|
Datamaskiner som ein ønskjer å knyte til eit trådlaust nettverk må ha eit trådlaust nettverkskort. Slike kort kan ein nytte både i stasjonære- og berbare pc'ar. Nye berbare pc'ar har gjerne kortet innbygd, medan andre brukar eit PCMCIA-kort som ein set inn i pc'en når ein ønskjer.
Eit trådlaust nettverkskort har innebygd radiomodul og ei antenne. Via desse kommuniserer kortet med ein basestasjon, gjerne kalla AP. Desse basestasjonane er igjen kopla til Høgskulen sitt kabla nett, og kan behandle signala frå mange pc'ar samtidig. Høgskulen har i dag 31 basestasjonar i drift i ulike bygg på campusområdet.
Kva er rekkevidda på signala ?
Rekkjevidda er avhengig av fleire faktorar. Viktigast er i kva grad ein har fri sikt eller ikkje til basestasjonen. Signala er radiobølgjer og desse vert påverka av hindringar som t.d. veggar og tak. Normalt går signala lettare gjennom ein lettvegg enn ein betongvegg. Difor vil rekkjevidda innandørs variere frå om lag 10 - 50 m, alt etter kva bygg ein er i.
Kvifor er ikkje alle datanett trådlause ?
For det første har ikkje trådlause nett på langt nær den kapasiteten som eit kabla nett har. Kabla nett har gjerne ei hastigheit på mellom 100 megabit - 1 gigabit/sekund. Trådlause nett kan i teorien oppnå ei fart på opptil 54 megabit/sekund. I praksis kan ein sjeldan få betre fart enn 4 - 22 megabit/sekund. Alt avhengig av teknologi, signalstyrke m.m.
I tillegg er trådlause nett rekna for å vere mindre sikkert enn kabla nett. Trafikken på ukrypterte trådlause nett kan lettare avlyttast, og difor brukar ein gjerne andre metodar i tillegg for å sikre netta. Dette kan vere teknologi/tenester som WPA, VPN, Citrix og accesslister. Vidare informasjon om tryggleiken og kva metodar vi nyttar ved HVO vert ikkje publisert på nettet. Interesserte kan heller vende seg direkte til IT-avdelinga. Tilsette kan og finne informsjon på dei interne websidene til Høgskulen.
Spørsmål kan rettast til itkontoret@hivolda.no
|