av slik programvare i historisk forsking. Modulen føreset òg kjennskap Internett generelt og til MiSide spesielt. Vekeoppdrag skal leverast som Word-filer i MiSide. Kurset tek sikte på at ein skal lære eit sett av teknikkar. Men under teknikkane ligg omfattande teori, metode og datamodellar som tilhøyrer faget informatikk. Både innafor historisk og samfunnsvitskapleg forsking er teknikkane og verktøya omdiskturerte. Men modulen har ikkje som siktemål å diskutere bruken av datamodellar eller teknikkar. Siktemålet er primært å lære teknikkane. Men pensumlitteraturen har referansar til litteratur som i langt større grad tek opp problem kring bruk av datateknikkar i historiefaget. Men gjennom innføringa av teknikkane er det eit klart læremål at ein får forståing for teknikkane sine avgrensingar. |
Hovudbøkene på pensum er:
|
Modulen er organisert som eit sjølvstudium. Men for at du sjølv skal kunne kontrollere både læring og progresjon har vi lagt opp til at du bør levere enkle vekeoppdrag i KARK. Utgangspunktet for desse oppgåvene er eit historisk kjeldemateriale og ein teknikk som skal lærast. Besvarelsen vil i nokre tilfelle vere ein kort tekst (beskrivande) gjerne med tabellar/figurar på kring 1-2 sider og andre gonger saman med eit rekneark eller ein databasefil. Svara på vekeoppdraga saman med evt. rekneark- og database-filer skal leggjast inn i MiSide/Kark-innlevering. Gjennom semesteret er det også lagt opp til tre seminar der ein vil diskutere løysinga av vekeoppdraga. Dersom du vil nytte andre datamaskinar enn dei i Dokkeveien, sjekk at datamaskinar du vil bruke støttar systemkrava |
|
Vekeoppdrag
Modulen er bygt opp kring tolv vekeoppdrag med stigande vanskegrad. Vekeoppdraga krinsar kring dei fire basale teknikkane nemnd innleiingsvis og tek utgangspunkt i kjeldemateriale som er tilgjengeleg i Digtalarkivet Vekeoppdraga er ikkje obligatoriske.
Eksamen
Eksamen er munleg. Øvingsoppgåva blir i vårsemesteret utlevert i midten av april, og kring 1. november i haustsemesteret. Øvingsoppgåva må vere godkjend før ein kan ta eksamen.
Kommentar til denne sida. |