| Biblioteket / Søkjerettleiing for NORART - norske tidsskriftartikler |
 |
Generelt
Norart er nasjonalbiblioteket sin database over norske tidsskriftartiklar. Pr. januar 2001 var 285.375 artiklar registrerte i basen. Norart inneheld referansar til artiklar i ca. 440 tidsskrift og årbøker utgitt i Noreg. Du finn dei mest sentrale tidsskrifta innan alle vesentlege fagområder.
Basen er abonnementsbasert, og er tilgjengelig via web på høgskulen sine maskiner.
Norart har fritekstsøking, dvs. at det kan søkast på kva som helst ord som er registrert i posten. Det er likegyldig om eit namn eller eit anna søkeord blir skrive med små eller store bokstavar.
Du finn ei liste over kva for tidsskrift basen dekkjer ved å gå inn på analyserte tidsskrifter.
Trunkering (avkorta ord)
Søkeorda kan trunkerast både i starten, i midten og på slutten. Trunkering er nyttig for å få fram ordsamansetjingar og avvikande endingar. Trunkering vert gitt med spørjeteikn ? eller dobbeltkryss #.
utdann? hentar fram utdannelse, utdanning ?utdann? hentar fram sykepleierutdanning, lærerutdannelse osv. Maskering (erstatningsteikn)
I søkeorda kan eitt eller fleire teikn maskerast. Maskering er nyttig dersom du er usikker på stavemåten eller dersom t.d. eintals- og fleirtalsform har bokstavskifte. Maskering vert gitt slik: ? (spørjeteikn) maskerer ingen, eitt eller fleire teikn. : (kolon) maskerer eitt teikn.
lær?r hentar fram lærer, lærebøker, læremidler osv. lær:r hentar fram lærer, lærar
Søkeoperatorar: and, or, not
Fleire ord kan kombinerast med dei logiske operatorane and, or, not. Hugs å skrive mellomrom mellom søkeord og operatorar, og hugs å setje parantes rundt uttrykk som høyrer saman, særleg rundt uttrykk med or. Det er lurt å bruke fleire synonym ved emnesøk. Synonyma kombinerer du med or.
søk på (migrene or hodepine) and behandling gir treff på artiklar om behandling av hodepine eller migrene
Dei enkelte søkefelta
Dette feltet gir høve til å søke på ord frå alle felt, t.d. forfattar, tittel, nøkkelord. Utelat ord som førekjem ofte. Hugs å bruke operatorane and, or, not dersom du søker på fleire ord. Dersom du t.d. ynskjer å søke etter ein person, utan å avgrense søket til forfattar eller omtalt person, kan du bruke dette feltet.
søk på hedda gabler
I dette feltet er namn på forfattar, redaktør eller korporasjon som forfattar søkbare. Dersom du søker etter artiklar om ein person, må du bruke omtalt person-feltet. Personnamn skriv du inn invertert: etternamn, fornamn.
søk på linneberg, arild
Dette feltet gir høve til å søke på tittelen til artikkelen eller ord frå tittelen. Hugs å bruke operatorane and, or, not dersom du søker på fleire ord.
søk på eu or eec or ef
Nøkkelordsfeltet gjeld berre for postar lagt inn etter 1999. Dette feltet gir høve til å søke på stikkord henta frå teksten til artikkelen. Nøkkelorda er på norsk. Hugs å bruke operatorane and, or, not dersom du søker på fleire ord.
søk på adhd or mbd
I dette feltet er namn på person som er omtalt i artikkelen, person som er intervjua eller namn på forfattar til kommentert artikkel søkbare. Dersom du søker etter ein person som forfattar av ein artikkel, må du bruke forfattarfeltet. Personnamn skriv du inn invertert: etternamn, fornamn.
søk på brundtland, gro?
Dette feltet gir høve til å søke på namn på geografisk stad. Utanlandske stadnamn er oppført i norsk namneform.
søk på volda
Dette feltet gir høve til søk på omtalt institusjon, organisasjon, foreining, bedrift, orkester, musikkgruppe o.l. Du kan søke både på fulle namn og på kjente forkortingar.
søk på statoil
I dette feltet er tidsskrifttittel eller ord frå tidsskrifttittelen søkbare. Hugs å bruke operatorane and, or, not dersom du søker på fleire ord. Du kan også bruke trunkeringsteikn.
søk på foreldre # barn og foreldre and barn gir samme treffmengde
Dette feltet gir høve til søk på heftenummer og/eller årgang av eit tidsskrift. Ved å kombinere søk i felta tidsskrift, hefte og år, kan du få fram alle registrerte artiklar i eit bestemt nummer av eit tidsskrift.
søk på foreldre # barn i tidsskriftfeltet, hefte nr. 1 og 1999
I dette feltet er alle Deweynummer gjort søkbare. Frå og med 1984 er klassifikasjonen basert på DDK 4. norske utgåve med seinare revisjonar. Postar registrerte i perioden før 1980 inneheld ikkje klassifikasjonsnummer. Emneinngang til Deweynummer finn du i emneregisteret.
Avgrensing
Det finst tre måtar å avgrense eit søk i Norart på:
I årstalsfeltet kan du avgrense treffmengda ved å søke på eit eksakt utgjevingsår eller på ein bestemt tidsperiode. Utfylling av desse felta vil alltid avgrense treffmengda, uavhengig av val av og/eller mellom dei øvrige felta.
Ved hjelp av rullegardinmenyen kan du avgrense på språk i teksten til artikkelen. Følgande kodar er brukt: bokmål, nynorsk, svensk, dansk, engelsk, fransk, tysk, finsk, færøyisk, samisk.
Ved hjelp av ein rullegardinmeny kan du avgrense på artiklar innanfor 10 kategoriar, t.d. bokmeldingar, essays eller skjønnlitterære bidrag (dikt, noveller/forteljingar).
Deweysøk er eit alternativ til å søke etter emne via nøkkelord. Hugs å bruke trunkeringsteikn dersom du vil ha med alle underinndelingane av eit Deweynummer (høgretrunkering). For hjelp til å finne fram til rett Deweynummer kan du bruke emneregisteret.
333.7 gir treff på emnet Utnytting av naturressurser 333.7? gir i tillegg treff på 333.73 Jord, 333.75 Skog, 333.79 Energiressurser Søk på tresifra Deweynummer
Ved søk på tresifret Deweynummer får du automatisk med høgretrunkering. Dersom du vil søke på eit eintydig tresifra Deweynummer må nummeret setjast i enkelt hermeteikn '...'.
'549' gir berre treff på emnet Mineralogi (faget) '998' gir berre treff på Arktis og Antarktis
Informasjon om artikkel/artiklar
Søkeresultatet eller trefflista inneheld tre kolonner: tittel på artikkelen, forfattar og tidsskrift. Du kan bla vidare i trefflista ved å klikke på lenka [neste liste] nederst på skjermen. For å sjå utfyllande opplysingar om ein enkelt artikkel kan du klikke på tittelen til artikkelen. For å sjå utfyllande opplysingar om alle artiklane på skjermen, klikkar du på lenka [alle postene i fullformat].
Frå opplysingane om ein enkelt artikkel kan du søke vidare, dvs. foreta nye søk. Du kan søke vidare på forfattar, deweynummer, nøkkelord eller omtalt person. Klikk på lenka for å foreta eit nytt søk.
|