Innføring i bruk av databasar

Innhald

  1. Lage ny database, import av framande data
  2. Stille forespurnader
  3. Lage skjema for registering av opplysningar
  4. Frå kjelde til tabell. Korleis lage ein ny tabell
  5. Kjelder og litteratur


Øvingsoppgåve 1: Lage ny database, import av data.

Utlevert kjelde: Kopi av folketeljinga 1875 for rode 5-1 (adresse)

I denne øvingsoppgåva skal vi lage ein database der vi importerer registerte data frå to kjelder. Dei to kjeldene er folketeljingane i 1865 for Bergen og 1875 for Bergen, rode (adresse) 4 og 5, dvs. delar av Nordnes. Databaseprogrammet vi skal bruke heiter Microsoft Access for Windows95 (versjon 7.0).

Korleis importere data

Du skal no lage ein database med to tabellar, ein tabell for kvar av kjeldene.
  1. Start opp Microsoft Access for Windows95 (Start, Programmer, MS Access)
  2. Lag ny database med namnet Nordnes ved å
    1. Vel "File", "New Database" og "Blank Database"
    2. Skriv Nordnes i boksen for "File Name" og trykk på "Create"-knappen

    3. Du har no laga ein ny, tom database med namnet Nordnes
    4. Du får no opp det som blir kalla databasevindauget. Dette vindauget vil syne innhaldet i databasen, med tabellar (Tables), forespurnader (Queries), registeringsskjema (Forms) og utskrifter (reports). Korta Macro og Modules vil ikkje bli brukt her. Du skal no leggje inn data i databasen ved å importere ei ferdig registrert datakjelde.
  3. Importer data
    1. Trykk på "New"-knappen  i databasevindauget. Pass på at kortet Tables er aktivt.
    2. Vel "Import Table" i vegvisaren (Wizard) og trykk OK
    Du må no finne katalogen der dataene er. Gå derfor til "Look In" og finn mappa Andre maskiner\Fusa\del-data
    1. Dei datafilene du skal importere er i DBASE-filer, eit framand dataformat. Vel difor DBASE IV i boksen "Files of type".
    2. Du skal no kunne velje mellom fleire datafiler. Vel R45-1875, og trykk på Import-knappen.

    3. Etter 10-15 sekund skal du få melding om at importen var vellukka.
    4. Importer også datafila R45-1865. Når begge filene er importert, vel Close og steng importvindauget
  4. Nytt problem! Postane frå den framande datafila er i feil rekkjefølgje. I dette tilfellet kan du løyse problemet ved å definere ein primærnøkkel for tabellen. Primærnøkkel for r45-1875 er feltet RECNO.
    1. Stå i databasevindauget, uthev tabellen (r45-1875) og trykk på Design-knappen
    2. Uthev linja som som har "Field Name" lik RECNO
    3. Trykk på nøkkelknappen  på menylinja. Framfor recno-feltet skal det no dukke opp eit nøkkel-ikon
    4. Trykk på lagre-knappen (Disk). Tabellen skal no vere sortert etter primærnøkkelen (RECNO).
    5. Definer RECNO som primærnøkkel for tabellen r45-1865
    Når du har sett feltet recno som primærnøkkel vil postane i tabellane vere sortert slik som i folketeljinga. Feltet recno er eit løpenr og er ein unik identifikasjon av kvar person i databasen.
  5. Repitisjonsspørsmål. Kva er ein database, ein tabell og ein post/record? Kva er ein primærnøkkel og kva funksjon har den?

Korleis bla i ein tabell

  1. Bla i dataarket
    1. Stå i Databasevindauget. Uthev tabellen du vil arbeide med (R45-1875). Dobbelklikk eller trykk Open

    2. Tabellen er no i dataark-modus (Liknar på eit EXCEL rekneark)
    3. Du kan no bla i tabellen med piltastane eller med "scroll-bar". Bla deg fram til personane som har adresse, dvs. rode og rodenr lik 5-1

Er edb-versjonen av folketeljinga 1875 kjeldetru?

Relevant pensum: Gunnar Thorvaldsen, Håndbok ...., s. 15-18 og Kapittel 3.
Utlevert materiale: Kopi av folketeljinga 1875 for Bergen rode 5-1 (adresse). Utval av folketeljinga 1875 rode 4 og 5.
 
Bruk edb-versjonen og bla deg fram til personane som bur i rode 5-1. Samanlikn orginalen med edb-versjonen.  Finn samanhengen mellom rubrikknamn og feltnamn. NB! Ikkje ta omsyn til feltnamna kjkoda, recno, standkoda, hushald, aldernum. Manglar det felt? Er registreringa kjeldetru? (Kva er kjeldetruskap?) Peik på forhold gjer at denne edb-versjonen er kjeldetru eller ikkje kjeldetru.

Øvingsoppgåve 2: Korleis stille ein forespurnad

Relevant pensum: Harvey and Press, Databases, s. 147-166, Greenstein, A Historian's..., s. 98-106

Oppgåver

Tips

  1. Om du står i dataarket (tabellen)
    1. Trykk på pila (trekanten) på New Object knappen 
    2. Vel New Query
  1. Om du står i database-vindauget
    1. Trykk på Queries-knappen 
    2. Trykk på New-knappen
  2. Prøv først å lage ein forespurnad med Query Wizard
  3. Gjer det samme med å velgje Design View
  4. Du utfører ein forespørnad ved å trykkje på utropsteiknet.

