5602 Databasar I
Fagansvarlig: Bjørn Kristoffersen
Faginformasjon 5602 Databasar I
Studieåret 2005-2006
Omfang
10 studiepoeng.
Forkunnskapar
Generell studiekompetanse.
Undervisning
6 timar forelesingar, øvingar og rettleiing pr. veke i haustsemesteret.
Mål
Studentane skal få grunnleggande forståing for anvending, utvikling og administrasjon av databasesystem med vekt på dataorientert systemutvikling, relasjonsdatabasar og SQL. Studentane skal òg få erfaring med bruk av verkty knytt til databasesystem.
Innhald
Anvendingar av databasesystem. SQL og relasjonsmodellen. Dataorientert systemutvikling (datamodellering) med E/R, realisering av E/R-modellar som relasjonsdatabasar, normaliseringsteori. Introduksjon til fysiske lagringsstrukturar med vekt på indeksar. Utvikling av enkle databaseapplikasjonar. Databaseadministrasjon med vekt på brukeradministrasjon. Systemarkitekturar og funksjonar i eit databasehandteringssystem. Introduksjon til databasar og web, og objektorienterte databasesystem.
Evaluering
To 1 times individuelle, skriftlege undervegsprøver som kvar tel 20%. Individuell, skriftleg 3 timars sluttprøve som tel 60%. Det blir gitt obligatoriske oppgåver som skal vere godkjende før ein kan gå opp til sluttprøve.
Tillatte hjelpemiddel midtprøver og sluttprøve
Ingen.
Litteratur
[1] Kristoffersen, B.: Databasesystemer : utvikling og administrasjon med fokus på SQL
Høgskolen i Telemark, 2005
Pensum til midtprøve 1
Kapittel 1, 2, 3 og 4 frå [1].
Pensum til midtprøve 2
Kapittel 7, 8 og 9 frå [1].
Pensum til sluttprøve
Alt frå [1], bortsett frå kapittel 17.
Bø, 24.05.2005 Bjørn Kristoffersen
