INNHALDSLISTE
1. Innleiing * 2. Studia *Avdeling for samfunnsfag (ASF) tilbyr høgare utdanning innanfor kommunalfag, kristendomskunnskap og kyrkjefag, og sosialfag.
Studia ved ASF varer frå 1 til 4 år, og fleire av utdanningane er retta mot administrativt arbeid innan offentleg forvaltning. Dette gjeld m.a. kommunal planlegging og administrasjon og kyrkjeverjeutdanning. Avdelinga er i tillegg til grunnutdanningane engasjert i ei rekkje etter- og vidareutdanningstilbod. Dette gjeld t.d. kombinerte trygdestudium, kurs i regional planlegging, og kurs i leiing for offentleg tilsette.
Studentmåltalet for avdelinga var i 1998 588 og desse var fordelt med 255 på sosialfag, 183.4 på kristendomskunnskap og kyrkjefag og 100 på kommunalfag. I tillegg kom 49.6 heiltidsekvivalentar som ASF gav tilbod om gjennom kurs, etter- og vidareutdannings- kontoret (KEV).
Kandidatproduksjonen for 1998 var god. 319 kandidatar vart uteksaminert. Til samanlikning vart det uteksaminert 255 kandidatar ved avdelinga i 1997. Ein gjer merksam på at "kandidatproduksjon" i denne statistikken er det same som utskrivne vitnemål/karakter-utskrifter. Avdelinga uteksaminerte til dømes 47 barnevernspedagogar, 34 sosionomar, 29 kommuneplanleggjarar og 4 kateketar. 30 studentar har fått karakterutskrift for utdanninga i kristendomskunnskap og menighetsarbeid (KULS) og 34 studentar har fått karakterutskrift for Årsstudiet i samfunnskunnskap.
Tabellen under syner måltal og talet på uteksaminerte kandidatar ved avdelinga i 1998.
|
INSTITUTT |
MÅLTAL 1998 |
UTEKSAMINERTE KANDIDATAR 1998 |
|
SOSIALFAG |
255 |
81 |
|
KOMMUNALFAG |
100 |
78 |
|
KRISTENDOM OG KYRKJEFAG |
183.4 |
142 |
|
KEV |
49.6 |
18 |
|
SUM |
588 |
319 |
I tillegg kan det nemnast at 97 studentar (86 kvinner) vart uteksaminert frå Kombinerte trygdestudier gjennom samarbeidet med Høgskolen i Lillehammer (HiL). Følgjande modular inngår i Kombinerte trygdestudier: Medisin og samfunn, Juss, Pedagogikk/veiledning, Trygdesosiologi og Stats- og kommunalkunnskap. Kvar av modulane utgjer 5 vekttal. Avdelinga gir også undervisning i fleire andre etter- og vidareutdanningskurs, jf. tabellane under kommunalfag og kyrkjefag.
Nedanfor følgjer tabellar med eit meir detaljert oversyn over nøkkeltal knytt til dei einskilde studietilboda. Dei fem kolonnane er frå venstre: studietilbodstype, vekttal, tal på registrerte studentar (stått eksamen), kvinnedel i tal og siste kolonnen viser total vekttalsproduksjon.
|
sosialfagstudia |
||||||||
|
Studentar frå begge studieretningar (1998) |
||||||||
|
Vekttal |
Studentar |
Kvinner |
Vekttals- |
|||||
|
totalt |
|
prod. |
||||||
|
Samfunnsvitskaplege emne |
20.00 |
69 |
54 |
1380.00 |
||||
|
Integrert årseksamen, 2. år SOS |
20.00 |
52 |
42 |
1040.00 |
||||
|
Miljøarbeid og barnevern |
20.00 |
54 |
49 |
1080.00 |
||||
|
Integrert årseksamen, 3. år SOS |
20.00 |
34 |
25 |
680.00 |
||||
|
Integrert årseksamen, 3. år BV |
20.00 |
45 |
42 |
900.00 |
||||
|
Sum |
100.00 |
254 |
212 |
5080.00 |
||||
Tabellen viser ovanfrå og ned; 1. studieåret som er felles for barnevern og sosionom, 2. og 3. åra for dei to utdanningane. Sosialfaga utmerkar seg med ein kvinnedel på heile 83.5 % (83.2 % i 1997). Størst er kvinnedelen på barnevernspedagogutdanninga. Vi ser elles at sosialfaga tilbyr kurs tilsvarande 100 vekttal. Dersom vi reknar om den totale vekttalsproduksjonen til heiltidsekvivalentar, utgjer dette 254 heiltidsekvivalentar (288.1 i 1997). Måltalet for institutt for sosialfag var 255 heiltidsekvivalentar.
|
KOMMUNALFAGSTUDIA |
||||
|
Studentar frå alle studieretningar (1998) |
||||
|
Vekttal |
Studentar |
Kvinner |
Vekttals- |
|
|
totalt |
totalt |
prod. |
||
|
Planlegging I |
5.00 |
51 |
28 |
255.00 |
|
Sosiologi I |
5.00 |
53 |
30 |
265.00 |
|
Økonomi I |
5.00 |
53 |
32 |
265.00 |
|
Kommunalkunnskap |
5.00 |
52 |
29 |
260.00 |
|
Planlegging II |
5.00 |
20 |
8 |
100.00 |
|
Økonomi II |
5.00 |
22 |
10 |
110.00 |
|
Praksisrapport med metode, 6 vt |
6.00 |
17 |
7 |
102.00 |
|
Prosjektoppgåve med metode |
6.00 |
10 |
7 |
60.00 |
|
Kommunestruktur og reg. utvikling |
2.00 |
14 |
8 |
28.00 |
|
Mål- og resultatstyring |
2.00 |
10 |
2 |
20.00 |
|
Folkeleg medverknad |
2.00 |
14 |
8 |
28.00 |
|
Yrkesetikk |
2.00 |
9 |
5 |
18.00 |
|
Klagerett |
2.00 |
12 |
5 |
24.00 |
|
Regional planlegging og utvikling |
10.00 |
13 |
5 |
130.00 |
|
Offentleg organisering |
10.00 |
10 |
6 |
100.00 |
|
10.00 |
4 |
1 |
40.00 |
|
|
10.00 |
13 |
7 |
140.00 |
|
|
Sum |
92.00 |
377 |
198 |
1935.00 |
Tabellen viser ovanfrå og ned; dei obligatoriske 5-vekttalskursa, praksisrapport med metode, prosjektoppgåve med metode, valfrie seminar og delfag (10-vektalseiningar). Regioplan og Leiing for offentleg tilsette er etter- og vidareutdanningstilbod ved avdelinga som er avgifts-finansiert.
