|
Protokoll frå møte i Avdelingsstyret 19.12.2000 kl. 13.15-14.25 på Strøm 314 Til stades: Torrey Seland, Kjell-Einar Dagfinrud, Håkon Bø (ref.), Sveinung Dimmen, Alf Roger Djupvik, Klaus Egge, Tor-Johan Ekeland, Birger Inge Jacobsen, Nils Magne Magerøy, Per Magne Aadnanes, ekstern representant Gerd Fløde Bjørlo, studentrepresentant Jannicke Nordbø, Direktør Jan Driveklepp møtte som observatør. Melde forfall: Liz Camilla Malzev Fråverande: Lillian Helene Brusdal Referatet frå førre møte vart godkjent utan merknadar. Merknadar til innkalling og sakliste: Ingen. Orienteringssaker a) Måltalsjustering b) Studier utanfor ramma – 2002 c) Sensoroppnemning SAK 45/00: STUDIEPLAN FOR MODULEN LIVSLØPSPERSPEKTIV I PLANLEGGINGA, 10 VEKTTAL Kontorsjef Kjell-Einar Dagfinrud kom i møtet med følgjande tilleggsframlegg til nytt punkt 2: 2. 2. Avdelingsstyret ber om at dei kommentarar som kom fram i møtet vert innarbeidde i planen, og at denne vert lagt fram for Avdelingsstyret til orientering ved eit seinare høve. Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak: 1. 1. Avdelingsstyret sluttar seg til det faglege innhaldet i ”Studieplan for modulen livsløpsperspektiv i planlegginga, 10 vekttall”. 2. 2. Avdelingsstyret ber om at dei kommentarar som kom fram i møtet vert innarbeidde i planen, og at denne vert lagt fram for Avdelingsstyret til orientering ved eit seinare høve. SAK 46/00: REVISJON AV PLAN FOR KOMMUNALKANDIDATSTUDIET OG PLAN FOR HØGSKULEKANDIDATSTUDIET I SAMFUNNSPLANLEGGING Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak: Avdelingsstyret godkjenner endringane i studieplanane for det 3-årige kommunalkandidatstudiet og i det 2-årige Høgskulekandidatstudiet i Samfunnsplanlegging for studieåret 2000-2001. SAK 47/00: DELEGERING AV MYNDE TIL DEKANUS VED GODKJENNING AV KLIENTPRAKSIS Avdelingsstyret gjorde slikt vedtak med 10 mot 1 røyst: Med basis i § 8,6 i ”Forskrift om prosjekt – og klientpraksis ved sosionom og barnevernsutdanningane ved Høgskulen i Volda” vert mynde til å gjere vedtak i tvilstilfelle om klient-praksisopplæringa skal godkjennast eller ikkje delegert til dekanus. Torrey Seland Kjell-Einar Dagfinrud dekanus kontorsjef
|