Next Page

1. Innleiing

Avdeling for samfunnsfag (ASF) tilbyr høgare utdanning innanfor kommunalfag, kristendomskunnskap og kyrkjefag, og sosialfag.

Studia ved ASF varer frå 1 til 4 år, og fleire av utdanningane er retta mot administrativt arbeid innan offentleg forvaltning. Dette gjeld m.a. kommunal planlegging og administrasjon og kyrkjeverjeutdanning. Avdelinga er i tillegg til grunnutdanningane engasjert i ei rekkje etter- og vidareutdanningstilbod. Dette gjeld t.d. vidareutdanning for trygdefunksjonærar, kombinerte trygdestudium, kurs i regional planlegging, og kurs i leiing for offentleg tilsette.

Studentmåltalet for avdelinga er 540 og desse er fordelt med 255 på sosialfag, 185 på kristendomskunnskap og kyrkjefag og 100 på kommunalfag. I tillegg kjem 69.6 heiltidsekvivalentar som vi gjev tilbod om gjennom kurs, etter- og vidareutdanning.

Kandidatproduksjonen for 1997 var god. 255 kandidatar vart uteksaminert. Til samanlikning vart det uteksaminert 169 kandidatar ved avdelinga i 1996. Ein gjer merksam på at «kandidatproduksjon» i denne statistikken er det same som utskrevne vitnemål/karakter-utskrifter. Avdelinga uteksaminerte t.d. 29 barnevernspedagogar, 40 sosionomar, 29 kommuneplanleggjarar og 3 kateketar. 51 studentar har avlagt eksamen i kristendomskunnskap grunnfag og 38 studentar har fått vitnemål for utdanninga i kristendomskunnskap og menig-hetsarbeid (KULS).

Tabellen under syner måltal og talet på uteksaminerte kandidatar ved avdelinga i 1997.

INSTITUTT

MÅLTAL 1997

UTEKSAMINERTE KANDIDATAR 1997

SOSIALFAG

255

81

KOMMUNALFAG

100

38

KRISTENDOMSKUNN-
SKAP OG KYRKJEFAG

185


113

KEV

69.6


23

SUM

609.6

255

Next Page