Kommunalfaga har med ein kvinnedel på 52.5 % ei svært jamn kjønnsfordeling (52.2 % i 1997). Dersom vi gjer om total vekttalsproduksjon til heiltidsekvivalentar, får vi 96.8 (72.7 i 1997). Måltalet for institutt for kommunalfag var 100 heiltidsekvivalentar.
|
KYRKJEFAGSTUDIA |
||||||||
|
Studentar frå alle studieretningar (1998) |
||||||||
|
Vekttal |
Studentar |
Kvinner |
Vekttals |
|||||
|
totalt |
totalt |
prod. |
||||||
|
Bibelfag |
6.00 |
61 |
35 |
366.00 |
||||
|
Kyrkjehistorie |
4.00 |
49 |
31 |
196.00 |
||||
|
Systematisk teologi |
4.00 |
64 |
37 |
256.00 |
||||
|
Religion og livssynskunnskap |
3.00 |
24 |
12 |
72.00 |
||||
|
Religionspedagogikk |
3.00 |
52 |
31 |
156.00 |
||||
|
Bibelteologi og hermeneutikk |
5.00 |
3 |
1 |
15.00 |
||||
|
Særstudium: Dei frivillige organisasjonane |
5.00 |
5 |
2 |
25.00 |
||||
|
Særstudium II: Apologetikk |
5.00 |
6 |
3 |
30.00 |
||||
|
Særstudium III: Andre emne |
5.00 |
2 |
1 |
10.00 |
||||
|
Særstudium IV: Etikk |
5.00 |
3 |
1 |
15.00 |
||||
|
Mennesket i samfunnet |
5.00 |
9 |
5 |
45.00 |
||||
|
Religionpsykologi og sjelesorg |
2.00 |
1 |
0 |
2.00 |
||||
|
Kristen forkynning |
2.00 |
1 |
1 |
2.00 |
||||
|
Kristen forkynning m/s |
3.00 |
31 |
16 |
93.00 |
||||
|
Innføring i EDB/EDB i kyrkjelyden |
2.00 |
7 |
3 |
14.00 |
||||
|
Kyrkja i samfunnet |
3.00 |
17 |
14 |
51.00 |
||||
|
Kyrkje- og kyrkjegardsforvaltning |
|
5.00 |
5 |
1 |
25.00 |
|||
|
Planlegging |
5.00 |
10 |
3 |
50.00 |
||||
|
Økonomi |
5.00 |
10 |
3 |
50.00 |
||||
|
Kyrkjerett og arbeidsrett |
3.00 |
23 |
6 |
69.00 |
||||
|
Praksis med praksisoppgåve |
6.00 |
19 |
14 |
114.00 |
||||
|
Praksis m/ praksisoppgåve |
7.00 |
31 |
16 |
217.00 |
||||
|
Organisering og leiing i offentleg verksemd |
10.00 |
4 |
1 |
40.00 |
||||
|
Kommunalkunnskap |
5.00 |
8 |
2 |
40.00 |
||||
|
Kristendomskunnskapm/livssyns 1 |
5.00 |
119 |
98 |
595.00 |
||||
|
Kristendomskunnskap 2, andre5vt |
5.00 |
25 |
18 |
125.00 |
||||
|
10.00 |
8 |
4 |
80.00 |
|||||
|
Sum |
127.00 |
597 |
359 |
2753 |
||||
Dei fem første kursa utgjer kristendomskunnskap grunnfag. Dei fem neste kursa er kristendomskunnskap mellomfag som består av fellesstudium og valfritt særstudium. Deretter følgjer praktisk-kyrkjeleg årsstudium og påbyggingsstudium til kyrkjeverje- og kateket. Til slutt står dei to einingane som er særskilte for lærarutdanningane. Examen philosophicum kjem i denne samanhengen inn under etter- og vidareutdanningstilbod ved avdelinga som er avgifts-finansiert.
Kyrkjefaga har ein kvinnedel på 60.1 % (63.5 % i 1997). Den totale vekttalsproduksjonen utgjer 137.7 heiltidsekvivalentar (156.3 i 1997). Måltalet for Institutt for kristendoms-kunnskap og kyrkjefag var 183.4 heiltidsekvivalentar.
2.1. Arbeid med samordning av studieplanar
Dersom vi skal samanfatte status for studieplanarbeidet, kan vi seie at avdelinga har kome rimeleg godt i gang. Det er utarbeida ein mal for kurspresentasjon. Samordning av undervisning, pensum og eksamenar mellom studietilboda er gjennomført eit godt stykke på veg. På det sistnemnde området kan det likevel vere behov for ytterlegare tilpassingar framover. Arbeidet med å få til samarbeid med universitet i Norden og elles i Europa har vorte i gangsett, men arbeidet har ikkje gitt nokon konkrete produkt i form av samarbeidsavtalar.
Avdelingsstyret har fatta vedtak om at ein felles mal for kurspresentasjon vert lagt til grunn ved utarbeiding og revisjon av studieplanar ved avdelinga. Vidare har det vorte fatta vedtak (sak 19/97) om at dei nye kursa ved avdelinga i hovudsak bør byggjast opp som 5- eller 10-vekttalsmodular, og at det blir arbeidd vidare med sikte på å vurdere 5- eller 10-vekttalsmodular som kan vere felles for fleire studieløyper. Inkludert i dette er førstesemesterstudier (Ex.phil./Ex.fac.).
Avdelinga gjorde hausten 1996 ei avtale med Møreforsking om å gjennomføre ei kandidatundersøking. Denne undersøkinga tok sikte på å kartleggje arbeids- og utdanningsmarknaden for kandidatane og kva som skjer med dei etter fullført utdanning ved høgskulen. Bakgrunnen for undersøkinga er at ein med jamne mellomrom bør finne ut om utdanninga kvalifiserer kandidatane slik ein hadde tenkt.
Møreforsking avslutta sitt oppdrag i samsvar med følgjande føresetnader:
Undersøkinga resulterte i ein fyldig rapport som vart publisert som nr. 13/97 i høgskulens Notatserie.
Avdelinga sine utfordringar knytt til dette materialet blir for det første å gjere oss nytte av den informasjonen som blir gitt t.d. i marknadsføringa av våre eigne studiar. Når opp i mot 90 % av dei uteksaminerte studentane er i inntektsgjevande arbeid berre 1 ½ år etter avslutta studiar her ved høgskulen, bør slike opplysningar kunne brukast i arbeidet med rekrutteringa av nye studentar.
For det andre er det viktig å bruke adresseregisteret når seminar, etter- og vidareutdanning skal marknadsførast, og når det elles er behov for informasjon og/eller oppfølging overfor tidlegare studentar.
For det tredje må det analyserast nærare kva datamaterialet seier om utdanningsløp og karrièrevegar innanfor ulike utdanningar. Det bør t.d. vere aktuelt å sjå nærare på kven som i sterkast grad vel vidareutdanning ved vår høgskule, og kva slags utdanningar som er mest aktuelle. I så måte er det interessant at over halvparten av kandidatane har teke vidareutdanning etter avslutta utdanning, og at nær ¾ av kandidatane frå KPA har gjort dette. Avdelingsadministrasjonen har skrive eit eige notat der resultat frå undersøkinga vert analysert og kommentert.
Ei fjerde utfordring blir korleis, kor ofte og av kven slike undersøkingar skal gjennomførast framover. Sjølv om spørjeskjemaet har fungert bra, krev det ein god del arbeid å oppdatere adresseregisteret, sende ut spørjeskjemaet, purre, registrere og gjennomarbeide dataa for så å skrive rapportar og iverksetje eventuelle tiltak.
Avdelinga siktar mot å gjennomføre ei ny kandidatundersøking allereie i 1999, og samtidig kan det vere aktuelt med ei oppfølging av respondentane frå denne første undersøkinga.
2.3 Etter - og vidareutdanningstiltak
I ei tid der stadig sterkare fokus blir sett på etter- og vidareutdanning bør høgskulen ta ansvar for å leggje til rette for studietilbod som kan gi nødvendig kompetanseheving, ikkje berre for studentar, men også for yrkesaktive. Dette er eit område som inneheld eit stort potensiale, og som kan gi oss ein betre og breiare basis framover.
Avdelingsstyret vedtok hausten 1997 å opprette eit prosjekt som siktar mot å styrke arbeidet med kurs, etter- og vidareutdanning ved avdelinga. Dette skal avklare kva avdelinga har å tilby av etter- og vidareutdanning, og utvikle planar der det ikkje allereie eksisterer slike planar. Det vert sett av ein administrativ ressurs til koordinering, og kvart institutt stiller med ein fagperson som har slikt utviklingsarbeid som ein del av stillinga si. Prosjektet blei starta opp i mars 1998.
