Høgskolen i Telemark, Rauland
Institutt for folkekultur ligg i Rauland i Vinje kommune og har
nasjonalt hovudansvar for høgare utdanning i folkekultur.
Her bur og studerer du i eit aktivt bygdemiljø med rike og levande kulturtradisjonar.
Som student blir du trekt inn i kulturlivet i kommunen, då instituttet har eit nært samarbeid med lag og organisasjonar.
Eit senter for norsk folkekultur
Institutt for folkekultur er eit lite institutt med cirka 90 studentar og 15 fast tilsette. Lærarane har spisskompetanse på sine fagfelt, både som pedagogar og utøvarar. I tillegg har studiet knytt til seg tradisjonsbærarar frå ulike fagområder.
Nok å gjere også på fritida
Instituttet held til i funksjonelle bygningar omkransa av vakker natur like oppunder Hardangervidda. På fritida er det mange tilbod å velge mellom: Trimgruppe, riding, sangkor, dansarring, spelemannslag, filmklubb, musikkorps og idrettslag, turstiar, preparerte skiløyper og alpinbakkar. Studentane arrangerer eiga kro ein dag i
veka på ein av dei lokale pubane, eller det blir arrangert kro og konsertar i Årestoga på Telemarkstunet.
Lett å finne ein stad å bu
Du kan velge mellom hus, hytte, hybel, leilighet eller bufellesskap.
SiTel formidlar private hyblar via internett.
Meir informasjon: www.sitel.no
