Trolldomsprosessar i Noreg
Emneansvarleg Sigrid Bø
Trolldomsprosessar i Noreg med vekt på tida 1550-1700
I 1584 kom ei forordning om trolldom som også omfatta lækjande magi (kvit magi), i første omgong gjeldande for Bergenshus og Stavanger len. Forordninga føreskreiv dødsdom ”straffes paa livet uden al naade" for den som ”søge og bruge eller at gjøre saadanne forargelige ukristelige middel, enten med kors, signelse, læsning, og anden ugudelig og ukristelig handel.” Ni år seinare, i 1593, vart forordninga gjort gjeldande for heile Noreg. Dermed var mykje av den folkelege kulturen kriminalisert, og Noreg hadde fått ei av Europas strengaste lover mot trolldom. I løpet av ein hundreårsperiode vart skræmeleg mange kvinner og menn klaga for å drive med trolldom. Nokre kulturhistorikarar talfestar trolldomsprosessane til 850, andre meiner endå fleire. Fleirtalet av dei klaga kom frå prosessen med livet i behald, men nærare 300 kvinner og menn vart dømde til døden.
I fordjupingsemnet skal vi arbeide med spørsmål omkring trolldomsprosessar i Noreg i etterreformatorisk tid, og sjå på lovgjevinga og rettsapparatet. Sosiale og kulturhistoriske forhold som kan vere med på å kaste ljos over hendingane får ein sentral plass i kurset. Kva er trolldom og kva var ein trolldomsprosess. Kva rettsgrunnlag bygde trolldomsprosessane på? Kven var dei anklaga og kven var anklagarane?
Vi skal og ha sideblikk til forhold elles i Europa og andre verdsdelar, og dessutan
arbeide med kjelder i samband med minst ein trolldomsprosess i Noreg.
Pensumlitteraturen vil kome i eit kompendium, med unnatak av det som er merkt med *
Naess, Hans Eyvind 1987:Norge: den kriminologiska konteksten, i Ankarloo, Bengt m.fl.:
Häxornas Europa 1400-1700, Lund 1987. s. 314-327
Næss, Hans Eivind: Med bål og brann - trolldomsprosessene i Norge, U-forlaget, 1984
Sogner, Sølvi 1982: Trolldomsprosessene i Norge på 1500-1600-tallet, i Norveg 25, s. 155-182
Gilje, Nils 2001: ”Djevelen står alltid bak” Demonisering av folkelig magi på slutten av 1500-tallet, i Tradisjon 2/2001 s. 107-116
Alver, Bente: Heksetro og trolldom, U-forlaget, 1971. 13-24, 63-81
Alver, Bente: Heksen, i Norges kulturhistorie bd 3, Fra forfall til ny vekst, Oslo 1984, s. 149-172
Sandnes, Jørn: Kniven, ølet og æren : kriminalitet og samfunn i Norge på 1500- og 1600-tallet. Universitetsforlaget, 1990 s. 24-30
Hagen, Rune 1996: Kledd naken, barbert og kastet på sjøen Noen trekk ved trolldomsprosessene i Finnmark på 1600-tallet, i Historie 2/1996 s. 10-22
Temaheftet Hekseprosesser og trolldom, Ottar nr 234, 1/2002
Naess, Hans Eyvind Forbrytelse og straff, i Liv Marthinsen (red.) :Tingboka som kilde, Oslo 1991. 2.utg. s. 19-45
Kjelder:
Magnus Lagabøtes landslov/Christian IVs norske lov av 1604
Fredrik IIs forordning av 1584
Christian IVs forordning av 1617 ”Om troldfolk og deres medvidere”
Kjelder til ein trolldomsprosess