Øvingsoppgåve 3: Skjema for registering av data

Relevant pensum: Harvey and Press, Databases...., s. 84-94

Korleis lage eit registreringskjema (Forms)

Det er mogeleg å registere kjeldeopplysningane rett i dataarket, men det blir meir brukarvenleg om du lagar eit eige skjema for registering (Forms) av data. På registeringsskjemaet kan ein lage forklarande leietekstar (Caption), kontroll av inndata og gjere oppslag i andre tabellar.
  1. Om du strår  i dataarket
    1. Trykk på Autoform under New Object knappen 
  1. Om du står i databasevindauget
    1. Trykk på Forms-knappen og deretter på New-knappen
    2. Lag registeringsskjema med Auto Form: Columnar, vel r45-1875 som tabell i feltet med tittelen "Choose the table or query where the object's data comes from".

Andre skjema og utskrifter

Finn ut korleis du kan lage skjema (Forms) som har form som tabellar og utskriftsrapportar (Reports). Bruk hjelpesystemet eller prøv deg fram. Det er ikkje vanskeleg!


Øvingsopppgåve 4: Frå kjelde til tabell.

Frå kjelde til tabell, del I

Utlevert kjelde: Liste over "jungens, som har taget gesel-eksamen"
Relevant pensum: Harvey and Press, Databases...., s. 84-94, s. 130-139, Thorvaldsen, Håndbok..., Kapittel 2.

Grunnleggjande tabell- og feltdefinisjonar

  1. Databaseutforming.
    1. Bruk kjelda og definer felt med gode feltnamn, datatype og lengde på feltet. Finn ut kor lange tekstfelta kan vere (standard=50) Er feltet numerisk må du bestemme om feltet skal innhalde heiltal (integer) eller desimaltal (single/double). Feltnamn bør vere korte, men forklarande. Ikkje bruk blanke i feltnamnet. I mange databasesystem kan ikkje feltnamn vere lengre enn t.d. 8 teikn og bokstavane æøå kan skape problem.
    2. Bestem også kva for leietekstar du skal bruke ("Caption"). Dersom du ikkje definerer leietekstar vil feltnamnet bli brukt som leietekst
    3. Definer kva som er lovlege verdiar for kvart felt, t.d. grenseverdiar som minimum, maksimum for alder, årstal o.l.
    4. Definer evt. primærnøkkel
  1. I databasevindauget - sjekk at Table-kortet er velgd og trykk på New-knappen
  2. Vel Design View
  3. Definisjon av felteigenskapar: Namn, datatype og storleik.
    1. Definer feltnamn (Field Name) og datatype (Data Type).
    2. Sjekk storleiken på feltet. (Field Size)
    3. Definer leietekst (Caption). Eks: Dersom du har laga eit felt med namnet NAMN kan leieteksten gjerne vere "Skatteydernes Navne"
  4. Lagre tabelldefinisjonen med namnet likning-1875
  5. Opne tabellen og legg inn data
  6. Lag eit registreringsskjema for tabellen, jfr. Øvingsoppgåve 3

Korleis endre felteigenskapane i ein eksisterande tabell

  1. I databasevindauget - trykk på Design-knappen
  2. I dataarket - trykk på Verktøy-knappen 

Meir avansert tabelldefinisjon

Relevant pensum: Harvey and Press, Databases..., s. 91-94

For kvart felt må du definere namn, type og lengde/storleik. Men du kan også definere leietekstar (Caption), reglar for formatering av feltverdiar (Format), kontroll av inndata (Validation Rule, Validation Text) og . Bruk hjelpesystemet i Microsoft Access for å finne ut korleis du definerer desse felteigenskapane.

Frå kjelde til tabell, del II

Utleverte kjelder:

Utform ein databasespesifikasjon for denne kjelda (likningsprotokoll). Bruk t.d. figur 5.11 og/eller figur 5.16 (Harvey and Press: Databases...) som mal for spesifikasjon av tabellen(ane)?
Skriv ei kort drøfting der du gjer greie for kva problem du fekk under utforminga og korleis du løyste dei. Begrunn valet av tabell- og feltdefinisjonar.

Kjelder og litteratur

Kjelder

  • 22. Juni 1863. Lov om Udligning af Byskat og Fattigskat i Kjøbstæderne og Ladestæderne.
  • Del av kjelde i MS-Access (7.0) format
  • Del av kjelde i Dbase IV format
  • Litteratur

    Charles Harvey and Jon Press
    Databases in Historical Research,

    MacMillian 1996
    Daniel I. Greenstein,
    A Historians Guide to Computing, Oxford 1994
    Gunnar Thorvaldsen,
    Handbok for registering og bruk av historiske persondata
    Lenke til pensumlista
    Lenke til edb-lærebøker (MS Access m.m)

    arne.solli@hi.uib.no
    14. februar 1997