![]() |
Avdeling for Samfunnsfag Høgskulen i Volda |
Årsmelding for 1996
| INNHALD:
1. Innleiing |
1. Innleiing
Avdeling for samfunnsfag (ASF) tilbyr høgre utdanning innanfor kommunalfag, kristendomskunnskap og kyrkjefag, og sosialfag. Studia ved ASF varer frå 1 til 4 år, og dei fleste utdanningane er retta inn mot administrativt arbeid innan offentleg forvaltning. Dette gjeld m.a. kommunal planlegging, kyrkjeverje- og sosionomutdanning. Avdelinga er i tillegg engasjert i ei rekkje etter og vidareutdannings tilbod. Dette gjeld t.d. vidareutdanning for trygdefunksjonærar, kombinerte trygdestudium, kurs i regional planlegging, og kurs i leiing for offentleg tilsette. Studentmåltalet for avdeling for samfunnsfag er 558.4, og desse er fordelt med 255 på sosialfag, 183.4 på kristendomskunnskap og kyrkjefag og 100 på kommunalfag. I tillegg kjem 69.6 heiltidsekvivalentar som vi har tilbydd gjennom kurs, etter- og vidareutdanning. På grunn av at for mange studentar fekk tilbod om studieplass vart opptaket til sosialfaga større enn venta i 1996, medan andre studium ved avdelinga fekk tilslag noko i underkant av måltala. Kandidatproduksjonen i 1996 var også god. Avdelinga uteksaminerte t.d. 38 barnevernspedagogar, 33 sosionomar, 28 kommunale planleggjarar, 3 kyrkjeverjer og 6 kateketar |
.
Tabellen under syner måltal og talet på uteksaminerte kandidatar
ved avdelinga i 1996
| INSTITUTT | MÅLTALL 1996 | UTEKSAMINERTE KAND 1996 |
| Sosialfag | 255 | 83 |
| Kommunalfag | 100 | 33 |
| Kristendom og kyrkjefag | 183,4 | 53 |
| KEV | 69,6 | - |
| SUM | 608 | 169 |
Ny studieplan for 4-årig kyrkjeverjeutdanning vart i 1996 godkjend av departementet. Avdelinga fekk også hausten 1996 utvida tilbodet med årsstudium i samfunnskunnskap, nært knytt til første studieår ved studiet i kommunal planlegging. Etablering av 4årig kyrkjeverjeutdanning og årsstudium i samfunnskunnskap vil gje studentane større valfridom med tanke på å skaffe seg ei cand. mag. grad ved ASF og HVO.
Kombinerte trygdestudier er eit nytt desentralisert fjernundervisningstilbod som vart etablert i 1996. Dette studiet vil erstatte den tidlegare vidareutdanninga for trygdefunksjonærar som høgskulen har hatt tilbod om i 20 år og som blir avvikla i juni 1997. Kombinerte trygdestudier er eit samarbeid mellom Høgskulen i Agder, Høgskulen i Nordland, Høgskulen i Lillehammer, Høgskulen i Volda og Rikstrygdeverket.
Internasjonalisering er eit av satsingsområda i verksemdsplanen for ASF. Tilsette ved avdelinga har eit breitt spekter av faglege kontaktar i utlandet, og sosialfag har eit formelt samarbeid med Utena Medical College i Litauen som m.a. går på faglege tema og studentutveksling. Avdelinga har også vore i gang med å etablere eit nettverk mellom universitet og høgskular i Nord-Irland, Irland, Finland, Sverige, Hellas og Portugal, i samband med EU-Socrates. Arbeidet starta i 1994, og samarbeidet vart vidareutvikla i 1995. Ein delegasjon med representantar frå dei tre institutta og skulen sentralt, gjesta University of Ulster, Nord-Irland. Tanken var at ASF, i samarbeid med skulen sentralt, skulle setje av midlar til planlegging og etablering av ei utvekslingsavtale med sikte på oppstart hausten 1997. Det har ikkje skjedd noko særskilt i 1996 som skulle tyde på at dette blir realisert. Det bør likevel vere eit mål å kome vidare i arbeidet med internasjonalisering i løpet av 1997.