Prosjektgruppa har sidan oppstarten i slutten av mars hatt tre møte. Følgjande saker har stått på dagsorden: klargjering av mandat og arbeidsområde, framdriftsplan, aktuelle nye kurs, seminar og tilbakemelding frå institutta.
Det er utvikla eit opplegg for utarbeiding av kompetansekatalog som er send ut til dei tilsette via instituttleiarane. Utgangspunktet er behovet for eit samla oversyn over dei kompetansefelt som finst ved avdelinga. Eit slikt oversyn vil kunne styrke prosjektarbeid og forsking. Dessutan kan det stimulere til auka samarbeid på tvers av faggrensene. Oversynet kan vere nyttig for alle som arbeider i tilknyting til avdelinga. I tillegg kan andre fagmiljø, samt organisasjonar og einskildpersonar i andre miljø ha behov for å orientere seg på våre fagområde.
Oversynet vert gjort tilgjengelig på internett via avdelinga si heimeside i form av eit oversyn som inneheld alle kompetansefelt vi registrerer i vårt arbeid. Denne vert kopla opp mot heimesidene til dei tilsette. Kompetansestikkorda vil på heimesidene stå under overskrifta "Faglege interesseområde". På denne måten vil brukaren få vite kven som veit kva ved avdelinga.
Nye tiltak
Kommunalfag:
Arbeidet med å tilby første året av KPA som desentralisert utdanning i Kristiansund blir eit
viktig satsingsområde for instituttet i tida framover. I samband med prosjektet er utarbeiding
av alternative undervisningsopplegg/læringsformer for dette studiet det viktigaste tiltaket.
Innanfor dette opplegget er det mogleg å gi tilbod om einskildståande 5-vekttalseiningar som etter- og/eller vidareutdanningstilbod.
Kristendomskunnskap og kyrkjefag:
KKF er involvert i følgjande tiltak som har starta opp:
I tillegg er følgjande kurs aktuelle å utvikle/tilby:
Fjernundervisning innan KRL-faget, 10vt, vart sett i gang hausten 1998. Dette kurset vil gå over tre semester med seks studieeiningar. Til kvar studieeining er det knytt eit studiebrev, ei helgesamling og ei innsendingsoppgåve.
Kyrkje- og kyrkjegardsdrift vart lagt ut som eit tilbod til ordinære studentar samtidig som det vart marknadsført som eit etter-/vidareutdanningstilbod gjennom dei kyrkjelege fellesråda over heile landet. Kurset vart lagt opp med fire samlingar fordelt på hausten 1998 og våren 1999. Kursavgifta for dei som ikkje har generell studiekompetanse er kr 3.000,-. Det kan vere aktuelt å leggje ut Kyrkje- og arbeidsrett på tilsvarande måte.
Instituttet har utarbeidd eit planutkast for ei Utdanning for leke arbeidarar i Sjømannsmisjonen, 10vt. Det er ikkje avklart om vi får denne utdanninga, og det er også ei viss konkurranse med Lærarakademiet om å få utdanninga. Kurs for "menighetslærere", 10vt., er førebels lagt på is.
Sosialfag:
Sosialfag har ansvaret for vidareutdanning i rusproblematikk (10+10 vekttal). Instituttet har lagt fram studieplanskisser for to moglege nye etter-/vidareutdanningstiltak; Barn sine interesser i kommunal planlegging (2vt) og Helse- og sosialadministrasjon (20vt).
Prosjektgruppa vart i samband med opprettinga (sak 45/97) utfordra til å komme attende med ei prioritering av tilbod til avdelingsstyret. Nedanfor er det sett opp ei rangering av tiltak som prosjektgruppa ønskte å satse noko hardare på:
Avdelingsstyret gjorde følgjande prioritering av tiltak som avdelinga ønskjer å satse noko hardare på i 1998 og 1999:
Dei tiltaka som ligg på dei tre øvste plassane på denne lista er tiltak som er tenkt kopla opp mot eit IT-basert undervisningsopplegg der det t.d. kan vere aktuelt å leggje førelesningar, rettleiing og samtalegrupper ut på Internett samtidig som det kan vere aktuelt å ta i bruk annan elektronisk eller digital kommunikasjonsteknologi. Denne typen utdanningsopplegg er, i allefall ved utvikling første gong, relativt ressurskrevjande. Det er likevel viktig at vi kjem i gang med utvikling av slike opplegg. For det første har teknologien og dermed marknaden endra seg. Stadig fleire har tilgang på IT-teknologi som gjer det mogleg å studere heime eller på arbeidsplassen. For det andre representerer IT-baserte undervisningsopplegg ei form for pedagogisk nytenking som har vist seg å fungere godt i læringssamanheng og som kan vere nyttig erfaringsgrunnlag for den ordinære undervisninga. Det er viktig at HVO/ASF får ein "pilot" på dette området. For det tredje er open læring og fjernundervisning høgt oppe på dagsorden både politisk og innan høgre utdanningsmiljø, noko som kan indikere at det kan vere mogleg å få tilført økonomiske midlar dersom ein satsar på denne typen utvikling (t.d. SOFF og Arbeidsgruppen for digitale læremidler, UiO). For det fjerde må vi i ei tid med relativt knappe ressursar orientere oss mot tiltak som kan generere inntekter og som samtidig representerer mindre slitasje på eksisterande personalressursar.
Avdelinga har 34 faglege stillingar og 2 bistillingar.
Avdelingsadministrasjonen består av kontorsjef, førstekonsulent og sekretær i halv stilling.
Dei siste åra har vore sterkt prega av kompetanseoppbygging blant fagpersonalet på avdelinga. 7 av våre tilsette har avlagt doktorgraden, og fleire er inne i arbeid med slik grad. Om lag 25 % av fagpersonalet ved ASF har no doktorgrad. Jan Einar Flø, Ingun Klepp og Anne Marie Verpe held på med hovudfag, og Birger Jacobsen held på med klinisk utdanning. Arne Redse held på med doktorgradsprosjekt, organisert av Menighetsfakultetet. Fleire andre held og på med vidare utdanning/kvalifisering innan sine felt.
Administrasjonen var i 1998 utvida med halv stilling i samband med det såkalla etter- og vidareutdanningsprosjektet (EVA) ved avdelinga. Frå sommaren vart det også tilsett administrativ prosjektleiar i halv stilling for å bistå med å utvikle eit mastergradsstudium i samfunnsplanlegging. Samstundes med dette er det under innføring nytt databasesystem og reglement for økonomi, og nytt studiesystem. Dette har medført at alle tilgjengelege ressursar vert nytta til utviklingsarbeid eller forvaltning, og at mesteparten av dei administrative støttefunksjonane ved avdelinga må finne si løysing på andre måtar.
Avdelinga har ført vidare ordninga med eigne sider på Internett. I 1996 innførte vi ei deling av sidene, slik at vi i tillegg til dei ordinære sidene, har eit internt www-system. På dei ordinære sidene som kan lesast frå heile verda er det lagt ut informasjon om avdelinga og institutta, dei einskilde studia, og alle tilsette. Internsidene inneheld referat frå ymse utval, plan og strategidokument, samt referat frå alle møter i avdelingsstyret. I 1998 er det også laga til ein elektronisk kompetansekatalog, og resultata frå kandidatundersøkinga er presenterte. Avdelinga sine sider er vitja mellom 8-9000 gangar pr. veke, og er dermed i særklasse dei mest vitja sidene ved Høgskulen. Det er særleg sidene til kristendom og kyrkjefag som er godt besøkte. Førsteamanuensis Torrey Seland har lagt mykje arbeid i å utvikle " A Resource Page for Biblical Studies" og har også i 1998 hatt det operative ansvaret for avdelinga sine www-sider.
Alle tilsette ved avdelinga disponerer tidsmessige datamaskiner. Det er no m.a. mogleg å nytte fullt ut dei utvida moglegheitene for intern kommunikasjon som det lokale datanettverket gjev høve til.
