HVO > Fjernundervisning >ExPhil

Examen Philosophicum(15 stp)

ExPhil ny ordning frå hausten 2003: Klikk her
 

Ex.phil. arrangeres frå hausten 1999 av Institutt for Kristendomskunnskap og Kyrkjefag

Fagansvarleg; Prof. Per Magne Aadnanes., Tlf. 7007 5198.  pma@hivolda.no
Koordinator: Prof. Torrey Seland; ts@hivolda.no. Tlf. 7007 5067.
Faglærer: Seniorforskar Peter Burgess, peter@prio.no

Pensum for Ex.Phil.   (gml. ordning)

I. Innleiing
Eksamen philosophicum er eit førebuande studium med 15 studiepoeng (5 vektall). Studiet vil normalt kunna takast som eit eige frittståande studium, men kan også vera lagt inn i det første studieåret i dei ulike studieløpa ved avdelinga/høgskulen.

Studiet skal gje studentane ved avdelinga/høgskulen ei grunnleggjande innsikt i
- sentrale filosofiske problemstillingar
- vitskapelege tenkemåtar
- logikk og argumentasjon
- filosofisk etikk
- grunnlagsspørsmål frå pedagogisk og omsorgsretta arbeid

Siktemålet med studiet er å gje studentane auka studiekompetanse på akademisk nivå. Samstundes skal studiet gje grunnlag for å utvikla ein sjølvstendig refleksjon omkring både allmenne eksistensielle spørsmål, dei utfordringane og oppgåvene samtida og samfunnet byd på, og den rolle eiga utdanning, og det yrket ho siktar mot, medfører.

II. Innhald
Studiet er fordelt på fire disiplinar: filosofi- og vitskapshistorie (6 studiepoeng / 2 vt), vitskapsfilosofi (3 stp/1 vt), språk- og argumentasjonsteori (3 stp/1 vt) og praktisk filosofi (3 stp/1 vt).

1. Filosofi- og vitskapshistorie (6 stp/2 vt)
Studiet skal gje eit oversyn over filosofi- og vitskapshistoria frå oldtida til i dag, med vekt på problemstillingane innanfor metafysikk (røyndomsoppfatning), epistemologi (kunnskapsteori) og praktisk filosofi (etikk og politisk filosofi).
I det historiske oversynet ligg vekta på oldtida og nyare tid frå Descartes av.

Pensum:
Torstein Tollefsen, Henrik Syse og Rune Fritz Nicolaisen, Tenkere og ideer: filosofiens historie fra antikken til vår egen tid (Oslo: Ad notam Gyldendal, 1998), kapittel, 1-5; 7; 9,1-2; 10; 12,1-2; 13; 14,1-5;15,1-2; 16-22;

2. Vitskapsfilosofi (3 Stp/1 vt)
Studiet skal gje eit oversyn over dei grunnleggjande vitskapsfilosofiske problema: dei deduktive og hyptotetisk-deduktive metodane, den logiske empirismen, vitskapsfilosofien til Karl Popper, vitskapsfilosofien til Thomas Kuhn, humaniora og vitskapleg forklaring.

Pensum:
Erik Brown: Vitenskapsfilosofi (Bergen 1995).

3. Språk- og argumentasjonsteori (3 Stp/1 vt)
Studiet skal gje eit oversyn over dei grunnleggjande omgrepa som er sentrale for språkbruk og språkforståing: semantikk, tolking, presisering, definering, og argumentasjon. Det vert lagt vekt på praktisk bruk av det teoretiske lærestoffet i form av konkrete analysar og oppgåveløysing.

Pensum:
Arild Utaker: Språklogikk (Oslo 1991).
 

4. Praktisk filosofi (3 stp/1 vt)
Studiet skal gje ei innføring i allmenn filosofisk etikk, og i nokre grunnleggjande problemstillingar for pedagogisk og omsorgsretta arbeid.

Pensum:
Bjørn Thommesen og Jon Wetlesen: Etisk tenkning. En historisk og systematisk innføring (Oslo 1996). Kap. 7-8, 10-12, 14-15.
Lars Løvlie: "Omsorgsperspektiver", Karen Jensen (red.): Moderne omsorgsbilder (Oslo 1990), s. 33-60.
Hans Skjervheim: "Eit grunnproblem i pedagogisk filosofi", Det liberale dilemma og andre essay (Oslo 1968), s. 31-50.
Nel Noddings: Philosophy of Education (Boulder, Col. 1995), s. 179-197. (norsk omsetjing; Pedagogisk filosofi (Oslo: Ad notam Gyldendal, 1997), s. 209-230. ).

Studiet blir i 2001-2002 gjeve som studium via internett, med leksjonar på internett, diskusjonsforum, oppgåveinnlevering, og kommunikasjon med lærar på E-post, alt i undervisningsprogrammet ClassFronter. Det vil bli undervisningsleksjoner i alle dei fire disiplinane i studiet: filosofi- og vitskapshistorie, vitskapsfilosofi, språklogikk og praktisk filosofi.