Nedanfor følgjer tabellar med eit meir detaljert oversyn over nøkkeltal knytt til dei einskilde studietilboda. Dei fem kolonnane er frå venstre: studietilbodstype, vekttal, tal på registrerte studentar, kvinnedel i tal og siste kolonnen viser total vekttalsproduksjon.
SOSIALFAGSTUDIA
Studentar frå alle studieretningar 1996
| Vekttal | Studentar totalt | Kvinner totalt | Vekttalsproduksjon | |
| Samfunsvitsk. emne | 20.00 | 83 | 66 | 1540.00 |
| Integrert årseks/2 Sos | 20.00 | 46 | 39 | 920.00 |
| Miljøarb og barnev. | 20.00 | 34 | 32 | 660.00 |
| Integrert årseks/3 Sos | 20.00 | 35 | 26 | 680.00 |
| Integrert årseks/3 BV | 20.00 | 43 | 37 | 800.00 |
| Samfunnsfag | 11.00 | 12 | 11 | 132.00 |
| Trygdesosiologi | 5.00 | 12 | 11 | 60.00 |
| Forvaltningsrett | 2.00 | 15 | 11 | 30.00 |
| Sosialrett | 2.00 | 12 | 11 | 24.00 |
| Sum | 120.00 | 282 | 244 | 4846.00 |
Tabellen viser ovanfrå og ned; 1. studieåret som er felles for barnevern og sosionom, 2. og 3. åra for dei to utdanningane, og dei fire siste faga utgjer vidareutdanning for trygdefunksjonærar. Sosialfaga utmerker seg med ein kvinnedel på heile 87 %. Størst er kvinnedelen på trygd og på barnevern. Vi ser elles at sosialfaga tilbyr kurs tilsvarande 120 vekttal. Dersom vi reknar om den totale vekttalsproduksjonen til heiltidsekvivalentar, utgjer dette 242.3. Av desse er 43.4 heiltidsekvivalentar som har vore registrerte tidlegare. Når måltalet er 255, må vekttals-produksjonen likevel seiast å vere tilfredsstillande
KOMMUNALFAGSTUDIA
Studentar frå alle studieretningar (1996)
| Vekttal | Studentar totalt | Kvinner totalt | Vekttals prod | |
| Planlegging I | 5.00 | 49 | 30 | 180.00 |
| Sosiologi I | 5.00 | 49 | 30 | 180.00 |
| Økonomi I | 5.00 | 48 | 29 | 145.00 |
| Kommunalkunnskap | 5.00 | 51 | 32 | 190.00 |
| Planlegging II | 5.00 | 37 | 21 | 160.0 |
| Økonomi II | 5.00 | 37 | 21 | 160.00 |
| Praksisrapport, 4 vt | 4.00 | 18 | 11 | 68.00 |
| Prosjektoppgåve, 4 vt | 4.00 | 8 | 6 | 32.0 |
| Prosjektoppg. m. metode | 6.00 | 5 | 1 | 30 |
| Administrative grenser | 2.00 | 13 | 7 | 26.00 |
| Kommunikasjon og motivasjon | 2.00 | 35 | 20 | 70.00 |
| Miljøforvaltning og utvikling | 2.00 | 33 | 18 | 60.00 |
| Kommunal rett | 2.00 | 1 | 1 | 2.00 |
| Kommunal rett II | 2.00 | 22 | 13 | 44.00 |
| Kommunal forvaltning og økonomi | 2.00 | 1 | 0 | 2.00 |
| Regional planlegging og utvikling | 10.00 | 10 | 5 | 80.00 |
| Offentlig organisering | 10.00 | 8 | 3 | 50.00 |
| Kommunal planlegging I | 6.00 | 2 | 1 | 6.00 |
| Sosiologi | 4.00 | 2 | 1 | 8.00 |
| Sum | 86.00 | 429 | 250 | 1508.00 |
Tabellen viser ovanfrå og ned; dei obligatoriske 5-vekttalskursa, praksisrapport, prosjektoppgåve, valfrie seminar og oppgåver, delfag, og til slutt studentar som har gått opp etter gamal studieplan.
