Presentasjon av Høgskolen i Telemark
Høgskolen i Telemark (HiT) er den femte største av dei 25 statlege høgskolane. Dei faste studiestadene er Bø, Notodden, Porsgrunn og Rauland. Mellom dei geografiske ytterpunkta - Porsgrunn og Rauland - er det rundt 170 km.
Høgskolen i Telemark (HiT) er den femte største av dei 25 statlege høgskolane. Dei faste studiestadene er Bø, Notodden, Porsgrunn og Rauland. Mellom dei geografiske ytterpunkta - Porsgrunn og Rauland - er det rundt 170 km.
HiTs fellesadministrasjon ligg i Porsgrunn.
Nøkkeltal
Talet på registrerte studentar hausten 2005 var 4 922 (heiltidsekvivalentar). Talet på årsverk i HiT var 504 i 2005. Av desse utgjorde undervisnings-, forskings- og formidlingsstillingar 61%.
Historie
Høgskolen i Telemark (HiT) vart etablert 1. august 1994, som ein del av høgskolereforma, ved at tidlegare Telemark distriktshøgskole, Bø, Telemark ingeniørhøgskole, Porsgrunn, Telemark lærarhøgskole, Notodden/Rauland, og Telemark sjukepleiarhøgskole, Skien, vart slegne saman.
Avdelingar og institutt
HiT er nå delt inn i desse fire avdelingane (forkortingar, geografisk lokalisering og studenttal i 2004 rekna i heiltidsekvivalentar i parentes):
- Avdeling for allmennvitskaplege fag (AF, Bø, 1561)
- Avdeling for estetiske fag, folkekultur og lærarutdanning (EFL, Notodden/Rauland, 2031)
- Avdeling for helse- og sosialfag (HS, Porsgrunn, 875)
- Avdeling for teknologiske fag (TF, Porsgrunn, 483)
Det er også oppretta 12 faglege grunneiningar (institutt) i høgskolen.
Ved Avdeling for allmennvitskaplege fag:
- Institutt for idretts- og friluftslivsfag
- Institutt for kultur- og humanistiske fag
- Institutt for natur-, helse- og miljøvernfag
- Institutt for økonomi og informatikk
Ved Avdeling for estetiske fag, folkekultur og lærarutdanning:
- Institutt for folkekultur
- Institutt for forming og formgjeving
- Institutt for lærarutdanningsfag
- Institutt for pedagogikk
Ved Avdeling for helse- og sosialfag:
- Institutt for helsefag
- Institutt for sosialfag
Ved Avdeling for teknologiske fag:
- Institutt for elektro, IT og kybernetikk
- Institutt for prosess-, energi- og miljøteknologi
Styring og leiing
Styret med 11 medlemer har overordna ansvar for høgskolens verksemd.
På institusjonsnivå er det vald rektor og fast tilsett direktør. Avdelingane er leia av fire åremålstilsette dekanar, som har det samla faglege og administrative ansvaret for sine einingar. Dekanane rapporterer til rektor i faglege saker og til direktøren i økonomisk-administrative saker. Institutta er leia av 12 åremålstilsette instituttleiarar. Desse har og det samla faglege og administrative ansvaret for sine einingar og rapporterer til sine respektive dekanar.
Utdanningar og grader
Den faglege verksemda ved HiT er variert og omfattande. HiT kan tildele følgjande grader, som gjev rett til tilsvarande tittel, og yrkesutdanningar, begge med normert studietid som det går fram:
Grader:
- Høgskolekandidat (normert studietid 2 år)
- Bachelor (normert studietid 3 år)
- Master (normert studietid 2 år)
Yrkesutdanning:
- Allmennlærarutdanning (normert studietid 4 år)
- Faglærarutdanning (normert studietid 4 år)
Som overgangsordning kan høgskolen også tildele desse gradene, som vart oppheva då den nye gradsstrukturen vart sett i verk, med tidsavgrensing slik det går fram:
Grader:
Cand.philol. (til og med studieåret 2006/2007)
Cand.scient. (til og med studieåret 2006/2007)
Innan teknologiske fag er det tilbod om doktorgradsutdanning, i samarbeid med NTNU og utanlandske lærestader.
Desentralisert
Hovudtyngda av den ordinære undervisninga blir gjeven på dei faste studiestadene (Bø, Notodden, Porsgrunn og Rauland).
Men høgskolen tilbyr og desentralisert førskolelærarutdanning i Drammen og desentralisert vernepleiarutdanning i Borre i Vestfold.
Frå hausten 2003 har høgskolen hatt tilbod om allmennlærarutdanning i Drammen. Dette er eit samarbeid med Høgskolen i Buskerud.
HiT tilbyr også økonomisk-administrativ utdanning i Novgorod, Russland, i samarbeid med Novgorod Statsuniversitet, og er fagleg ansvarleg for ex.phil.-utdanning i Bali, Brasil, Canada, Cuba og Mexico.
HiT har dessutan eit aukande tilbod av tradisjonell og nettbasert fjernundervisning.
Forsking og utvikling
HiTs forskings- og utviklingsverksemd (FoU) har eit relativt stort omfang. Fleire sterke forskingsmiljø hevdar seg godt mellom dei statlege høgskolane i konkurransen om forskingsmidlar. Særleg gjeld dette midlar frå Norges forskingsråd.
Formidling
Også formidlingsverksemda er betydeleg. Ho omfattar m.a. lærebokproduksjon, konferansar, utstillingar, konsertar, populærvitskaplege foredrag, kurs i foreiningar og bedrifter, aviskronikkar, og innlegg og intervju i presse og kringkasting.
Regional utvikling
Høgskolen søkjer medvete å styrkje og utvide samfunnsrolla si med særleg vekt på samfunns- og næringsliv i regionen. Det er inngått fleire samarbeidsavtalar med grunnlag i samvirke mellom høgskolen, næringslivet og regionale styresmakter.
Universitet innan 2013
I høgskolen sin strategiske plan for perioden 2005 - 2009 er det langsiktige målet å oppnå universitetsstatus innan 2013 - anten åleine eller saman med andre.
Nettverk
Samarbeidsrelasjonane til andre høgare lærestader nasjonalt og internasjonalt er gode og omfattande. Det står likevel ein del att før høgskolen kan seie seg nøgd med den internasjonalt orienterte verksemda.
Infrastruktur
HiT har etablert eit godt fungerande støtteapparat rundt den faglege verksemda. Den bygnings- og anleggsmessige ramma er svært god, bibliotektenestene er godt utbygde, og IT-infrastrukturen er utforma med vekt på stabilitet og brukarorientering.
Avdelingar
