| Biblioteket / Søkjerettleiing til NCOM - Nordisk massekommunikasjonslitteratur |
 |
NCOM er ein bibliografisk database over nordiske publikasjonar innan feltet medievitskap og massemedier ved Statsbiblioteket i Aarhus. Databasen inneheld referansar til litteratur utgjeve sidan 1975. Dokumentalistar ved Statsbiblioteket i Aarhus, Universitetet i Tammerfors, Universitetet i Reykjavik, Universitetet i Bergen og Göteborgs universitet rapporterer inn referansar til databasen. Pr. 1.1.97 inneheldt basen omlag 25.000 referansar.
Bibliografien registrerer bøker, artiklar i antologiar og tidsskrift, avhandlingar, forskingsrapportar, konferanserapportar, arbeidspapir, hovudfagsoppgåver og anna grått materiale.
Avansert søking
Ein kan bruka dei boolske operatorane: and, or, not, word in sequences mellom ord i eit tekstfelt. Mellom tekstfelta kan ein bruka and og or.
Trunkeringsteikn er $.
Søking i dei enkelte felta
Titel (enkelte ord). Ein skriv inn eitt eller fleire pregnante ord frå tittelen:
Dagbladet innhaldsanalyse
Forfatter - efternavn. Namnet skal vera på forma førenamn etternamn. Ein kan også velja berre å søkja på etternamnet. Store og små bokstavar spelar inga rolle:
roppen johann roppen
Emneord - kontrollerede Desse emneorda er på engelsk, og er også brukte i den trykte utgåva av Nordicom. Der finn ein dei i emneordsregisteret. Sjå også nedanfor om Indeksoppslag.
documentary films television documentaries
Kryss av for "Ord i rækkefølge" eller "og" for søking på fleire ord i same felt samtidig.
Avgrensing av søkemengda
Døme nr. 1:
Emneord - kontrollerede: documentary films
Emneord- supplerende: Norway
Døme nr. 2:
Emneord - kontrollerede: documentary films
Udgivelsesår: 1998
Her kan ein berre skriva inn eitt og eitt år i gangen, det er ikkje mogleg å redusera treffmengda til ein periode.
Døme nr. 3.
Emneord - kontrollerede: documentary films
Språk: nor
(Det må brukast standardiserte kodar for språk: t.d.: eng, swe, dan, fin)
Andre døme på søk:
Emne: Korleis vert innvandrarar omtalt i massemedia?
I dette søket bruker vi termane press, mass media, newspapers som er ord som dekkjer nærliggjande omgrep. I tillegg vil vi søkje på termen immigrants i kombinasjon med desse termane. I NCOM kan vi ikkje få søkt på alle desse termane samtidig. Løysinga er å gjere fleire søk på dei ulike termane:
Kryss av for og for søking på fleire ord i same felt samtidig:
1. søk:
Emneord - kontrollerede: newspapers immigrant$
2. søk:
Emneord - kontrollerede: press immigrant$
3. søk:
Emneord - kontollerede: mass media immigrant$
Indeksoppslag
Det kan gjerast oppslag i desse indeksane:
Forfatter Emneord - Alle Emneord - Kontrollerede Udgiver
Marker først kva type indeks du vil søkja i. Deretter skriv du nokre av dei første bokstavane i det ordet der du vil starta søket. Du får opp ei alfabetisk liste der det også er oppgitt framfor kvar term kor mange gonger den finst i basen. Ved å klikka på den enkelte termen får du opp ei treffliste med dei aktuelle referansane.
Framvising av referansane
Du kan velja mellom fire ulike format:
Kort format: Ei linje for kvar referanse med opplysningar om forfattar, tittel og utgivingsår.
Standardformat: Den bibliografiske referansen vert vist med fortekstar. Her er også emneord med.
Langt format: Dette tilsvarer standardformatet, med referat av innhaldet i tillegg.
Inndataformat: Dette viser postane med MARC-kodar.
Når du har trefflista framme på skjermen i kort format, kan du bla fram og tilbake i skjermbiletet for å få fram fleire referansar. Dersom du har valt eitt av dei andre formata, kan du til ei kvar tid velja å visa posten i eitt av dei andre formata. Du kan også bla fram post for post ved å klikka på "Næste post".
Utarbeidd av: Kirsten Hundvebakke, kh@hivolda.no
|