![]() |
![]() |
|
| Hjem / HVE-nytt |

| Forrige nyhet | Neste nyhet |
Øtzi på Tønsberg sjukehus:(30.10.2007)
Sjukehustilsette studerer vitskapsteori ved HVE
Høgskolelektor Jonn Syse i samarbeid med førsteamanuensis Steffen Torp og førstelektor Anne Lyberg ved HVE er fagleg ansvarleg for studiet Vitskapsteori og forskingsmetode som nå vert gjennomført ved Sjukehuset i Vestfold HF og Sjukehuset i Telemark HF. Tema i studiet er mellom andre vitskapsfilosofi, kritisk artikkelgransking, kvantitative og kvalitative forskingsdesign og metodar, og klinikaren som forskar. Studiet skal føre fram til en prosjektprotokoll for eit faktisk eller mogleg forskingsprosjekt Initiativet til studiet er kome frå sjukehusa og forskingskomiteane der, og skal ein dømme etter frammøtet, er studiet populært. Då vi var innom, var forsamlinga midt i ei førelesing om vitskapens historie, med Thales som startpunkt. Øtzi dukka og opp – kvifor hadde han tatoveringar? Professor Arild Bjørndal fekk tilhøyrarane med på refleksjonar om kva kunnskap er og kva som skil vitskapleg kunnskap frå anna kunnskap. Dette er grunnleggjande for ei forståing både av forsking og av praksis basert på forsking. |
![]() |
| Forrige nyhet: Open dag på HVE torsdag | Neste nyhet: - Gleder meg til å arbeide i en organisasjon med ambisjoner |