Skjematisk oversyn over vitskaplege
publikasjonar frå avdeling for samfunnsfag 1997 og 1998
.|
Kategori |
1997 |
1998 |
|
Tidsskriftartiklar, bidrag bøker |
45 |
19 |
|
Bøker /rapportar utgjevne på forlag |
6 |
2 |
|
Avslutta arbeid som ikkje er utgjeve på forlag |
28 |
29 |
|
Konferansebidrag |
58 |
34 |
4.1. Institutt for kommunalfag
A03 Artikkel i nordisk vitenskapelig tidsskrift (t.o.m. 1998)
Amdam, Jørgen
Recent demographic and employment change in Norway and Ireland
Nordisk Samhællsgeografisk Tidskrift, Nummer 26, s. 64-73
A04 Artikkel i norsk vitenskapelig tidsskrift (t.o.m. 1998)
Amdam, Jørgen
Regionale utviklingsprogram: Nyvinning eller "keiserens nye klær"
Plan, Hefte 1-2/1998, s. 30-39, Universitetsforlaget
Amdam, Roar
Vilkåra for vellukka plan- og utviklingsarbeid
Plan, Hefte 1-2/98, s. 54-65, Universitetsforlaget
A05 Kapittel i faglig bok, rapport m.v. (t.o.m. 1998)
Amdam, Roar
Strategisk kommuneplanlegging
Bidrag i boka: Planlegging og handling: (red.) Kleven, Terje, Utg. 2, s. 53-90, Oslo, Kommuneforlaget
Myklebust, Jon Olav
Aktørar og strukturar i lokal runddans
Bidrag i boka: I lærande fellesskap : Helsingsskrift til Urban Dahlløf
på 70-årsdagen, s.155-175, Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda
A07 Leder, anmeldelse, kronikk i tidsskrift inkl. dagspresse (t.o.m. 1998)
Myklebust, Jon Olav
Palmer, C. and P. Sinclair (1997): When the fish are gone :
Ecologicaldisaster and fishers in Northwest Newfoundland
Sociologia ruralis, Hefte 2, s. 255-256, Blackwell, Oxford
A17 Artikkel i populærvitenskapelig tidsskrift
Amdam, Jørgen
Sentrumsforming i Volda frå 1920 til i dag
Voldaminne. Årsskrift 1998, s.7-39, Volda Sogelag
B01 Faglig bok, rapport m.v. utgitt på forlag (t.o.m. 1998)
Amdam, Jørgen og Veggeland, Noralv
Teorier om samfunnsplanlegging : kommunalt, regionalt, nasjonalt,
internasjonalt. - 2. utg., 261 s., Universitetsforlaget
C11 Rapport utgitt av institusjon, forening, o.a.
Amdam, Jørgen, Barstad, Johan, Båtevik, Finn Ove, Olsen, Grethe Mattland
Tangen, Geir
Kartlegging og analyse av utviklingsretningar i Ålesundregionen og
Ålesund : innspel til arbeidet med å forme strategiar for framtidig
Utvikling. Møreforsking Volda, Arbeidsrapport nr. 68, 82 s.
Amdam, Jørgen
Fungerer (heller ikkje) den fysiske planlegginga?
Møreforsking Volda, Arbeidsrapport nr. 58, 52 s.
Amdam, Jørgen
Regionale utviklingsprogram og partnerskap mellom private og
offentlege utviklingsaktørar : krav og forventningar på
Nordvestlandet. Møreforsking Volda, Notat 6/98, 43 s.
Amdam, Roar
Regional dynamic through planning discourses
Høgskulen i Volda, Notat 10/98, 15 s.
Amdam, Roar
Learning regions and regional planning
Høgskulen i Volda, Notat 15/98, 19 s.
Amdam, Roar
Metode-essay
Høgskulen i Volda, Notat 14/98, 64 s.
Amdam, Roar, Amdam, Jørgen, Holsen, Terje, Vike, Halvard
Å samordne gjennom samtale : prinsipielle og praktiske kommentarar
til rundskriv om fylkesplanlegginga for perioden 2000-2003
Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda, Arbeidsrapport nr. 49, 96 s.
Dyrhol, Inge
Kvifor låner kommunane så mykje - og kvifor får dei gjere det?
Høgskulen i Volda Heftenr. 7/98, 8 s.
Dyrhol, Inge
Intern flytting mellom kommunane i Møre og Romsdal 1980-96
Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda, Notat 13/98, 31 s.
Dyrhol, Inge
Kommunane og "Benchmarking" : oppsummering av førebuande arbeid
Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda, Notat 12/98, 16 s.
Hanken, Turid, Løvik, Petter og Myklebust, Jon Olav
Butikken og bygda - handling og samhandling
Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda, Forskingsrapport nr. 33, 3 bl.,133 s.,2 bl.
Kvalsund, Rune og Myklebust, Jon Olav
Om forsking i motstraum? : om forskingsprosessen i prosjektet Reform
94 - særskilt tilrettelagd opplæring
Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda, Forskingsrapport nr. 37, 45 s.
Kvalsund, Rune, Myklebust, Jon Olav, Båtevik, Finn Ove, Steinsvik, Brit
Når vilkår varierer : særskild tilrettelegging i vidaregåande
opplæring - gjennomgåande mønster
Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda, Forskingsrapport nr. 31, 4 bl.,153 s.,3 bl.
Kvalsund, Rune og Myklebust, Jon Olav
Innestenging, utestenging eller inkludering? : om læringsvilkår,
gjennomstrøyming og fråfallsmønster for særvilkårselevar i
vidaregåande opplæring
Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda, Forskingsrapport nr. 35, 202 s.
Myklebust, Jon Olav
Comparative Case Studies : international conferense on case study in
education, University of Warwick 23-25 March 1998 (paper)
Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda, Notat 3/98, 18 s.
Myklebust, Jon Olav
Transitions in Teachers' Lives : European Conference on Educational
Research, Ljubljana 17-20 September 1998
Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda, Notat 16/98, 12 s.
Myklebust, Jon Olav
Særvilkår og ordinærvilkår : om gjennomstrøyming, avbrotsintensjonar
og foreldreperspektiv
Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda, Arbeidsrapport nr. 60, 46 s.
Myklebust, Jon Olav
Staying or leaving? : actual and intended Transitions in Upper
Secondary Education : european Conference on Educational Research,
Ljubljana 17-20 September 1998
Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda, Notat 17/98, 14 s.
C12 Alminnelig tilgjengelig kompendium
Amdam, Roar
Lærande regionar og regional planlegging : prøveforelesing til
doktorgraden i landbruksvitskap, sjølvvalt emne
Høgskulen I Volda, 19 s.
Amdam, Roar
Teorien om kollektiv handling i lys av kommunikativ rasjonalitet *
eksemplifisert med lærande regionar. Prøveforelesing til doktorgraden
i landbruksvitskap, oppgitt emne.
Høgskulen i Volda, 18 s.
D02 Foredrag/poster ved vit. konf. med publisert artikkel (t.o.m. 1998)
Amdam, Roar
Regional dynamic through planning discourses
I konferanserapporten: Oxford Planning Theory Conference 2-4 April 1998. Papers, Vol. 1, s.13-20, Oxford Brookes University
D03 Foredrag/poster ved vit. konf. med publisert abstract (t.o.m. 1998)
Amdam, Jørgen
Confidence building in local planning and development. Some
experience from Norway.
I konferanserapporten: Planning, professionals and public expectations : abstracts, s. 35, XII AESOP Congress Aveiro, Portugal
Amdam, Roar
Learning regions and regional planning
I konferanserapporten: Planning, professionals and public expectations : abstracts, s. 159, XII AESOP Congress Aveiro, Portugal
D04 Uspesifisert foredrag med eller uten publisering (t.o.m. 1998)
Amdam, Jørgen
Utdanning, kultur, ungdomsrekruttering og næringsutvikling i Møre og
Romsdal.
