Høgskolen i Telemark (HiT) er den sjette største av dei 18 statlege høgskolane. Dei faste studiestadene er Bø, Notodden, Porsgrunn og Rauland. Mellom dei geografiske ytterpunkta - Porsgrunn og Rauland - er det rundt 170 km.
HiTs fellesadministrasjon ligg i Porsgrunn.
Nøkkeltal
Talet på registrerte studentar hausten 2014 var 6928. Talet på årsverk i HiT var 650 i 2014. Av desse utgjorde undervisnings-, forskings- og formidlingsstillingar 61%.
Historie
Høgskolen i Telemark (HiT) vart etablert 1. august 1994, som ein del av høgskolereforma, ved at tidlegare Telemark distriktshøgskole, Bø, Telemark ingeniørhøgskole, Porsgrunn, Telemark lærarhøgskole, Notodden/Rauland, og Telemark sjukepleiarhøgskole, Skien, vart slegne saman.