Kommunalfaga har med ein kvinnedel på 58.2 % ei mykje jamnare
kjønnsfordeling enn sosialfaga. Dersom vi gjer om total vekttalsproduksjon
til heiltidsekvivalentar, får vi 75.4. Måltalet for kommunalfag
er på 100 ekvivalentar.
KYRKJEFAGSTUDIA
Studentar frå alle studieretningar (1996)
| Vekttal | Studentar totalt | Kvinner totalt | Vekttalsprod | |
| Kristendomskunnskap grunnfag | 20 | 6 | 4 | 120.00 |
| Bibelfag | 6 | 53 | 35 | 288.00 |
| Det gamle testamentet | 3 | 34 | 24 | 102.00 |
| Det nye testamentet | 3 | 34 | 24 | 102.00 |
| Kyrkjehistorie | 4 | 69 | 41 | 208.00 |
| Systematisk teologi | 4 | 90 | 568 | 320.00 |
| Religion og livssynskunnskap | 3 | 59 | 33 | 153.00 |
| Religionspedagogikk | 3 | 72 | 41 | 189.00 |
| Kristendomskunnskap mellomfag | 10.00 | 1 | 0 | 10.00 |
| Bibelteologi og hermeneutikk | 5 | 22 | 14 | 90.00 |
| Særstudium: Dei frivillige org. | 5 | 3 | 1 | 15.00 |
| Særstudium I5I: Apologetikk5 | 5 | 4 | 4 | 20.00 |
| Særstudium III Andre emne | 5 | 2 | 2 | 10.00 |
| Særstudium IV. Etikk | 5 | 5 | 5 | 25.00 |
| Mennesket i samfunnet | 6 | 14 | 5 | 7.00 |
| Religions3psykologi og sjelesor6g | 2 | 16 | 7 | 28.00 |
| Kristen forkynning | 2 | 1 | 0 | 2.00 |
| Kristen forkynning m/s | 3 | 34 | 25 | 102.00 |
| Innføring i EDB/EDB i kyrkjelyden | 2 | 13 | 6 | 26.00 |
| Kyrkja i samfunnet | 3 | 20 | 12 | 60.00 |
| Kyrkjeleg undervisning | 3 | 2 | 0 | 6.00 |
| Praksis m. praksisoppgåve | 6 | 19 | 11 | 108.00 |
| Praksis m. praksisoppgåve | 7 | 35 | 235 | 245.00 |
| Organisering og leiing i offentleg verksemnd | 10 | 9 | 5 | 70.00 |
| Organisasjon og leiing | 2 | 1 | 1 | 2.00 |
| Kommunalkunnskap | 5 | 4 | 2 | 20.00 |
| EDB | 2 | 1 | 1 | 2.00 |
| Praktisk-kateketisk seminar | 2 | 6 | 4 | 12.00 |
| Kristendomskunnskap m. livssynsorientering I | 5 | 302 | 192 | 665.00 |
| Kristendomskunnskap 2, andre 5-vektalseining | 5 | 31 | 21 | 155.00 |
| Sum | 146.00 | 962 | 603 | 3233.00 |
Dei åtte første kursa utgjer kristendomskunnskap grunnfag. Dei seks neste kursa er kristendomskunnskap mellomfag som består av fellesstudium og valfritt særstudium. Deretter følgjer praktisk-kyrkjeleg årsstudium og påbyggingsstudium til kyrkjeverje og kateket. Til slutt står dei to einingane som er særskilte for lærarutdanningane.
Kjønnsfordelinga på kyrkjefaga er relativt jamn med ein kvinnedel på 62.6 %. Den totale vekttalsproduksjonen utgjer 161.7 heiltidsekvivalentar. Måltalet for kyrkjefaga er 183.4.
Avdelinga sette i 1996 i gang komitéarbeid for å samordne studietilboda betre med tanke på cand. mag. grad og vidareutdanningstilbod. Vidare vart det sett i gang arbeid for å utvikle nye kurstilbod.
