2106 Moderne norsk litteratur
Emneansvarleg: Olav Solberg
Pensum kan variere ut frå kva ein vel å leggje vekt på av trekk frå samtidslitteraturen, og kva for bøker (utgåver) som er tilgjengelege i bokhandel eller på bibliotek. Ein kan t.d. velje å sjå nærare på dei yngre forfattarane som debuterer i tida etter 1990, eller ta for seg meir etablerte forfattarskap og høgt verdsette bøker.
Generelt kan ein seie at pensum vil bestå av fem prosabøker, ei diktsamling og eitt drama. Her skal både mannlege og kvinnelege forfattarar vere med, og begge målformer skal vere representerte.
Eit døme på ei pensumliste der ein legg mest vekt på den yngre litteraturen, kan vere:
Prosa:
Ullmann, Linn: Før du sovner. Tiden, 1998
Grytten, Frode: Bikubesong. Samlaget, 1999
Halberg, Jonny: Flommen. Kolon, 2000
Dahl, Kjell Ola: En liten gyllen ring. Gyldendal, 2000
Ørstavik, Hanne: Uke 43. Aschehoug, 2002
Lyrikk:
Klyve, Odveig: Ei dobbel rørsle Cappelen, 1994
Drama:
Fosse, Jon: Nokon kjem til å komme. Samlaget, 1996
Eit døme på ei pensumliste som legg vekt på etablerte forfattarskap, kan vere:
Prosa:
Wassmo, Herbjørg: Dinas bok. Gyldendal, 1989
Lønn, Øystein: Thranes metode og andre noveller. Gyldendal, 1993
Kjærstad, Jan: Forføreren. Aschehoug, 1993
Solstad, Dag: Professor Andersens natt. Oktober, 1996
Fløgstad, Kjartan: Kron og mynt. Samlaget, 1998
Lyrikk:
Lunden, Eldrid: Slik sett. Aschehoug, 1996
Drama:
Fosse, Jon: Teaterstykke 1. Samlaget, 1999
Til pensum høyrer i tillegg ca 150 sider med artikkelstoff, bokomtalar og diskusjonsinnlegg, henta frå tidsskrift, aviser og bøker. Litteraturhistoriske
