Skriv ut Sideoversikt |  


Lærarutdanninga
Humanistiske fag
Mediefag
Samfunnsfag
Ivar Aasen-instituttet
Biblioteket
Kontor for etter- og
   vidareutdanning

Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Nynorsksenteret


Biblioteket /

Søkjerettleiing for Atekst

Kjelder

Adresseavisen. 2000-
Aftenposten. 1984-
avis1 2001-
Bergens tidende. 1992-
Dagbladet. 1996-
Dagsavisen. 2001-
Dagens næringsliv. 1988 (mai)-
Hvem Hva Hvor. 1995-1998
Klassekampen. 2001-
Nordlys. 1988 (mars)-
NTB tekst. 1985 (juni)-
Teknisk Ukeblad. 2000(25. mai)-

NB!
Trukering: *
Operatorar: og, eller, ikke
Frase: mellomrom mellom orda


Søkjeskjema

Enkelt søk

Her søkjer ein i alle kjeldene innafor dei siste 90 dagane. Enkelt søk har automatisk trunkering og ein kan søkja med fleire ord og boolske operatorar.

Avansert søk

Eit klikk på "Avansert søk" får fram dei ulike kjeldene. Ein kan velja å søkja i alle samstundes, eller berre eit utval.

Ein får opp ulike søkeskjema alt etter kva kjelde ein har valt. Som regel har ein fleire søkjefelt om ein berre har valt ei kjelde enn når ein har valt fleire. Knappen "Søkeskjema" er alltid tilgjengeleg i venstre marg. Klikk på knappen hentar inn søkeskjema utan at det ein har skrive inn vert viska ut. Slik kan ein gjera søket på nytt eller retta i det ein alt har skrive inn.

Ein startar eit søk ved å velja kjelde/r deretter søkeskjema.

Tidsavgrensing

Feltet: Velg tidsperiode

Ein kan avgrensa tidsperiode ved å velja frå rullefelta. Standardvalet er det siste året. Ved hjelp av radioknappar kan ein bestemma om ein vil søkja med datointervall, eksakt dato eller eit bestemt antal siste dagar.

Søking

Feltet: Søk etter artikler som inneholder

Ordbok (Søk etter)

Ved å skriva inn minst tre bokstavar i feltet, kan ein søkja i indeksen ved å klikka på ordbok-ikonet. Frå lista kan ein markera eitt eller fleire ord. Frå ein boks kan ein velja "noen av ordene" (tilsvarar eller-operator) eller "alle ordene" (tilsvarar og-operator). Ved å klikka på "flytt" vert orda flytta inn i søkjeskjemaet.


Operatorar/Søk med fleire ord

Dei logiske operatorane er og eller ikke. Ein kan setja parantes rundt ord som høyrer saman.

Døme: (universitet* eller høgskole*) og mjøs-utvalg*

Fraser vert skrive på vanleg måte med mellomrom mellom søkjeorda:

Døme: Jan Erik Vold

Trunkering

* erstattar eit vilkårleg antal teikn (eller ingen teikn)
? eitt eller ingen teikn
?? to, eitt eller ingen teikn (eller ord)
: eksakt eitt teikn (eller ord)
:: eksakt to teikn (eller ord)

Døme:
sykkel* - finn sykkel, sykkels, sykkelen, sykkelstativ osb

*sykkel?? - finn barnesykkel, sykkelen, trehjulssykkel osb.

sykkel???? - finn sykkel, sykkels, sykkelen, sykkeltyv, sykkelsete osb.

g:teborg - finn Gøteborg og Göteborg

g:teborg? - finn Gøteborg, Gøteborgs, Göteborg, Göteborgs

??risto??er - finn både Christopher og Kristoffer

Avstandssøking

Ordskilje mellom søkjeord finn fraser
Døme: Jens Stoltenberg

OG.A mellom søkjeord finn artiklar med orda i same avsnitt
Døme: stoltenberg og.a skatt - finn Stoltenberg og skatt i same avsnitt

IKKE.A mellom søkjeorda finn artiklar der orda ikkje står i same avsnitt

Søk i delar av artikkelen

Tittel=søkjeord  -  finn ord berre i tittelen
Døme: Tittel=student* og jobb - finn artiklar der student finst i tittelen og jobb ein stad i artikkelen
Døme: Tittel=(asylsøker* og irak*)  finn artiklar der både asylsøker og irak finst i tittelen

Start=(søkjeord ELLER søkjeord) finn orda i tittelen og dei to første avsnitta.
Døme: Start=(asylsøker* og irak*)

Sortering

Når ein har skrive inn søkjeorda, kan ein klikka på "Antall" og få fram talet på treff. Deretter kan ein klikka på "Søk artikler" og få fram ei liste over treffa i kortformat. Denne lista er presentert med dei nyaste artiklane først. Ein kan deretter velja å sortera lista vha. desse vala: usortert, eldste, treff, vekt.

Ein kan klikka på "Titler" i boksen til høgre og få fram trefflista i kortformat. Klikk på "Fokus" får fram kvar søkjeorda finst i artikkelen og i kva samanheng dei står.

Ved kvart søk får ein opp ei grafisk framstilling, "Tidsaksen", som viser når artiklane i trefflista vart publisert. Ein får også opp alle emneord som er brukt for å beskriva artiklane, rangert etter frekvens. Desse emneorda kan brukast til å avgrensa treffmengda innafor det søket som er gjort.

 

Tilleggsinformasjon

Når du berre har valt ei kjelde, får du opp søkjefelt som er spesielle for kjelda. Til kvart felt er det knytt ei ordbok som viser kva ord som er brukt i dei ulike kjeldene.

Journalist:
Artikkelforfattar, dvs. også forfattar av innsendt stoff, som debattinnlegg, kronikkar osb. Skriv inn namnet slik: fornamn etternamn. Namnet kan også søkjast invertert, med berre eitt av namna eller trunkert.
Døme:
Vold, Jan Erik
Jan Erik Vold
Vold*
Vold (Klikk på ordbok-ikonet)

Område:
Geografisk område, som oftast land, men også verdsdelar og regionar som Midtausten og Baltikum.

Klasse:
Klasse deler inn artiklane etter hovudinnhald. Når ein kombinerer ord i fritekst med klasse, får ein fjerna ein god del støy i søkeresultatet. Ein kan bruka fleire klasser kombinert med eller dersom ein ikkje er sikker på kva klasse som gir det beste resultatet.

Emne:
Emne uttrykkjer tema meir spesifikt enn klasse.

Sak:
Feltet Sak inneheld namn på store og kjente saker som har vorte mykje omtalt i media t.d. Stortingsvalget 2001 (Dagbladet).

Person:
Feltet person inneheld namn på personar som er spesielt omtalt i artikkelen. Skriv inn namnet på same form som  for "Journalist".

Institusjon:
Feltet Institusjon vert brukt til namn på omtalte institusjonar eller firma.

Artikkeltype:
Feltet artikkeltype finst berre i Dagens Næringsliv.

Side:
Frå dette feltet kan du søkja fram ei bestemt side.

 

Utarbeidd av:
Kirsten Hundvebakke, kh@hivolda.no

 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Kirsten Hundvebakke 23.09.2003
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning