Logg inn knapp Logo Høgskolen i Telemark
Les e-post Arena høgskole Fronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap
Banner allmenvitenskaplige fag
HiT / AF / Drift / Bø / Grupperom. lesesalar og arbeidsplassar

Grupperom. lesesalar og arbeidsplassar

  • Grupperom

I undervisningsfløya (fløy 5) er det 14 grupperom fordela på 2. og 3. etasje. Kollokviegrupper kan søke om å få tildela grupperom. Søknadsskjema får ein i ekspedisjonen.

Søknadsfrist er 10. september for hausten og 25. januar for våren.

  • Lesesalar

I 2. etasje i fløy 4, over biblioteket, er det ein lesesal med 150 arbeidsplassar. Det er straumuttak ved kvar pult slik at ein kan nytte berbar PC. På dei innarste plassane i lesesalen skal det vere ekstra stille og det er difor ikkje tillate å bruke PC på desse.

  • Andre arbeidsplassar

Rom 4-207, naborommet til lesesalen, er eit stort rom som er innreidd til 5 gruppearbeidsplassar. I biblioteket ligg Midttun-rommet som har 8 arbeidsplassar, 2 med stasjonær PC. I gangareal og i 2. etasje i kantina er det også tilrettelagte arbeidsplassar med uttak for strøm til PC.

  • Pc-labbar for masterstudentar

Rom 2-234A og 2-334B er pc-labbar reserverte for masterstudentar. Dei har h.h.v. 6 og 10 stasjonære PC-ar.

  • Bokboksar

Du finn bokboksar på desse romma: 3-103, 4-205, 4-209, 5-016, 5-206 og 5-306. Du må sjølv kjøpe hengelås og finne ein ledig boks.

NB! Alle boksa skal vere tømde og ulåste innan 25. juni kvart år. Boksa som er låst etter denne datoen blir opna av oss.

Alle rom i høgskolebygget og Gullbring Kulturanlegg har trådlaust datanett.