Foredrag på fylkesordførarkollegiet sitt sommarmøte, Ålesund, 1998-08-03
Utfordringer for det regionale Norge - fylkeskommunens ansvar og
innsats
Amdam, Jørgen
Regionalpolitikken og utfordringar for fylkeskommunane
Seminar om regionalpolitikk og fylkesplanlegging, KS og MD, 1998-01-28, Oslo.
Amdam, Jørgen
Processes of participation. Local planning - General experiences in
community planning "the method of voluntary work"
Coping Strategies in Periphery Communities: A MOST SSPP Users
Conference, 1998-03-21, Isafjor@dur, Island.
Amdam, Jørgen
Ungdomen sine forventningar til tettstader og sentrum.
Ungdommens yrkesvalg, Messe for Vidaregåande skule, 1998-01-29, Brattvåg.
Amdam, Jørgen
Moglegheiter for ei distriktskommune.
1998-02-20, Larsnes
Amdam, Jørgen
Utviklingstrekk og utfordringar for Norddal kommune
1998-01-26, Norddal
Amdam, Roar
Master i samfunnsplanlegging
Forum for utdanning i samfunnsplanlegging, 1998-08-17, Steinkjer
Amdam, Roar
Korleis utvikle konkurransekrafta i Sunnmørsindustrien
Sunnmøre mot 2010, 1998-03-21, Geiranger
Amdam, Roar
Nyskapingsstrategiar for småbedrifter og nettverk
Informasjonsmøte for offentlege næringsaktørar, 1998-06-04, Stavanger
Amdam, Roar
Forskingsstatusen innafor regional planlegging
Norges forskingsråd, seminar om forskingsprogrammet Regional
Utvikling, 1998-06-09, Oslo
Amdam, Roar
Lokalsamfunnet som planleggande eining
Landskonferansen for Lokal Agenda 21, 1998-02-10, Fredrikstad
Dimmen, Sveinung
Bustad, nærmiljø og lokal planlegging
Nordvestseminaret, Loen, 1998-12-10
Dyrhol, Inge
Aktuelle økonomiske problemstillingar
Møte Ørsta Rotary, 1998-01-20
Myklebust, Jon Olav
Vestlandslæraren - nye roller i nye tider
Foredrag halde under Forskingsdagane '98, Høgskulen i Volda, 1998-09-22
4.2. Institutt for kristendomskunnskap og kyrkjefag
A04 Artikkel i norsk vitenskapelig tidsskrift (t.o.m. 1998)
Aadnanes, Per M.
Livssynsforsking mellom pedagogikk og hermeneutikk
Tidsskrift for kirke - religion – samfunn (red.: Ulstein, Jan Ove), Hefte 1-2, s.41-53, Volda
Redse, Arne
Kinesisk buddhisme på grasrotplanet : Refleksjonar frå personleg møte
Prismet : Pedagogisk tidsskrift, 1/98, s.37-41, Oslo
Redse, Arne
Kinesisk buddhisme på grasrotplanet - refleksjonar som svar til Egil
Lothe
Prismet : Pedagogisk tidsskrift, 2/98, s.88-93, Oslo
Ulstein, Jan Ove
Teologi, kyrkjeliv og samfunnskontekst - eit perspektiv ved eit
jubileum
Tidsskrift for kirke - religion - samfunn (red.: Ulstein, Jan Ove), Hefte 1-2, s.112-124, Volda
A05 Kapittel i faglig bok, rapport m.v. (t.o.m. 1998)
Aadnanes, Per M.
Tal, tid og historie : om tusenårsskiftets mentalitetsmessige røter
Bidrag i boka: Enhet i mangfold? : 100 år med religionshistorie i Norge
(red.: Ruud, Inger Marie og Hjelde, Sigurd), s. 262-280, Oslo, Tano Aschehoug
Hjertenæs, Magnar
Frå vikingtokt til helsestasjon : manndomsprøver for nordiske fedrar
I boka: Fars bok : om menn, barn og oppdragelse
(red.: Magerøy, Lars Inge og Weyde, Jorun E. Berstad, s.52-76, IKO-forlaget AS, Oslo
A17 Artikkel i populærvitenskapelig tidsskrift
Aadnanes, Per M.
Okkultismen - ein livssynstrend for framtida? : strøtankar om
okkultisme, livssynsmarknad og ungdomskultur
KPF-kontakten (red.: Berge, Ottar m.fl.), Heftenr. 1, s. 4-6
B01 Faglig bok, rapport m.v. utgitt på forlag (t.o.m. 1998)
Ulstein, Jan Ove (red.)
Tidsskrift for kirke - religion – samfunn, Hefte 1-2, 175 s., Volda
C11 Rapport utgitt av institusjon, forening, o.a.
Seland, Torrey
Paulus i Polis : Paulus' sosiale verden som forståelsesbakgrunn for
hans forkynnelse, Høgskulen i Volda, Forskingsrapport nr. 34, 269 s.
C12 Alminnelig tilgjengelig kompendium
Seland, Torrey
What Do We Know About Philo, his Authorship, and his Addresses? : a
tentative essay
Internett, Høgskulen i Volda
D04 Uspesifisert foredrag med eller uten publisering (t.o.m. 1998)
Aadnanes, Per M.
Vitskap og etikk
Vitskapsteoretisk seminar, 1998-03-05, Høgskulen i Volda
Aadnanes, Per M.
Kristen-Norge - kva er no det?
Vårt Land, 1998-02-20, Oslo, Noreg
Aadnanes, Per M.
Nyreligiøsitet, ungdomskultur og religionsundervisning
Flerreligiøsitet og flerkultur, 1998-09-21, Høgskolen i Finnmark, Alta
Aadnanes, Per M.
Nyreligiøsiteten på livssynsmarknaden.
Gjesteforelesning. Norsk lærerakademi, vitenskapelig høgskole, Bergen, 1998-11-17
Aadnanes, Per M.
Eskatologi framfor eit tusenårsskifte
Kursdag, Nordfjord lokallag av Den norske kirkes presteforening,1998-02-19, Nordfjordeid
Aadnanes, Per M.
Dåpsopplæring i Den norske kyrkja
Etterutdanningskurs, Kateketforeningen i Bjørgvin, Stryn, 1998-05-26
Hjertenæs, Magnar
Frå vikingtokt til helsestasjon - manndomsprøver for nordiske menn
Foredrag halde under Forskingsdagane '98), Høgskulen i Volda, 1998-09-22
Løvlie, Birger
Den norske kirkes rettslige posisjon - historisk belyst
Presteforeningen, Oslo, 1998-02-18, 21 s.
Redse, Arne
Kulturskilnader, religionsmøte og kontekstualisering
Seminar om kulturkontekst, religionsmøte og kontekstualisering, HVO, Volda, 1998-10-12, 9 s.
Redse, Arne
Buddhisme i aust og vest
Seminar om kulturkontekst, religionsmøte og kontekstualisering, HVO, Volda, 1998-10-12, 13 s.
Redse, Arne
Teologisk kontekstualisering i lys av nyare hermeneutikk
FAKK-seminar, 1998-05-14, 14 s.
Seland, Torrey
The Early Persecutions of the Christians: What part did the Jews
play, and How and Why?
