a. Å forbetra historieundervisninga gjennom i større grad å la elevane arbeida med historisk kjeldemateriale. Dette samsvarer med høyringsutkastet til ny mønsterplan.
b. Å gje elevar og lærarar opplæring i IT-basert historisk forskningsmetodikk.
c. Å kanalisera studentar som i utgangspunktet ikkje er særskilt motivert for det over i IT-basert opplæring.
d. Å byggja bru mellom historieundervisning på forskjellige nivå og forskjellige stader; i prinsippet frå barnehage til doktorgrad, men i praksis kanskje noko meir avgrensa.
Og meir praktisk:
e. Å læra elevar og lærarar å bruka Internett som informasjonskjelde.
f. Å læra elevar og lærarar å bruka Internett som ein kommunikasjonskanal i faglege samanhengar.
g. Å læra elevar og lærar sjøl å skapa Internett-ressursar.
Kva oppnår ein?
a. Auka interesse for historie. Særleg i ein periode med store samfunnsendringar er dette ein avgjerande ballast for ungdomen.
b. Større grad av integrering med andre fag. Gjennom ein slik arbeidsmåte blir fag som norsk, matematikk og andre samfunnsfag viktige i arbeidet med historie.
c. Større overføringsverdi til anna verksemd ved at historiefaget i mindre grad blir lesing av historiske framstillingar og meir blir innsamling, kritisk vurdering og bearbeiding av informasjon med tanke på å skapa ei samla framstilling. Dette er kunnskap som samfunnet i stendig større grad etterspør.
d. Å gje ei praktisk innføring i informatikk, men samstundes ei innføring som innbefattar nye og framtidige aspekt ved informatikk. Det er også ei innføring som truleg vil motverka den sterke maskuliniseringa ein har sett av informatikk. Jenter vil bli dregne mot informatikk ved at dei tek i bruk IT innan eit fag som historie, som i dei seinste åra har hatt ei klar overvekt av kvinlege studentar.
e. Minska overgangstersklar i utdanningssystemet. Me har sett at det er slik innan universitetstudiet. Bruk av IT på historie grunnfag har ført til lettare overgangar til mellomfag og særleg til hovudfag. Me er ikkje i tvil om at det same vil skje ved innføring nedover i systemet og då særleg i vidaregåande skule. Eit meir kjeldebasert og sjølstendig studium i vidaregåande, vil klart gjera overgangen til universitetsstudiet lettare, og ikkje berre for dei som skal studera historie.
Det basale verkemiddelet er å gjera historiestudiet meir kjeldebasert. Men dette er ei målsetjing som det kan vera vanskeleg å oppfylla. Historie er kjenneteikna ved forholdsvis komplekse forklaringsmodellar; forklaringsmodellar som ofte krev underbyggjing av eit sett av kjelder. Forandringar over tid er eit anna avgjerande element i den historisk forståing. Kjelder gjev ofte eit snittbilete. For å forstå den historiske utvikling må ein bruka kjelder frå forskjellige tidspunkt. Historisk forståing krev innsikt i dei lange utviklingslinjene; ein vil trenga lesa kjelder frå fleire tidsperiodar.
Dette skaper praktiske problem. Ein skal finna tak i kjeldene. Dei finst gjerne berre på arkiv. Kopiar er kostbare. Språket er vanskeleg å forstå. Og timetalet er avgrensa. Først når folk er komne på mellomfag-/hovudfagsnivå kan ein basera seg på arkivstudiar. Før det må ein gjera kjelder tilgjengeleg. Den vanlege måten å gjera det på er å overføra dei til digital form.
Særleg i universitetsmiljøet har dette blitt gjort i snart 30 år. Ein kan nemna:
Registreringssentralen for historiske data (RHD) i Tromsø har om lag 20 tilsette. Dei registrerer historisk kjelder for bruk i forskning.
