| Biblioteket / Søkjerettleiing for Encyclopædia Britannica |
 |
Amerikansk kvalitetsleksikon, første gong publisert i 1768.
Britannica Online omfattar ulike basar:
- Encyclopedia Britannica
- Britannica Student Encyclopedia
- Britannica Internet Guide
- Merriam-Webster's Collegiate Dictionary and Thesaurus
Encyclopedia Britannica gir tilgang til over 73 000 artiklar.
Merriam-Webster's Collegiate Dictionary and Thesaurus gir over 215 000 inngangar til definisjonar, synonym, uttalerettleiingar, etc.
Gjennom å søke i Britannica Internet Guide får ein tilgang til ein katalog som inneheld over 300 000 lenker til websider som er utvalgt av Encyclopedia Britannica sine eigne redaktørar.
Encyclopedia Britannica Online gir også tilgang til ei årbok (Year in Review Browse) og eit atlas (World Atlas).
Korleis søke?
Vel først database. Du kan søke på ord og frasar, eller du kan formulere søket som eit spørsmål. Søkesystemet kjenner igjen meiningsberande ord i ei setning, og ignorerer uvesentlege ord.
Døme:
Balkan
martin luther king jr.
third longest river in the world
channel surfing (ordboka)
Søkeinngangar
Ein har også høve til å søke i leksikonet ved å bruke emneinngangen (Subject Browse). Klikk på denne linken, og du får opp ei liste med emner. Ved å klikke på emnet du ønskjer å utforske vidare, blir du sendt vidare til artiklane i leksikonet. Det blir også mogeleg å søke vidare på Internett, eller dei andre delane av leksikonet. Sjå venstre linkane i venstre kolonne.
Leksikonet har også ein alfabetisk inngang som fungerer som eit vanleg leksikon i bokform. (Klikk på Alpha Browse).
Operatorar
Søkessystemet er så godt at det som regel er unødvendig å bruke operatorar. Følgjande operatorar er likevel tilgjengelege:
|
Operator
|
Eksempel |
”Snarveg” |
Eksempel |
Forklaring |
|
AND
|
van gogh AND ear |
+ |
van gogh +ear |
ordet skal vere med
|
|
NOT
|
depression NOT great
|
- |
depression –great |
ordet skal ikkje vere med |
|
OR
|
dolphin OR whale |
|
|
minst eitt av orda skal vere med
|
Trunkeringsteikn: *
Brukar ein trunkeringsteiknet får ein med alle utvidingar av eit ord. Dette er spesielt nyttig dersom ein er usikker på korleis eit ord blir skrive. Skriv ordet så langt du er sikker, føy til "*" og få med alle måtar ordet blir skrive på.
Døme:
anthropol* (gir treff på anthropology, anthropologist, anthropological, osv.)
Søkeresultat
Fann du ein interessant artikkel? Ofte får du ei lang treffliste, men denne er ordna på ein slik måte at dei mest relevante dokumenta som regel kjem først.
Når du har ein artikkel framme på skjermen, vil menyen til høgre gi deg ein del alternativ. Td. kan du gå til indeksen for å finne meir informasjon om emnet i andre artiklar. Du kan også søke vidare på emnet i internettguiden. Mange artiklar har dessutan biletmateriale, kart og tabellar som du kan klikke deg inn på. Lange artiklar har innhaldsliste.
|