Sovjet etter 1917
Emneansvarleg: Olav Rovde
Bolsjevikrevolusjonen i 1917 er eitt av dei mest radikale brota med fortida som vi kjenner frå noko land i moderne europeisk historie. Kjennskap til oppbygginga av den nye Sovjet-staten - med ein sterk sentraldirigert kommandoøkonomi og eit utprega repressivt politisk og sosialt system - er samtidig grunnleggjande for å skjøne dei problema det nye Russland strir med i dag. Emnet tek for seg etableringa av bolsjevikstaten under Lenin, og det legg ei hovudvekt på oppbygging og utvikling av det stalinistiske systemet. Det vil også gå inn på trekk ved den poststalinistiske perioden fram til samanbrotet av det kommunistiske regimet først på 1990-talet.
Åsmund Egge: Fra Alexander II til Boris Jeltsin, Universitetsforlaget,1993, s. 105 – 294.
Jens Petter Nielsen: ”Moskvaprosessene og tilståelsens problem”, i Paul Knutsen (red): Moskvaprosessene og stalinismen, Universitetsforlaget,1981, s. 51 – 103.
Alec Nove: ”Var Stalin virkelig nødvendig?”, same stad s. 161 – 176.
Ein del utvalde kjelder frå Henrik Berthelsen: Sovjetunionen fra Lenin til Brezhnev, i serien”Historiske kilder”,redigert av Rudi Thomsen (København : Gyldendal, 1975).
Boka til Åsmund Egge må kjøpast. Resten av litteraturen blir utlevert samla i eit
kompendium.