Dokumentasjonsprosjektet er knytt til alle universiteta og har fleire hundre tilsette. Primært arbeider dei med å gjera forskningsarkiv datatilgjengeleg, men dei har også arbeidt med kjelder. Dei går no inn i sin andre periode og det er mykje som tyder på at dei vil leggja større vekt på kjeldermateriale.
Teleslekt, som no er knytt til Nasjonalbiblioteket i Rana, har om lag 40 tilsette, som alle arbeider med å gjera kjelder datamaskintilgjenglege. Dei har fram til no arbeidt med folketeljingar, men vil truleg ta opp kyrkjebøker og kanskje også emigrantprotokollar.
Me har såleis eit ekstraordinært potensiale for å driva kjeldebasert undervisning uavhengig av arkiv. Ein stor del av desse kjeldene har opplysningar om einskildindivid for heile landet. Dette gjer det mogeleg å knyta undervisninga til lokalområdet til kva som helst skule i Norge. På den måten kan ein samstundes utnytta bygdebøker og lokale kjelder der dei måtte finnast, ved skulen, på bibliotek og i arkiv. Og, ikkje minst, gjennom intervju kan folk i området brukast som munlege kjelder.
Men samstundes finst ein del av dataene også i integrert form og/eller bearbeidd; noko som gjer det mogeleg å analysera store område. Dette gjer det forholdsvis lett å velja nivå på analysen. Svært langt ned i grunnskulen kan ein t.d. undersøkja kor mykje barn det var i hushalda der ungane bur i førre hundreår samanlikna med no. Ein kan også finna ut kor vanleg det var å bu saman med besteforeldre.
Kommunikasjonssystem - virtuelle seminar
Kjeldene er der, og der vil koma fleire. Programvaren er der. Så kan ein sei at skulen sine problem er løyste. Det er sjølsagt ikkje. Ein av grunnane er at mange skular ikkje har kompetanse til å driva denne typen undervisning. Strategien kunne vera å byggja opp denne kompetanse. Det vil ta si tid. Eit alternativ er å byggja ut eit hjelpeapparat. Det vil kosta svært mykje. Eit anna og betre alternativ er å byggja ut eit kommunikasjonssystem, som gjer det mogeleg for skular å hjelpa kvarandre, både på lærarnivå og elevnivå. Her har vi lyst å leggja til at dette er ikkje ei naudløysing for å spara ressursar. Å laga system som set dei studerande i stand til å hjelpa kvarandre på ein effektiv måte er eit svært effektiv pedagogisk system. Historisk institutt har brukt det på ein del av studentane sine. Resultetet er svært positivt. Det syner seg at desse studentane gjennomfører studiane sine på normert tid, utan stryk og med betre resultat enn andre. Det syner seg også at dei generelt er meir tilfreds med studiesituasjonen. Dei erfaringane me her har gjort bør kunna overførast til andre trinn i undervisningssystemet.
Her kan ein byggja på system som i fleire år har vore i bruk ved DSL-prosjektet ved Historisk institutt i Bergen. Her er utvikla eit web-basert system for å driva virtuelle seminar. Det pedagogiske utgangspunktet for desse seminara er at den mest effektive, og mest gjevande måten å læra på er gjennom diskusjon med andre. Men også det å lytta til ein fagleg diskusjon er bra. Det praktiske problem med ein slik diskusjon er å samla alle dei som kan ha nytte av den til same tid i same rom. Difor har me utvikla virtuelle seminar. Studentar kan introdusera tema dei gjerne vil ha diskutert. Desse legg dei så inn i ein database direkte frå ei web-side. Neste student så så går inn på den same sida vil då sjå at det er introdusert eit nytt tema. Han kan lesa dette. Om han så har kommentarar, skriv han dei inn i systemet. Den tredje studenten vil så få sjå begge innlegga. Dette er ein diskusjon som kan føregå uavhengig av både tid og rom. Også universitetslærarar deltek i denne diskusjonen. Men parolen er at dei skal sjå om studentane klarer opp i problemet sjøl før dei grip inn i diskusjonen. Mange semester etter kan studentar gå inn og 'lytta' til denne diskusjonen og til og med ta den opp att.
