World Wide Web Ressurser til studiefaga i Kristendomskunnskap grunnfag.
Ang. Pensum og litteratur, se Studiehandboka.
Bibelfag Fagbeskrivelse: Bibelen er den grunnleggjande kjelda for kristen tru og livstolking i fortid og notid. Bibelfaga, studiet av det gamle og det nye
Testamentet, er slik og fundamentet for dei andre disiplinane i kristendomsfaget. Bibelen er ikkje berre ei bok, men ei heil
samling bøker. Desse har vorte til over lang tid og speglar denne tilkomsthistoria i eit mangfald i innhald og form. Bibelfaga
inneheld såleis både litterære, historiske og teologiske komponentar.
Studiet skal gi grunnleggjande innsikt i Bibelen sine litterære uttrykksformer (genre), i den historia som tekstane viser til og
tolkar, innføring i metodisk tekstarbeid og i teologiske hovudtankar i GT og NT. Bibelfagsstudiet skal slik gi grunnlag for vidare
vitskapeleg studium og for bruken av bibeltekstane i forkynning og undervisning. I grunnfaget vert det lagt stor vekt på
tekststudium, dels gjennom oversynsmessig kjennskap til utvalde tekstbolkar og dels gjennom meir detaljert studium av
enkelttekstar. Det vert gjeve undervisning i delar av pensum gjennom førelesingar, leia seminar og gruppearbeid. Inkludert i
studiet er eit obligatorisk seminar om bibelsyn og bibelgransking.
RomarachThe ROMARCH pages are the original crossroads for Web resources on the art and archaeology of Italy and the
Roman provinces, ca. 1000 BC - AD 700
Web Museum, Famous Paintings exhibition. Bruk navnelista til å finne aktuelle bilder.
Systematikk (dogmatikk og etikk) Fagbeskrivelse:
Dei systematiske disiplinane skal gi ei heilskapeleg samanfatning av dei kristne trus- og moraloppfatningane, med referanse til
og i dialog med samtida. Desse disiplinane representerer det mest integrerande perspektivet i faget. Dei dreg såleis vekslar
både på bibelfaga og på kyrkjehistorie og konfesjonskunnskap.
Synsvinkelen er i hovudsak evangelisk-luthersk. I truslæra er ei jamføring med andre konfesjonar likevel viktig. I etikken skal
ein arbeida både med grunnlagsspørsmål og med ulike aktuelle livsområde.
I dei systematiske disiplinane skal ein også ta opp forholdet til andre religionar og livssyn. Dette knyter desse disiplinane til
religions- og livssynskunnskapen.
Ethics Update"Ethics Updates is designed primarily to be used by ethics instructors and their students. It is intended to provide
updates on current literature, both popular and professional, that relates to ethics."
Homofili, kirke og samfunn; En uttalelse fra lærerrådet ved Det teologiske Menighetsfakultet 08.03.1993.
Kirkehistorie Fagbeskrivelse:
Dette studieemnet skal gi ei historisk forståing både av kyrkja som samfunn og organisasjon, og av kristendommen som
religion og lære. Eit viktig mål er å gi bakgrunn for kritisk refleksjon over kyrkja og kristendommen sin situasjon og rolle i
samtida.
Disiplinen gjer gjeldande både eit indrekyrkjeleg og eit kultur- og samfunnsrelatert perspektiv. På den eine sida skal kyrkja si
eiga utvikling studerast, med vekt på dei ulike tradisjonane og dei skilnader i teologi og lære som har medført strid og
splittingar. Disiplinen inkluderer såleis også både teologihistorie og konfesjonskunnskap. På den andre sida skal kyrkja og
kristendommen si rolle i europeisk og norsk kultur- og samfunnsutvikling studerast. Særleg vekt vert det lagt på møtet med
religiøse og filosofiske tradisjonar i antikken, på reformasjonen, og på dei utfordringane sekularisering og modernitet har stilt
kristendom og kyrkje overfor. Disiplinen føreset difor også eit visst kjennskap til antikk religionshistorie og allmenn
filosofihistorie, og knyter samstundes trådar til religions- og livssynskunnskapen.
Ante-Nicene, Nicene and Post-Nicene Serie.s Her er nedlastbare versjoner av denne berømte serien. Kan hentes i rene .txt filer, i pakkede (.zip-filer), og i .pdf filer (siste trenger Acrobat Reader for å kunne leses. Acrobat Reader kan du hente gratis her.
Religions og livssynsorientering Fagbeskrivelse:
Dette fagemnet skal gje ei allmenn innføring i både levande verdsreligionar og nyare livsperspektiv i Vesten. Fagperspektivet er
difor dels idé- og religionshistorisk og dels religions- og kultursosiologisk.
I religionskunnskapen vert det lagt hovudvekt på jødedom, islam, hinduisme, buddhisme og kinesisk religion, medan
livssynskunnskapen fokuserer på humanisme, naturalisme, politiske ideologiar og nyreligiøse og synkretistiske innslag.
Denne disiplinen skal også gje ein bakgrunn for å forstå kristendommen sin rolle og funksjon i det moderne vestlege
livssynsmangfoldet.
Religionspedagogikk Fagbeskrivelse:
Undervisninga i kristendomskunnskap, andre religionar og livssyn både i skule og kyrkje må sjåast i samanheng med den totale
kulturformidlinga som heimane, lokalmiljøet og mediarøyndommen står for.
Dette fagemnet skal difor gi innsikt i spørsmål knytt til faget Kristendomskunnskap med religions- og livssynskunnskap i skulen
og til dåps-, konfirmasjons- og vaksenopplæringa i kyrkja. Det tek soleis opp spørsmål knytt til oppseding, verdiformidling og
undervisning i skule og kyrkje. Spørsmål som gjeld religiøs og moralsk mogning, vekst og sosialisering, pedagogisk mandat,
målsetjingar og stoffutval i kyrkja og skulen sine læreplanar, og fagdidaktiske problemstillingar knytt både til kristendommen og
andre religionar og livssyn, vil bli fokuserte i arbeide med dette emnet.