Logg inn knapp Logo Høgskolen i Telemark
Les e-post Arena høgskole Fronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap
Banner
HiT / Om HiT / Statskonsult evaluerer hHiT

Statskonsult evaluerer organisering, styring, leiing og administrasjon i HiT

Magne Hegna
Statskonsult har nå starta arbeidet med å evaluere styring, leiing og administrasjon i HiT. Rådgjevar Magne Hegna er HiTs kontaktperson mot Statskonsult.

Styret vedtok sist haust etter tilråding frå høgskoledirektøren at organisering, styring og leiing på avdelings- og instituttnivå og administrasjonsordninga i høgskolen skal evaluerast av eit eksternt konsulentfirma. Det er nå inngått kontrakt med Statskonsult om oppdraget, og arbeidet har alt starta

Høgskoledirektør Nils Røttingen seier i ein kommentar at han er svært glad for at evalueringa nå har kome i gang. Han oppmodar tilsette og studentar om å bidra til evalueringa gjennom aktiv deltaking i spørjeskjemaundersøking og på andre måtar.

Evalueringsarbeidet skal vere avslutta innan utgangen av mai.

Ordninga frå 2003
Med grunnlag i revidert universitets- og høgskolelov og intensjonane bak Kvalitetsreforma fastsette styret ny organisering, styring og leiing på avdelings- og instituttnivå hausten 2002. Denne tok til å gjelde frå 1. august 2003.

Det blei da innført ei ordning med einskapleg leiing på avdelings- og instituttnivå, og det blei tilsett leiarar på disse nivåa på åremål.

Avdelings- og instituttstyra, høgskolerådet, utvalet for studie-, internasjonaliserings- og forskingssaker, bibliotekutvalet, og IT-utvalet blei lagde ned.

Samtidig blei det oppretta eit eige internasjonalt utval for å styrkje internasjonaliseringsarbeidet. Læringsmiljøutvalet fekk utvida mandat til også å femne om studiekvalitetsarbeidet.

Nye ordningar for medverknad for studenter og tilsette blei gjennomførte.

Målretta evaluering
Evalueringa nå skal avklare om valde organisatoriske ordningar medverkar til å realisere fastsette mål, avdekkje eventuelle veikskapar med eller utilsikta verknader av valde ordningar, og tilrå endringar som kan skape betring i organisasjonen.

Administrasjonsordninga i høgskolen, som omfattar fellesadministrasjonen, avdelingsadministrasjonane og fellestenestene (biblioteket, drifts- og innkjøpstenesta og IT-tenesta),har vore internt evaluert tre gonger sidan etableringa av høgskolen i 1994. Men det har ikkje blitt gjennomført store endringar.

To delprosjekt
Statskonsults evaluering er tenkt gjennomført i form av to delprosjekt. Delprosjekt 1 skal femne om områda organisering, styring og leiing. Delprosjekt 2 skal femne om administrasjonsordninga.

Dei to delprosjekta vil gå parallelt. Delar av datainnsamlinga vil skje i eit felles opplegg. Delanalyser av spesifikke data frå kvart delprosjekt skal vurderast samla i ein avsluttande analyse.

Tre fasar
Følgjande fasar inngår: 1) Vurdere status i forhold til mål for organisering og mål for administrative støttefunksjonar og tenester, 2) Vurdere behov for endring og kva slags utvikling eller omstilling det er trong for, 3) Identifisere og drøfte moglege løysingar med tilråding om oppfølging.

Både intervju, fokusgrupper og spørjeundersøking
I datainnsamlinga inngår dokumentanalyse, intervju (ca. 20 individuelle intervju og gruppeintervju), spørjeskjemaundersøking (alle tilsette og eit representativt utval av studentar), fokusgrupper, og observasjon på møte, seminar og liknande.

Referansegruppe
Ei referansegruppe samansett av leiargruppa i høgskolen med tillegg av to tenestemannsrepresentantar og to studentar skal ha ein rådgjevande funksjon i samband med evalueringa.

Evalueringa er forankra i PO-seksjonen, som er leia av personal- og organisasjonsdirektør Marianne Thorsdal. Rådgjevar Magne Hegna er Statskonsults kontaktperson.