Studieplan for fordjupingsår ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda.
Studiet er ei praktisk utdanning som tek sikte på å utdanne multimedia-arbeidarar som har kunnskapar om alle delar av prosessen fram mot eit ferdig multimedia produkt.
[Dette er berre eit utkast til studieplan. Planen kan kommenterast (her), men du må ikkje sitere frå dette dokumentet!]
Opptak:
Studiet byggjer på dei to-årige studia ved avdeling for mediefag. Andre søkjarar med utdanning som dekkjer delar av fagområdet (t.d. data eller kunstfag) kan også bli tekne opp som studentar på studiet, men i fagkrinsen må studentar ha minst 20 vekttal mediefag (massekommunikasjon, filmfag, e.l.)
Undervisning og arbeidsmåtar:
Studiet er eit praktisk-teoretisk studium der studentane:
Studiet er delt i ein praktisk og ein teoretisk bolk.
Praksis:
Den praktiske delen av studiet vert særleg vektlagt i 2. semester då det meste av tida vil bli nytta til å arbeide med konkrete prosjekt. I 1. semester vil den praktiske delen bere preg av grunnleggande opplæring på media som ein ikkje har bakgrunn i frå før.
1. semester:
Innføringskurs (studentar som kan dokumentere kunnskapar på eit eller fleire av felta kan få fritak for desse kursa):
Kursa vil delvis gå parallelt med tilsvarande kurs for studentar ved Avdeling for Mediefag, og vil delvis vere særlege kurs for studentar på multimedia-utdanninga. Dette vert bestemt ut frå behov.
Innføringskursa er intensive og seminarprega og studentane får godkjent kursa ved å gjennomføre ei praktisk oppgåve.
2. semester:
Heile semesteret vert nytta til prosjektarbeid med konkrete multimediaprosjekt. Prosjekta kan vere eksternt finansierte. Studentane vil til vanleg arbeide i grupper og det vert stilt store krav til sjølvorganisering og ansvar for framdrift. På slutten av 1. semester må studentane levere prosjektskisse til arbeid i 2. semester. Prosjektskissa må vere godkjent for at studentane skal kunne få ta til i 2. semester.
Eit av prosjekta vert til slutt lagt fram som eksamensproduksjon og det skal ved innlevering legge ved ein metoderapport og dokumentasjon for arbeidet.
Teori:
Den teoretiske bolken er tyngst i haustsemesteret og er i stor grad prosjektorientert. Med bakgrunn i tidlegare kunnskapar skal studentane skrive ei individuell prosjektoppgåve der omgrepet multimedia vert studert.
Teoridelen av studiet kan delast i desse emna:
Prosjektoppgåve:
Prosjektoppgåva skal leverast som eit individuelt og skriftleg arbeid.
Faglærar godkjenner tema for prosjektoppgåve. Tema tek utgangspunkt i studentane sin tidlegare bakgrunn og føremålet er at omgrepet multimedia skal undersøkast ut frå mange ulike innfallsvinklar. Studentar med journalistutdanning vil kunne nærme seg omgrepet via fagområde som språk, etikk eller kjeldekritikk. Studentar med informasjonsfagleg bakgrunn vil kunne skrive om informasjonsfaglege tema som til dømes definering av målgrupper.
Prosjektoppgåva er skriftleg og individuell og skal leverast før jul. Oppgåva må vere godkjent før studenten kan ta til på 2. semester.
Eksamen og evaluering:
Studiet gir 20 vekttal. Skulen nyttar talkarakterar med heile tidelar.
Teorifag:
5 vekttal. Blir oppnådd etter godkjent framlegging av prosjektarbeid.
Praktiske fag:
Innføring: 5 vekttal. Blir oppnådd ved framlegging av obligatoriske øvingsoppgåver.
Prosjekt: 10 vekttal. Blir oppnådd ved framlegging av prosjekt, metoderapport og munnleg høyring i pensum.
Pensum:
Ca. 2.500 sider utanom manualar/lærebøker i dataprogram.