På oppdrag frå ASF starta Møreforsking Volda (MFV) hausten 1996 arbeidet med ei kandidatundersøking. Denne undersøkinga tek sikte på å kartleggje arbeids- og utdanningsmarknaden for kandidatane og kva som skjer med dei etter fullført utdanning ved høgskulen. Bakgrunnen for undersøkinga er at ein med jamne mellomrom bør finne ut om utdanninga kvalifiserer kandidatane slik ein hadde tenkt.
Eit poeng er også den umiddelbare nytten ein kan ha ved å
bruke delar av undersøkinga i samband med informasjon og rekruttering
av nye studentar.
Det oppdraget MFV har fått er tredelt:
Undersøkinga skal vere fullført våren 1997 og er finansiert over ASF sitt budsjett, men med noko tilskot frå høgskulen sine strategiske midlar.
I desember 1996 arrangerte avdelinga seminar for alle tilsette om studiekvalitet. Emnet for seminaret var «Korleis arbeide med studentane sin skriveprosess og skrivedugleik?» Det faglege ansvaret hadde dr. art. Torlaug Løkensgard Hoel frå NTNU. Deltakinga på seminaret var svært god med om lag 30 tilsette. Seminaret sette viktige spørsmål på dagsorden.
Avdelinga har 34 faglege stillingar og 2 bistillingar. Hausten 1996 vart Rune Slagstad engasjert som ny professor II. Slagstad vil særleg bli trekt inn i forskingsverksemda ved høgskulen og fungere som fagleg rettleiar for personalet.
2,5 stillingar er knytt til avdelingssekretariatet.
I 1996 var dei faglege stillingane fordelte på følgjande
stillingskategoriar:
| Professor | 1 |
| Dosent | 1 |
| Førsteamanuensis | 11,2 |
| Amanuensis | 8 |
| Høgskulelektor | 6 |
| Høgskulelærar | 4,5 |
| Sum heimlar i bruk | 31,7 |
Dei siste åra har vore sterkt prega av kompetanseoppbygging blant fagpersonalet på avdelinga. Mange har avlagt doktorgraden, og fleire er inne i arbeid med slik grad. To tilsette ved Institutt for kristendomskunnskap og kyrkjefag avslutta doktorgradsstudiar i 1996, Per Magne Aadnanes som dr. philos ved Universitetet i Oslo, Asbjørn Simonnes som dr. of Minestry ved Fuller theological seminar, USA. Meir enn 25% av fagpersonalet ved ASF har no doktorgrad. Thinken Røsvik Osborg har teke vidareutdanning i psykoterapi. Jan Einar Flø og Hallgerd Conradi har begynt på hovudfag i sosialt arbeid, og fleire andre er i startgropa for å ta hovudfag/vidareutdanning.
Konsulenten i administrasjonen sa opp stillinga si og slutta i mai månad, for å ta til i ny jobb. I samband med dette ba administrativ leiar om at konsulentstillinga vart omgjort til førstekonsulent med bakgrunn i dei erfaringane som var gjorde, utan at dette fekk gjennomslag. Stillinga var straks lyst ut på nytt, og ny tilsetjingssak var klar før sommarferien -96. Ei mellombels løysing kom i stand og var meint å fungere i sommarmånadane. Vedtaket i tilsetjingsråd vart imidlertid anka inn for styret som handsama dette i to omgangar. I tillegg til oppseiingstida som vedkomande som vart tilsett hadde, gjorde dette at vi ikkje hadde fast tilsett konsulent ved avdelinga f.o.m. mai -96, og eit stykke ut i 1997. Dette har naturleg nok medført ei ekstra belastning og redusert kapasitet i denne perioda. Sekretæren ved avdelinga har i 1996 gjennomført sakshandsamarkurs for offentleg tilsette (2 veker) samt eit 2 dagars kurs i referentarbeid.
