Retningsliner for målbruk i Høgskolen i Telemark
Fastsette av styret 27.10.1994. Reviderte av rektor 31.08.2005.
1. Høgskolen i Telemark skal arbeide aktivt med sikte på å følgje reglane som gjeld for målbruk i statstenesta. I dette arbeidet skal høgskolen gjennom eigen målbruk leggje vekt på å fremje måljamstellinga mellom bokmål og nynorsk.
2. Enkeltpersonar, organisasjonar, private institusjonar og firma skal ha svar i den målforma dei har nytta i skrivet sitt til Høgskolen i Telemark. Dersom målønsket ikkje er kjent, står høgskolen fritt i val av målform.
3. I skriv til ein kommune eller fylkeskommune skal Høgskolen i Telemark nytte tenestemålet til organet (dvs. den målforma det er gjort vedtak om etter § 5 i mållova eller fleirtalsmålforma i tenestekrinsen), med mindre organet er språkleg nøytralt og høgskolen dermed står fritt i val av målform.
4. Skjema med eventuell rettleiing for utfylling som skal brukast av andre enn Høgskolen i Telemark sjølv, skal liggje føre og vere tilgjengelege på begge målformer, eventuelt vere tospråklege.
5. Faste formular (dvs. attestar, vitnemål, m.v.) skal lagast i begge målformer.
6. Kvar tredje pressemelding, brosjyre og stillingsannonse skal vere på nynorsk.
7. I norskspråkleg tilfang på nettsidene som er laga av Høgskolen i Telemark, skal ingen av målformene vere representerte med mindre enn 25 %.
8. Høgskolen i Telemark skal veksle mellom målformene når det gjeld anna språkleg tilfang utan adressat (t.d. interne og eksterne meldingsblad, rundskriv, kunngjeringar, årsmeldingar, forelesingskatalogar, studieplanar, brosjyrar, rapportar, m.v.). Om lag 50 % av slikt språkleg tilfang skal vere på bokmål og 50 % på nynorsk. Vedkomande som avgjer at tilfanget skal lagast, avgjer også kva målform som skal nyttast, innan ei slik ramme.
9. Fellesadministrasjonen skal ha eit overordna ansvar for måljamstellingsarbeidet ved Høgskolen i Telemark, dvs. informere om målbruksreglane, syte for at tilsette får nødvendig opplæring i bokmål og nynorsk, utarbeide rutinar som skal sikre ei målfordeling som er i samsvar med gjeldande regelverk og fastsette retningsliner for målbruk ved høgskolen, syte for at skjema og blankettar ligg føre og blir fordelte/sende ut i begge målformer, registrere målbruken ved høgskolen, osb.
10. Kvar avdeling har eit sjølvstendig ansvar for at mållovas krav til måljamstelling blir oppfylt.
11. Kvar avdeling kan og fastsetje kva målform avdelinga vil nytte i si eiga interne saks-behandling, i skilting, m.v. Avdelingar som er samlokaliserte, fastset i fellesskap kva målform som skal nyttast på skilt.
12. Fellesadministrasjonen skal i si interne saksbehandling veksle mellom målformene og nytte om lag 50 % bokmål og 50 % nynorsk. Dette skal også gjelde saksforelegg til styre, nemnder, råd og utval.
13. Høgskolen i Telemark skal følgje gjeldande føresegner om målform i eksamensoppgåver