I leksjonane er formålet å framstille dei store linjene i lærestoffet og på det viset hjelpe studentane med pensumlesinga.

IV. Eksamen

Det vert ikkje tradisjonell avsluttande skule-eksamen, men opgåveskriving undervegs. Følgjande forkrav og eksamenskrav gjeld:

Arbeidskrav:
Som forkrav til å bli vurdert til eksamen skal studentane være aktive i Forum i ClasFronter, og i løpet av semesteret ha skrive minst 3 faglege innlegg kvar.

Mappevurdering/Eksamen:
I løpet av studet skal studentane skrive ei oppgåve frå 3 av dei 4 modulane. Oppgåvene skal ha ein storleik på minst 2000 ord, og skal leverast i ClasFronter . Koordinator set tidsfristar. To av desse oppgåvene vert trekt ut av instituttet og utgjer grunnlag for karaktersetting.

Karakter
Det vert gjeve bokstavkarakter. Karakterskalaen har seks trinn: frå A til E for bestått og F for ikkje bestått.


Ny ordning frå hausten 2003

Examen Philosophicum (10 stp)

Ved innføring av den nye studiereforma (Kvalitetsreforma) blir opplegget for Examen Philosophicum endra. Opplegget blir nå på 10 studiepoeng, og det blir endel endringar i pensum i høve til det ovanståande. Det følgjande er opplegget frå og med hausten 2003.

Forkrav: Generell studiekompetanse.
Undervisningssemester: Haust/vår

Mål

Emnet skal gi kjennskap til nokre sentrale filosofiske spørsmål, og korleis filosofar har drøfta og svara på desse til ulike tider. Det skal leggjast særleg vekt på kunnskapsteori, vitskapeleg tenkemåte og etikk. Det generelle siktemålet er å utvikla studentens sjølvstendige refleksjon omkring både fagstudium, samfunnsutvikling, eksistensielle spørsmål, og dei utfordringane utdanninga og det framtidige yrket byd på.

Studentane skal tileigne seg kunnskap om sentrale tema og personar i filosofihistoria og få kunnskap om utviklinga av den vitskapelege tenkinga fram til nyare tids vitskapsfilosofiske diskisjon.

Innhald
Fagstoffet er fordelt på to delemne. Det første er på 6 poeng og omfattar filosofi- og vitskapshistorie. Det andre på 4 poeng og gjeld generell vitskapsfilosofi og etikk.

Delemne 1: Filosofi- og vitskapshistorie (6 p)

Delemnet skal gje eit oversyn over filosofi- og vitskapshistoria frå oldtida til i dag, med særleg konsentrasjon om oldtidsfilosofien og nyare tid frå Descartes av. Hovudvekta ligg på kunnskapsteori og utviklinga av den vitskapelege tenkemåten.

Pensumlitteratur:

Tollefsen, T. m. fl. Tenkere og ideer. Filosofiens historie fra antikken til vår egen tid. (Oslo: Ad Notam Gyldendal, 1998), kap. 1-5; 7; 9,1-2; 10; 12,1-2; 13; 14,1-5; 15,1-2;16-17; 18,3; 19; 20,1-4; 21-23.

 
     Delemne 2: Vitskapsfilosofi og etikk (4 p)

Delemnet skal gje eit oversyn over nokre grunnleggjande problem og teoriar i vitskapsfilosofi og moralfilosofi. Hovudvekta ligg på vitskaps- og moralfilosofiske diskusjonstema på 1900-talet.

Pensumlitteratur:

Gilje, N. og H. Grimen. Samfunnsvitenskapenes forutsetninger. Innføring i samfunnsvitenskapenes vitenskapsfilosofi. Oslo:Universitetsforlaget, 1998, kap. 1-7; 9-10.

Johansen. K. E. og A. J.Vetlesen. Innføring i etikk. Oslo:Universitetsforlaget, 2000, kap. 7-12

Organisering og arbeidsmåtar
Emnet blir gitt som studium over internett.  
Undervisninga skjer ved leksjonar på nettet, diskusjonsforum, oppgåveinnlevering, og   kommunikasjon med lærar på E-post.
Det blir utarbeidd detaljert plan/kalender over nettundervisninga, med tidspunkt for utsending av leksjonar, kunnskapstestar og fristar for innlevering av oppgåver.
Vurdering og eksamen
Arbeidskrav: Som forkrav til å bli vurdert til eksamen skal studentane være aktive i Forum i ClasFronter, og i løpet av semesteret ha skrive minst 3 faglege innlegg kvar.

Eksamensvurdering: I løpet av studiet skal studentane skrive 4 oppgåver frå dei to delemna. Oppgåvene skal ha ein storleik på minst 2000 ord, og skal leverast i ClasFronter innan oppgjevne tidsfristar. To av desse oppgåvene blir trekte ut og utgjer grunnlaget for avsluttande vurdering.