Gjesteforelesning, 1998-11-19, University of Edinburgh, Skottland
Seland, Torrey
"Conduct Yourselves honourably among the Gentiles." Assimilation and
Acculturation among the First Christians as argued in the 1. letter
of Peter
Gjesteforelesning, 1998-11-15
A04 Artikkel i norsk vitenskapelig tidsskrift (t.o.m. 1998)
Heggen, Kåre
Ungdomsforsking og framtidsbilete
Tidsskrift for kirke - religion – samfunn, Hefte:1-2, s. 15-30
A05 Kapittel i faglig bok, rapport m.v. (t.o.m. 1998)
Heggen, Kåre
Å forstå kodane bak tala
Bidrag i boka: I lærande fellesskap : Helsingsskrift til Urban Dahlløf
på 70-årsdagen, s. 121-134, Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda
Osborg, Thinken Røsvik og Osborg, Petter
Søskenliv på godt og vondt : søskens erfaringer med bror/søster med
diagnose ADHD
Bidrag i boka: I lærande fellesskap : Helsingsskrift til Urban Dahlløf
på 70-årsdagen, s. 283-303, Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda
Stave, Gunnar
Organisert frivillig velferdsinnsats og det offentlege : konflikt- og
harmonimodellar i den samfunnsvitskaplege debatten
Bidrag i boka: I lærande fellesskap : Helsingsskrift til Urban Dahlløf
på 70-årsdagen, s. 177-193, Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda
A11 Artikkel i internasjonalt vitenskapelig tidsskrift med referee
Heggen, Kåre
New Policies, New Options: Learning From Changing Student Transmitions in Twi Ends of the World
Journal of Research in Post-Compulsory Education
Wolverhampton, UK, Triangle Journals, Heftenr. 3
A17 Artikkel i populærvitenskapelig tidsskrift
Conradi, Hallgerd
Velferdsstaten sitt barometer?
Sunnmørsposten, 1998-03-28
Conradi, Hallgerd
Exit sosialkontor?
Sunnmørsposten, 1998-09-26
C11 Rapport utgitt av institusjon, forening, o.a.
Bergem, Randi og Vik, Lars Jørgen
"Brukarstyrt kvalitetsutvikling" : pasientundersøking på medisinsk
poliklinikk ved Fylkessjukehuset i Volda
Møreforsking Volda, Arbeidsrapport nr. 54, 39+7 s.
Båtevik, Finn Ove, Heggen, Kåre og Olsen, Grethe Mattland
Kompetanse i regionalt perspektiv : yrkesutdanning i Glåmdalen og
Ytre Søre Sunnmøre under gjennomføringa av Reform 94
Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda, Arbeidsrapport nr. 69
169 s.
Bøe, Lidveig, Heggen, Kåre, Kvalsund, Rune, Madssen, Kjell-Arild, Vaage, Sveinung (red.)
I lærande fellesskap : helsingsskrift til Urban Dahlløf på 70-års
Dagen. Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda, 340 s.
Vik, Lars Jørgen
Brukerstyrt kvalitetsutvikling : pasientundersøking på revmatologisk
poliklinikk, Innherred sykehus
Møreforsking Volda, Arbeidsrapport nr. 62, 29 s.
Vik, Lars Jørgen
Rusvanar mellom ungdomsskuleelevane i Herøy 1997
Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda, Arbeidsrapport nr. 50, 27 s.
C12 Alminnelig tilgjengelig kompendium
Conradi, Hallgerd
Mellom frivillighet og profesjon : en studie av settlementsbevegelsen i Norge 1919-1964 (upublisert artikkel, sammendrag av hovedfagsoppgaven: Å være sin nabos nabo), 12 s.
C15 Hovedfagsoppgave
Conradi, Hallgerd
Å være sin nabos nabo : en studie av studentersettlementet Fossgården
og settlementsbevegelsen i Norge 1919 - 1964 (Hovedfagsoppgave v/NTNU)
Program for sosialt arbeid, NTNU, Trondheim, 106 s.
D01 Invitert foredrag ved vit. konf. med publisert artikkel (t.o.m. 1998)
Heggen, Kåre
Reforms in Vocational Education in Norway and their Effects on
Education and Employment Destinations of Young People
I konferanserapporten: Preparing Young People for Work : Experiences from Two Scandinavian Countries Vol.5, Heftenr. 1, s. 1-8
University of Melbourne, Australia
D04 Uspesifisert foredrag med eller uten publisering (t.o.m. 1998)
Heggen, Kåre
Youth Research and Young People's View of the Future
University of Melbourne, Youth Research Centre, Konfer : Youth 98, Public Spaces, Public Voices
Heggen, Kåre
Youth in Rural areas without Education: Marginalisation?
1998-10-31, Joint meeting of British and Norwegian Childhood Researchers, Manchester
Vik, Lars Jørgen
Tverrfagleg samarbeid i eit organisasjonsteoretisk perspektiv
1998-10-17, Rehabiliteringskonferansen, Geiranger
Avdeling for samfunnsfag fekk i 1998 tildelt eit samla budsjett på i alt kr. 12 979 000. (eks. vikarstipend) Dette var ei nominell auke på kr. 853 840 frå 1997. (7%) Avdelinga sitt budsjett vart vidare fordelt med kr. 2 178 079 til kommunalfaga, kr. 6 049 280 til sosialfaga, og kr. 4 221 284 til kristendomskunnskap og kyrkjefag. Kr. 530 358 vart sett av som fellesmidlar.
Fordelinga vart bestemt gjennom ein enkel modell i hovudsak bygt på studentmåltal og ulik vekting (faktor) på vekttala i dei ulike utdanningane. (96% av bruttobudsjettet) Vektinga av studentmåltala vart gjennomført slik at 1. års vekttal fekk faktor 1,0, 2. års vekttal 1,3, og 3. og 4. års vekttal fekk faktor 1,6. I praksis tyder dette at det vart budsjettert med ein relativt låg årskostnad pr. førsteårsstudent, ein middels kostnad for 2.års studentar, og ein relativt høg kostnad for 3. og 4. årsstudentar. Vidare vart det i samband med dei instituttvise rammetildelingane berekna kor mykje som skulle gå til faste løner, og dermed også kva kvart institutt disponerte til meir variable utgifter. Nytt av året var det at ein mindre del av budsjettet vart fordelt etter dokumentert FoU-produksjon og kandidatproduksjon, og at det vart gjort ei utjamning av dei faste lønnsutgiftene ved institutta.
Det er verdt å merke seg at rekneskapsåret 1998 var ca. 2 veker lenger enn vanleg. Dette kjem av at vi ikkje hadde tilvisingsstopp i midten av desember månad som åra før. Summane i parentes under er dermed eit rettare samanlikningsgrunnlag med tidlegare årsrekneskap.
FELLESNIVÅET VED AVD. (01): + kr. 73 000 ( 86 000)
KKF (71) + kr. 230 000 ( 252 000)
KOMF (70) + kr. 14 000 ( 56 000)
SOSF (72) - kr. 82 000 ( 73 000)
FASTE LØNER + kr. 211 000 ( 212 000)
SUM ASF + kr. 446 000 ( 680 000)
I samsvar med dette gjorde Avdelingsstyret slikt vedtak: (AS-sak 10/99)
Bruken av midlar fordelte seg med 87,16 % på lønnspostar og om lag 12,84 % på driftspostar Avdelinga brukte i 1998 om lag kr. 470 000 meir i driftsmidlar enn det som var foreslått i saksutgreiinga om budsjettsaka til høgskulestyret, og dette kan tyde på at avdelinga er heilt avhengig av vakanse i stillingar for å få midlar til drift på budsjettet under gjeldande budsjettordning ved HVO.
5.3. Arbeidet i avdelingsleiing og i avdelingsstyre i 1998
Det har i denne tida vore gjennomført 7 avdelingsstyremøte, 4 i vårsemesteret, og 3 i haustsemesteret. Frammøtet frå dei tilsette har jamt over vore god, medan dette ikkje har vore tilfelle for studentane sin del. Det har berre vore studentrepresentasjon på 2 av møta, og då berre ved ein student kvar gong. Her ligg ei viktig utfordring for neste studieår, utan at vi heilt veit kva som må til for å få opp engasjementet frå studentane.
