5609 Objektorientert programmering
Fagansvarlig: Bjørn Kristoffersen
Faginformasjon 5609 Objektorientert programmering
Studieåret 2005-2006
Omfang
10 studiepoeng.
Forkunnskapar
5608 Objektbasert programmering.
Undervisning
6-7 timar forelesingar, øvingar og rettleiing pr veke i haustsemesteret.
Mål
Emnet gir ei grundig innføring i objektorientert programmering. Studentane skal bli kjende med dei viktigaste konstruksjonane i eit objektorientert programmeringsspråk og kunne nytte objektorienterte metodar på praktiske problem.
Innhald
Klassar og objekt. Metodar og meldingar. Innkapsling og abstrakte datatypar. Objektorientert analyse og design. Arv, grensesnitt, polymorfi. Klassebibliotek. Grafiske brukargrensesnitt og hendingsutløyst programmering. Teknikkar for fleirlagsarkitekturar, t.d. klient/tenar.
Evaluering
To 1 times individuelle, skriftlege undervegsprøver som kvar tel 20%. Individuell, skriftleg 3 timars sluttprøve som tel 60%. Det blir gitt obligatoriske oppgåver som skal vere godkjende før ein kan gå opp til sluttprøve.
Tillatte hjelpemiddel midtprøver og sluttprøve
Alt skriftleg materiale.
Litteratur
[1]
Lervik, E. og Havdal, V.B.:Programmering i Java
3. utgave. Gyldendal akademisk, 2004.
[2]
Kristoffersen, B: Introduksjon til databaseprogrammering med Java : kompendium for kurs i objektorientert programmering
Høgskolen i Telemark, 2004.
[3] Randy Miller: Practical UML, A Hands-On Introduction for Developers. (Redigert for utskrift på PDF-format i Classfronter.)
[4] Servlets. Kapittel 26 i Y. D. Liang: Introduction to Java Programming. Pearson Prentice Hall, 5. utgave, 2005. (Delt ut på forelesning.)
Pensum til midtprøve 1
Kapittel 10-12 frå [1] og side 1-34 frå [2].
Pensum til midtprøve 2
Kapittel 1-17 frå [1] og side 1-34 frå [2].
Pensum til sluttprøve
Kapittel 1-18, 19, 20.1-20.4 og 22 frå [1]. Alt frå [2], [3] og [4].
Bø, 21.11.2005 Bjørn Kristoffersen
