Protokoll frå møte i Avdelingsstyret 19.12.2000 kl. 13.15-14.25 på Strøm 314
Til stades: Torrey Seland, Kjell-Einar Dagfinrud, Håkon Bø (ref.), Sveinung Dimmen, Alf Roger Djupvik, Klaus Egge, Tor-Johan Ekeland, Birger Inge Jacobsen, Nils Magne Magerøy, Per Magne Aadnanes, ekstern representant Gerd Fløde Bjørlo, studentrepresentant Jannicke Nordbø,
Direktør Jan Driveklepp møtte som observatør.
Melde forfall: Liz Camilla Malzev
Fråverande: Lillian Helene Brusdal
Referatet frå førre møte vart godkjent utan merknadar.
Merknadar til innkalling og sakliste: Ingen.
Orienteringssaker
a) Måltalsjustering
b) Studier utanfor ramma – 2002
c) Sensoroppnemning
SAK 45/00: STUDIEPLAN FOR MODULEN LIVSLØPSPERSPEKTIV I PLANLEGGINGA, 10 VEKTTAL
Kontorsjef Kjell-Einar Dagfinrud kom i møtet med følgjande tilleggsframlegg til nytt punkt 2:
2. 2. Avdelingsstyret ber om at dei kommentarar som kom fram i møtet vert innarbeidde i planen, og at denne vert lagt fram for Avdelingsstyret til orientering ved eit seinare høve.
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
1. 1. Avdelingsstyret sluttar seg til det faglege innhaldet i ”Studieplan for modulen livsløpsperspektiv i planlegginga, 10 vekttall”.
2. 2. Avdelingsstyret ber om at dei kommentarar som kom fram i møtet vert innarbeidde i planen, og at denne vert lagt fram for Avdelingsstyret til orientering ved eit seinare høve.
SAK 46/00: REVISJON AV PLAN FOR KOMMUNALKANDIDATSTUDIET OG
PLAN FOR HØGSKULEKANDIDATSTUDIET I SAMFUNNSPLANLEGGING
Avdelingsstyret gjorde slikt samrøystes vedtak:
Avdelingsstyret godkjenner endringane i studieplanane for det 3-årige kommunalkandidatstudiet og i det 2-årige Høgskulekandidatstudiet i Samfunnsplanlegging for studieåret 2000-2001.
SAK 47/00: DELEGERING AV MYNDE TIL DEKANUS VED GODKJENNING AV
KLIENTPRAKSIS
Avdelingsstyret gjorde slikt vedtak med 10 mot 1 røyst:
Med basis i § 8,6 i ”Forskrift om prosjekt – og klientpraksis ved sosionom og barnevernsutdanningane ved Høgskulen i Volda” vert mynde til å gjere vedtak i tvilstilfelle om klient-praksisopplæringa skal godkjennast eller ikkje delegert til dekanus.
Torrey Seland Kjell-Einar Dagfinrud
dekanus kontorsjef