I dei 7 møta har det vore handsama 43 orienteringssaker og 39 ordinære saker. Følgjande tabell kan gi eit visst oversyn over kor mange av ulike type saker som er handsama:
|
- Økonomisaker; budsjett, rekneskap, budsjettmodell, vektlegging av FoU |
|
|
i høve til budsjettet o.l. |
8 |
|
- Studiesaker; studieplan, fagplan, avtalar om studietilbod o.l. |
15 |
|
- Faglege prosjekt, EVA-prosjektet o.l. |
1 |
|
- Planar; møteplan, utviklingsplan, strategiplan, arealbruk o.l. |
4 |
|
- Reglar, forskrifter, høyringar, oppnemningar o.l. |
5 |
|
- Sensoroppnemning |
1 |
|
|
|
Vikarstipend |
5 |
Nokre saker har avdelingsstyret delegert til dekanus/avdelingsleiinga. Det gjeld m.a. tildeling av strategiske midlar. Her blir avdelingsstyret orientert i ettertid om bruken av desse midlane. Vi har funne det praktisk å opprette eit arbeidsutval, samansett av dekanus, prodekanus, kontorsjef og dei tre instituttleiarane, som diskuterer og tek stilling til søknader om strategiske midlar, samt drøftar andre viktige saker for avdelingsstyret. Erfaringa er at dette er eit nyttig hjelpemiddel for å førebu og vidareføre saker i forhold til avdelingsstyret.
6. Deltaking frå ASF i råd og utval ved HVO
Representantar frå ASF er utheva.
HØGSKULESTYRET
REPRESENTANTAR OG VARAREPRESENTANTAR I STYRET FOR HØGSKULEN I VOLDA 1. AUGUST 1997 - 31. JULI 2000
Det nye styret for Høgskulen i Volda har fått slik samansetjing av interne og eksterne
representantar og vararepresentantar i perioden 1. august 1997 - 31. juli 2000:
Interne representantar Interne vararepresentantar
Rektor Gunnar Stave, styreleiar
Prorektor Arne Kåre Topphol, nestleiar
Per Magne Aadnanes, 1. Gunnar Strøm,
ASF AMF
Marie Nedregotten Sørbø, 2. Arnfinn Haug,
AHF ALU
Peder Haug, 3. Roar Amdam,
ALU ASF
Hilde Trandal, Biblioteket - avd. Hans Strøm Ragne Ørstavik Sørheim, Kontor for studieadministrasjon
Studentrepresentantar Student-vararepresentantar
Vibeke Bergsholm Kirstina Reitan
Gunnar Otto Norby
Eksterne representantar Eksterne vararepresentantar
Bjørn Martin Aasen, Eggesbønes 1. Harald Kjølås, Ålesund
Haldor Aasebø, Skodje 2. Sverre Devold, Ålesund
Aud Folkestad, Stranda 3. Beret Melle, Ørsta
HØGSKULERÅDET
SAMANSETJING AV HØGSKULERÅDET VED HØGSKULEN I VOLDA
I PERIODEN 1. AUGUST 1997 - 31. JULI 2000
Høgskulerådet ved Høgskulen i Volda har slik samansetjing i perioden 1. august 1997 - 31. juli 2000:
Representantar for tilsette i undervisnings- og forskarstillingar (fagtilsette)
Medlemer: Vara:
Odd Ragnar Hunnes, Avdeling for lærarutdanning (dekanus)
Jostein Nordvik, Avdeling for lærarutdanning 1. vara: Per Gunnar Flø
Brit Steinsvik, Avdeling for lærarutdanning 2. vara: Johs. Holstad
Frode Sætre, Avdeling for lærarutdanning 3. vara: Christofer Bang
Marit Ulvund, Avdeling for lærarutdanning 4. vara: Kari Anne Osborg
Kåre Heggen, Avdeling for samfunnsfag (dekanus)
Asbjørn Simonnes, Avdeling for samfunnsfag 1. vara: Klaus Egge
Sveinung Vaage, Avdeling for samfunnsfag 2. vara: Jan Einar Flø
Kjell-Arild Madssen, Avdeling for humanistiske fag (dekanus) 1. vara: Marie N. Sørbø
Ove Langlo, Avdeling for humanistiske fag 2. vara: Torgeir Dimmen
Atle Døssland, Avdeling for humanistiske fag 3. vara: Bjørg O. Eikrem
1. august 1997 - 31. juli 1998:
Bjørg Nedregotten, Avdeling for mediefag (dekanus) Vara: Bjarte Alme
Sverre Liestøl, Avdeling for mediefag, leiar
1. august 1998 - 31. juli 2000:
Ketil Jarl Halse, Avdeling for mediefag (dekanus) 1. vara: Bjørg Nedregotten
Sverre Liestøl, Avdeling for mediefag 2. vara: Bjarte Alme
Representantar for biblioteket og teknisk/administrativt tilsette elles
Ragnhild Halsen (biblioteket) Vara: Geir H. Nilsen
Reidulf Botn (tekn./adm. personale elles) 1. vara: Håkon Bø
Marit Holstad Aarsæther (tekn./adm. personale elles) 2. vara: Sissel G. Wahlstrøm
Studentrepresentantar
Ann Kristin Liestøl, AHF
Ingebjørg Bjorvand, ALU
Åshild Indresøvde, AMF
Anne Furuseth, ASF, nestleiar
Hanne Solvang, STIV
Rektor, prorektor og dei andre medlemene i høgskulestyret kan møte i høgskulerådet med talerett, jf. Lov om universiteter og høgskoler, § 8 nr. 6.
FASTE OG MELLOMBELSE NEMNDER OG UTVAL
KLAGENEMNDA VED HØGSKULEN I VOLDA
Styret for Høgskulen i Volda vedtok i møte 14. desember 1995, sak 61/95, å opprette ei eiga klagenemnd ved Høgskulen i Volda.
Vi viser elles til styrevedtaket i møte 18. april 1996, sak 27/96.
Klagenemnda har førebels ikkje hatt saker til behandling, og har heller ikkje konstituert seg.
Samansetjinga av klagenemnda såg slik ut pr. juli 1996:
Leiar: Nestleiar (og vara for leiar):
advokat Jo Prestegarden, Ørsta advokat Rune Totland, Nordfjordeid
Medlemer elles:
Johs. Holstad, ALU Vara: Arnljot Løseth, AHF
Bernt Olav Øvregaard, ASF Vara: Svein Brurås, AMF
Stud.repr. Anne Furuseth
Stud.repr. Øystein Nordvik
Det kan no vere aktuelt å nemne opp nye medlemer og varamedlemer til klagenemnda.
ARBEIDSMILJØUTVALET VED HØGSKULEN I VOLDA
Arbeidsmiljøutvalet ved Høgskulen i Volda er samansett slik i perioden 1. januar 1997 -
31. desember 1998:
Medlemer: Vara:
Frode F. Birkeland Sverre Tverberg, arb. gjevarrepr.
Leiv Myklebust Bjørn Krøvel "
Einar Muren Kjell-Einar Dagfinrud "
Anne Helen Sundalsfoll Ingvar Elgesem "
Jon-Arild Kvamme Sollid - hovudverneombud Rune Pettersen FF
Anne Margrete Seland - leiar NTL
Anne Humberset Svanhild Sporstøl ELF
Jorunn Grimeland Heidi Brunstad NL
TILSETJINGSRÅD
Medlemer i tilsetjingsråda varierer etter stillingstype, men regelen er at personalsjefen alltid er med. Deretter er det vedkomande leiar som stillinga er underlagt i fellesadministrasjonen, eller administrativ leiar ved avdelinga som stillinga er knytt til. I tillegg skal det vere med 2 tenestemannsrepresentantar tilhøyrande vedkomande stillingsgruppe.