Avdelinga har ført vidare ordninga med eigne sider på Internet. I 1996 innførte vi ei deling av sidene, slik at vi i tillegg til dei ordinære sidene, har eit internt www-system. På dei ordinære sidene som kan lesast frå heile verda er det lagt ut informasjon om avdelinga og institutta, dei einskilde studia, og alle tilsette. Internsidene inneheld referat frå ymse utval, plan og strategidokument, samt referat frå alle møter i avdelingsstyret. Avdelinga sine sider er vitja mellom 8-9000 gangar pr. veke, og er dermed i særklasse dei mest vitja sidene ved Høgskulen. Det er særleg sidene til kristendom og kyrkjefag som er godt besøkte frå heila verda. Førsteamanuensis Torrey Seland har lagt mykje arbeid i å utvikle « A Resource Page for Biblical Studies». Seland er også operativt ansvarleg for avdelinga sine www-sider.
Alle tilsette ved avdelinga disponerer tidsmessige personlege datamaskiner, og kompetansen til den einskilde er heva monaleg i løpet av 1996. Det er no m.a. mogleg å nytte fullt ut dei utvida moglegheitene for intern kommunikasjon som det lokale datanettverket gjev høve til.
Avdelinga har i 1996 vunne erfaring med fjernundervisning gjennom studieopplegget «Kombinerte trygdestudier.»
Tilsette ved avdelinga har arbeidd med fleire større forskings- og fagutviklingsprosjekt i 1996. Vi nemner her nokre av desse:
Vi viser også til vedlagde publikasjonsliste som syner relativt
stor produksjon av skriftleg materiale i form av artiklar i tidsskrift,
lærebøker, bidrag til lærebøker, førelesingar
osb. Tabellen under gir eit oversyn over vitskaplege publikasjonar frå
avdelinga i 1996.
| Kategori | Tal |
| Forskingsrapportar | 8 |
| Arbeidsrapportar | 14 |
| Notat | 13 |
| Paper | 7 |
| Artiklar, bidrag bøker | 32 |
| Bøker | 9 |
5.1. Budsjettet for 1996
Avdeling for samfunnsfag fekk i 1996 tildelt eit samla budsjett på
i alt kr.11 614 000. Dette var ei nominell auke på kr. 379 000 frå
1995. (3,5%) Avdelinga sitt budsjett vart vidare fordelt med kr. 2 098
458 til kommunalfaga, kr. 5 842 225 til sosialfaga, og kr. 3 703 471 til
kristen-domskunnskap og kyrkjefag. Kr. 481 006 vert sett av som fellesmidlar.
Fordelinga vart bestemt gjennom ein enkel modell bygt på
studentmåltal og ulik vekting (faktor) på vekttala i dei ulike
utdanningane. Vektinga vart gjennomført slik at 1. års vekttall
fekk faktor 1,0, 2. års vekttall 1,3, og 3. og 4. årsvekttall
fekk faktor 1,6. I praksis tyder dette at det vart budsjettert med ein
relativt låg årskostnad pr. førsteårsstudent,
ein middels kostnad for 2.års studentar, og ein relativt høg
kostnad for 3. og 4. årsstudentar. Vidare vart det i samband med
dei instituttvise tildelingane berekna kor mykje som skulle gå til
faste løner, og dermed også kva kvart institutt disponerte
til meir variable utgifter.
Avdelingsstyret for ASF ba i samband med budsjettvedtaket om at det vart
arbeidd vidare med å utvikle kriteria for tildeling internt på
avdelinga. Sidan det straks etter vart sett i gang eit omfattande arbeid
med sikte på å kome fram til eit liknande system for fordeling
mellom fellesnivået og avdelingane på høgskulen, har
vi valt å vente med dette arbeidet. Det ville dermed etter avdelingsleiinga
si vurdering vere uhensiktsmessig å gå vidare med dette på
avdelingsnivå før ein ser kva som vil vere grunnlaget for
skulen si tildeling til avdelingane. Avdelinga har i ein merknad til eit
forslag om nye budsjettmodell for høgskulen peika på at arbeidet
med modellen i hovudsak er positivt, men peika også på nokre
sentrale punkt som ein bør unngå/innarbeide i det vidare arbeidet
med modellen:
5.2. Rekneskap for 1996
Avdelingsstyret godkjende rekneskapen for 1996 i sak 11/97 slik:
1. Avdelingsstyret godkjenner den interne rekneskapen for avdelinga slik den går fram av oppsettet nedanfor:
| KR +/- | |
| FELLES | +62.000 |
| KOMF | -44.000 |
| KKF | -45.000 |
| SOSF | +46.000 |
| SUM | +19.000 |
2. Avdelingsstyret legg til grunn at budsjettsummane for 1997 for dei interne budsjettnivåa vert justert tilsvarande.
Som ein ser løyvde vi kr. 62 000 på fellesnivået trass i at vi salderte i alt kr . 35 000 i overforbruk av fast løn av desse midlane. Sosialfag fekk eit noko mindre restbeløp enn venta, hovudsakleg på grunn av at ein hadde berekna faste løner for lågt for dette instituttet. Institutt for kommunalfag og institutt for Kristendomskunnskap og kyrkjefag hadde eit lite overforbruk som vert henta inn igjen på budsjettet for 1997. Bruken av midlar fordelte seg med 86,86 % på løn (01 postar) og 13,14% på drift (11 postar) Avdelinga overførte i alt kr. 165 000 frå lønn til drift i løpet av året i høve det oppsette budsjettet for 1996. Ledige lønnsmidlar var i tillegg i utgangspunktet også plasserte på driftsbudsjettet, og dette syner at avdelinga er heilt avhengig av vakanse i stillingar for å få midlar til drift på budsjettet.
5.3. Arbeidet i avdelingsleiing og i avdelingsstyre i 1996
Evaluering av arbeidet i avdelingsstyre var oppe som eiga sak
i mai -96. Hovudinntrykket var at styremedlemmane var godt nøgde
med saksførebuing og arbeidsform i styret. Så langt har styret
vore eit konsensus-organ. Det vart peika på at det er viktig å
skape ein felles identitet ved avdelinga - og at avdelingsleiinga her har
ei viktig oppgåve. Leiinga har følgt opp dette ved å
skipe eit eige informasjonsblad; ASF-FORUM, og ved å setje seg som
mål å skipe minimum eit avdelingsseminar pr. år. Seminaret
i 1996 var om skriveprosess, og hadde svært god oppslutning.
Avdelingsstyre vedtok også ein felles utviklingsplan for ASF i 1996.
Dette er ein handlingsretta plan for åra 1996-1998, og ei oppfølging
av HVO sin strategiske plan.
6.1 Ulike utval på avdelingsnivå
ArbeidsutvalKjell-Einar Dagfinrud Avdelingsstyre:Kåre Heggen - leiar StudieplangruppaKjell-Einar Dagfinrud - leiar |
Ex.phil-gruppaPeter Burgess - sekretær Kurs - etter -vidareutdanningsgruppaJørgen Amdam Referansegruppe for kandidatundersøkingKjell-Einar Dagfinrud WWW-gruppaTorrey Seland - leiar InstituttmøteTilsette ved dei einskilde institutta |
AdministrasjonsforumJan Driveklepp - leiar ArbeidsmiljøutvalLeiv Myklebust Avdelingssvise opptakskomitearKjell-Einar Dagfinrud - kontorsjef BudsjettkriteriegruppaJan Driveklepp - koordinator Dekanus - møteSverre Måseidvåg - rektor -leiar Erling Kristvik nemndKåre Heggen ForskingsutvaletProrektor Jørgen Amdam Fou-utvalSverre Måseidvåg Høgskulestyret:Faste medlemmer: Klagenemnd:Jo Prestegarden - leiar |
KontorsjefmøteJan Driveklepp - leiar Opptakskomite felles for HVOKjell-Einar Dagfinrud - kontorsjef PraksisnemndBjørn Krøvel - leiar Tilsetjingsråd for undervisnings- og forskarstillingarSverre Måseidvåg - rektor Studienemnd:Sverre Måseidvåg - rektor Utval for eksisterande bygningsmasseEivind Indresøvde - leiar Utval for fellsbygget:Geir Hjorthol - leiar Valstyret:Kjell-Einar Dagfinrud - leiar WWW-gruppaJan Driveklepp - direktør |