Når ein utvikler seminar for vidaregåande skule på same malen som blir brukt på universitetet er det lett å integrera desse systema. Elevar i vidaregåande kan følgja med på kva grunnfagsstudentane driv med. I tilegg til at dei vil kunna ha nytte av det i sitt eige arbeid, vil dei læra noko om korleis universitetsstudiet i historie føregår. Men kanskje endå meir viktig er det at universitetsstudentane og lærarar kan og vil delta i diskusjonen på vidaregåande. Dette vil vonleg vera til nytte i skulen. Men det vil i alle høve vera til nytte for universitetet. Me skal, mellom andre ting, førebu studentane våre til arbeid i skulen. Å delta direkte i verksemda i skulen vil vera svært verdfult, både for studentar og for universitetslærarar.
Kommunikasjonssystem - spreiing av manuskript
WWW kan også brukast til spreiing av manuskript. Historisk institutt har system for å leggja manuskript inn i database via web på ein enkel måte. Manuskripta blir då tilgjengelege for kven som helst på web. Her er også system for at andre kan kommenterar manuskriptet, på ein slik måte at også kommentar blir tilgjengeleg for den som les manuskriptet. Ein kan på den måten føra ein diskusjon om eit manuskriptet på web. Samstundes blir sjølsagt manuskripta tilgjengelege for ettertida. På den måten er det enkelt å byggja vidare på det andre har gjort i prosjektarbeid. Også samanlikning mellom ymse område blir lett. Om ein klasse arbeider med eit fenomen i sitt heimeområde, kan dei gå inn og studera kva andre har funne ut om det same i andre område og såleis føreta ein komparasjon. Kunnskap vunne om eit område får såleis relevans for noko større. Ein kan gjerne sei at elevane ikkje berre blir mottakarar av kunnskap, dei blir skaparar. Kunnskap som blir brukte av andre, og som dei jamvel kan koma til å finna att i lærebøker seinare.
Men det viktigaste er at eit slikt system gjer det mogeleg å lære av andre og å byggja på andre sitt arbeid.
Skapa web-ressursar
Innanfor rammene av prosjektet vil klassar kunna skapa web-bøker som består av deira eigen tekst, kjelder (manskript, bilete, databaser osv) dei sjøl har samla og kopier av/lenker til ressursar andre har gjort tilgjengeleg. Desse sidene kan gå i arv frå klasse til klasse. Skulen kan på denne måten byggja opp svært interessante lokalhistoriesider som har interesse langt ut over skulen. Dei kan vera med å gje Internett eit innhald for folk som bur i området.
Materialet kan lagrast enten på ein lokal tenar eller på vår sentrale tenar.
Andre undervisningselement
Grunntrekk i norsk historie er ei basislærebok for historie grunnfag. Denne boka er i ferd med å bli vidareutvikla til ein CD-ROM-utgåve, som i tillegg til sjølve boka også inneheld kjelder; tekst, bilete, lyd og bilete. Det vert lagt inn ei mengd diagram og tabellar. Eit eige oppslagsverk er i ferd med å bli utvikla. Denne CD blir utvikla spesielt med tanke på grunnfag, men også for at den skal kunna brukast i vidaregåande skule, primært som ein ressurs for lærarar.
Me har også utvikla ein eigen lærepakke i historisk metode, Kautokeino. Den tek sitt utgangpunkt i Kautokeino-opprøreret i 1852 og presenterer dei viktigast kjeldene som kan belysa denne hendinga. Studentane blir så ført gjennom materiale på ein slik måte at dei lærer dei viktigast elementa i historisk metode. Denne pakken kan vidareutviklast på ein slik måte at den høver til vidaregåande skule.
Sist oppdatert 1. oktober 1996