Høgskulestyret tilset i professorat, og gjer vedtak om opprykk til professor og i administrative leiarstillingar.
TILSETJINGSRÅD FOR UNDERVISNINGSPERSONALE
Rektor Gunnar Stave, leiar
Dekanus for den aktuelle avdeling
Lidveig Bøe, oppnemnd av tenestemannsorganisasjonane
Sigrun Meisingset, oppnemnd av styret
Jan Driveklepp, høgskuledirektør
Sverre Tverberg, personalsjef
TILSETJINGSRÅD FOR SAKSBEHANDLARAR, BIBLIOTEKARAR OG INGENIØRAR
Personalsjef Sverre Tverberg, leiar
Studiesjef Bjørn Krøvel
Økonomisjef Leiv Myklebust
Edel Vatne Roald, NTL
Ragne Ørstavik Sørheim, ELF
TILSETJINGSRÅD FOR KONTOR- OG REINHALDSPERSONALE
Personalsjef Sverre Tverberg, leiar
Studiesjef Bjørn Krøvel
Økonomisjef Leiv Myklebust
Harriet Skeide, NTL
Anne Humberset, ELF
BIBLIOTEKRÅDET 1997/98
Medlemer: Vara:
Gunnar Stave, rektor
Randi Lothe Flemmen, AHF
Jon Peder Vestad, AMF
Jon Olav Myklebust, ASF
Hogne Hallaråker, ALU
Ragnhild Halsen, bibl. Geir Helge Nilsen, bibl.
Birgitte Gjerløw, stud. repr.
Marianne Berg, stud. repr. Jenny Dauenbarger, stud. repr.
Frode Følling Birkeland, sekretær
IT-UTVAL
Høgskulen har eit IT-utval der desse er medlemer:
Svein Arnesen, IT-ansvarleg
Frode Følling Birkeland, bibl.
Reidulf Botn, AMF
Per Arne Brandal
Arnfinn Kjelland, AHF
Jan Einar Flø, ASF
Jostein Nordvik, ALU
Rune Mo, IT
Stig Flåskjær, IT
Knut Sverre Nes
WEB-UTVAL
Web-utvalet vart nedsett av høgskuledirektøren for å utarbeide mål og organisatoriske løysingar for bruken av World Wide Web som informasjons- og kommunikasjonskanal for Høgskulen i Volda.
Høgskuledirektør Jan Driveklepp
IT-ansvarleg Svein Arnesen
Torrey Seland
Bjørg Nedregotten
Jon-Arild Kvamme Sollid
Per Gunnar Flø
Kirsten Hundvebakke
Vidar Myklebust
Per Arne Brandal er sekretær for utvalet
FORSKINGSUTVAL
Gunnar Stave - leiar
Ketil Jarl Halse
Kåre Heggen
Sveinung Vaage
Per Magne Aadnanes
Jørgen Amdam
Peder Haug
Odd Monsson
Randi Bergem
Nils Magne Magerøy
FoU-konsulent Bergljot Melsæter Worren er referent for utvalet.
UTVIDA FORSKINGSUTVAL
Dette utvalet er enno ikkje aktivisert.
LIKESTILLINGSUTVALET VED HØGSKULEN I VOLDA
Medlemer: Vara:
Bjørn Krøvel, arbeidsgjevarrepr. Frode F. Birkeland
Ingvar Elgesem, " Kjell-Einar Dagfinrud
Per Magne Aadnanes, Norsk Forskerforbund Erling Sivertsen
Per Arne Brandal, Etatsansattes Landsforbund Ragnhild Halsen
Gonnie Smit Løseth, Norsk Tjenestemannslag Kjellfrid Osdal
Eldrid Digernes, Norsk Lærarlag Brit Steinsvik
VALSTYRET VED HØGSKULEN I VOLDA
Etter utskifting av medlemer i valstyret sommaren 1997 er samansetjinga slik t.o.m.
31. august 1999:
Medlemer: Vara:
Representantar frå fagleg tilsette:
Britt Loven Ølnes, nestleiar 1. vara: Bjørg Nedregotten
Magnar Hjertenæs 2. vara: Svein Brurås
Representantar for teknisk/administrativt tilsette:
Kjell Einar Dagfinrud, leiar 1. vara: Gerd Muren
Einar Muren 2. vara: Bergljot M. Worren
Studentrepresentant:
Øystein Nordvik
Studentrepresentanten blir vald kvart år.
ARBEIDSFORDELINGSUTVALET
Høgskuledirektør Jan Driveklepp, leiar
Førstekonsulent Per Arne Brandal
Kontorsjef Kjell-Einar Dagfinrud
Kontorsjef Ingvar Elgesem
Førstekonsulent Per Ernst Lundberg
Konsulent Idar Mjånes
Kontorsjef Einar Muren
Kontorsjef Jon-Arild Kvamme Sollid
Personalsjef Sverre Tverberg
Førstekonsulent Sissel G. Wahlstrøm, sekretær
BUDSJETTKRITERIEGRUPPA
Jan Driveklepp, koordinator
Odd Ragnar Hunnes
Jon-Arild Kvamme Sollid
Kåre Heggen
Ingvar Elgesem
Leiv Myklebust
Edel Vatne Roald, sekretær
ARBEIDSPLANUTVALET
Bjørg Nedregotten, leiar
Kjell Einar Dagfinrud
Einar Muren
Kjell-Arild Madssen
STUDIENEMNDA VED HVO 97/98
Medlemer: Vara:
Arne Kåre Topphol, leiar Gunnar Stave
Torgeir Dimmen, AHF Arnfinn Kjelland
Johs. Holstad, ALU Kari Anne Osborg
Hans Martin Dypvik, AMF Torill Mortensen
Jørgen Amdam, ASF Torrey Seland
Stein Robert Osdal, ASF
(stud. repr. AHF) (AHF)
Kristin Sletten Andersen, ALU Janita Mo
Rudolf Sachs, AMF Kirsti Husby
Bjørn Krøvel, studiesjef Per Ernst Lundberg
PROSJEKTGRUPPA FOR NYTT STUDENTHUS
Kenneth Kvisle, studentrepr.
Rune Vikan, studentrepr.
Jørgen Amdam, HVO
Leiv Myklebust, HVO
Roger Nedreklepp, Volda Kommune
Anne-Mari Falkevik, SSIV
Jan Henning Egset, SfS
Trond Hjelseth, SfS
UTVAL FOR NYTT HØGSKULEBYGG
Medlemer: Vara:
Geir Hjorthol - leiar 1. Sverre Liestøl
Eivind Indresøvde 2.
Ottar Berge 3.
Rakel Christina Granaas Bente Afset
Jon Arve Sporstøl 1. Ingunn Nordal
Anne Margrete Seland 2. Ragnhild Korsbrekke
Svein Arnesen 3. Gerd Muren
Frode F. Birkeland Kirsten Hundvebakke
Jørn Reppe, studentrepr.
Kristin Sletten Andersen, studentrepr.
UTVAL FOR EKSISTERANDE BYGNINGSMASSE
Medlemer: Vara:
Eivind Indresøvde - leiar Ivar Torvanger
Sverre Paul Runde Christofer Bang
Marit Ulvund Jorunn Grimeland
Jon-Arild Kvamme Sollid Geir Hjorthol
Kjell Einar Dagfinrud
Reidulf Botn Sverre Liestøl
Kristin Sletten Andersen, studentrepr.
PROSJEKTGRUPPA VOLDA MOT ÅR 2000
Per Ernst Lundberg, leiar
Jan Henning Egset, SfS
Torbjørn Urke, repr. HVO
Ola Sætermo Grasdal, studentrepr.